Thorhild Widvey (H):
Jeg har følgende
spørsmål til samferdselsministeren:
Riksvegferjesambandet til Utsira har
vært behandlet flere ganger i ulike organ siden 1988 uten at en har kommet
frem til en løsning.
Vil statsråden ta initiativ til en
hurtig løsning?
Statsråd Kjell Opseth:
Utsira fyller
ikkje krava til riksvegsamband etter dei kriteria som ein til no har nytta
med omsyn til folketal. Det går i dag ei lokal passasjer- og godsbåtrute
mellom Utsira og Haugesund med tilskott frå fylkeskommunen.
I 1992 bad Samferdselsdepartementet
Rogaland fylkeskommune om å vurdere nærare situasjonen for ulike
transportbrukarar ved ulike løysingar, og om å opplyse kva fylkeskommunen
vil bidra med ved oppretting av eit eventuelt riksvegferjesamband til
Utsira. Hausten 1993 fremma fylkeskommunen søknad om riksvegsamband
Utsira-Sævelandsvik og forslag til økonomisk ansvarsdeling mellom
fylkeskommune og stat. Sambandet skal, etter søknaden, vere eit kombinert
gods- og biltransportsamband med stopp i Haugesund for levering av gods.
Riksvegferjesambanda er først og
fremst innretta på å dekkje bilbaserte transportløysingar. Ut frå søknaden
som no ligg føre, er det usikkert om ei riksvegferje vil dekkje dei behova
Utsira har. Vurderingar viser t.d. at overgang frå pallefrakt til bilfrakt
vil auke fraktkostnadene for fiskeindustrien og gje dårlegare regularitet.
Før vi kan få ei løysing i saka, må desse forholda vurderast nærare, og ein
må kome fram til ei økonomisk ansvarsdeling mellom stat og fylkeskommune.
Vidare må det skje ei avklaring med omsyn til finansiering av ferjekaier i
Sævelandsvik og i Sørevågen på Utsira.
Saka ligg no til handsaming i
Vegdirektoratet. Eg ventar tilråding frå Vegdirektoratet i saka i løpet av
våren 1994.
Thorhild Widvey (H):
Jeg takker
statsråden for svaret.
Jeg tror det er svært viktig at det
blir tatt en beslutning. Om den så er positiv eller negativ for Utsira,
tror jeg det er viktig at man får avklart dette, for dette er en sak som har
pågått veldig lenge. Og som statsråden sa, er det klart at Utsira som det
lille øysamfunnet det er med få innbyggere, ikke dekker kravet til
riksvegsamband etter de kriterier man tradisjonelt har brukt.
Det er heller ikke uvanlig at man har
gjort unntak fra kriteriene når det gjelder etablering av riksvegsamband i
andre små øysamfunn i dette landet. Hvis statsråden ser det som positivt at
man har muligheter for å få til en kombinasjon her, ser jeg ikke bort fra at
dette kan bli det siste øysamfunnet som har muligheten til å få et
riksvegsamband i framtiden.
Jeg merket meg at statsråden sa han
ville komme tilbake til dette i løpet av våren. Jeg håper denne saken ikke
blir ytterligere utsatt, slik at det er mulig å komme fram til en løsning
for samfunnet.
Statsråd Kjell Opseth:
Det er rett at
Utsira er ein eigen kommune og i dag ikkje har riksvegsamband. Slik sett er
Utsira i ein spesiell situasjon.
Like fullt er det òg slik at det er
Samferdselsdepartementet som nærmast har vore pådrivar for å finne ei
løysing på dette spørsmålet i samarbeid med Rogaland fylkeskommune. Det er
nettopp med bakgrunn i at Utsira er i ein spesiell situasjon at vi er
innstilte på å medverke når det gjeld kostnadene med ferjedrifta på Utsira.
Presidenten: Vi vil så ta for oss
spørsmål 30.