Stortinget - Møte onsdag den 23. februar 1994

Dato: 23.02.1994

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 7

Syver Berge (Sp): Eg stiller følgjande spørsmål til samferdselsministeren:

Jordfondet vart styrkt for å løyse rasjonaliseringstiltak, makeskifte, i samband med flyplassutbygginga på Gardermoen. Eigedomen Herstua, gnr. 144 bnr. 3, i Nannestad er innløyst med middel frå Jordfondet.

Kva framdrift har Luftfartsverket når det gjeld å starte makeskifte for å løyse grunneigarspørsmål i samband med flyplassutbygginga?

Statsråd Kjell Opseth: Det er ikkje rett at Jordfondet er spesielt styrkt for å løyse rasjonaliseringstiltak, makeskifte, i samband med flyplassutbygginga på Gardermoen. Landbruksdepartementet har likevel gjeve fylkesmannen i Akershus si landbruksavdeling fullmakt til å disponere/forskottere ein øyremerkt sum frå fondet til dette føremålet.

Luftfartsverket vil prøve å etterkome grunneigarane sine ynske om å nytte makeskifte som erstatningsform i samband med flyplassutbygginga på Gardermoen. Føresetnadene er likevel at denne ordninga ikkje fører med seg auka kostnader eller forseinkar flyplassutbygginga.

Makeskifte går inn som ein del av forhandlingane med eigarane av landbrukseigedom. Desse forhandlingane er starta, men har til no ikkje vorte retta mot den einskilde eigedomen. Årsaka er at det til no har vore arbeidd med å skaffe makeskifteareal og å få oversikt over det samla behovet for slike.

Forhandlingane med eigarane av landbrukseigedom vil bli intensiverte utover våren og sommaren med sikte på fullføring i løpet av hausten i år.

Syver Berge (Sp): Eg takkar for svaret, som ikkje gav direkte svar på det eg spurde om. Grunnen til at eg stiller dette spørsmålet, er at grunneigarane som er ramma ved Gardermoen-utbygginga, føler stor uvisse, og særleg dei som mister heile eigedomen sin. Kva vil skje framover? Det er lagt til rette for makeskifte, og det er rett at det i brev frå Landbruksdepartementet til alle landbruksavdelingar og fylkesmannsembete datofesta 7. september 1993 vart gjort klart at for å løyse rasjonaliseringstiltak i samband med Gardermoen-utbygginga har departementet bestemt at Akershus skal prioriterast når det gjeld jordfondmidlar.

Det grunneigarane er redde for, er at ein no ikkje følgjer opp frå staten si side. Ein kjem i tidsnaud, og resultatet blir ei utløysing av eigedomar i reine skillingskrav. Meiner statsråden det er ugrunna frykt frå grunneigarane for at det frå Luftfartsverket blir spekulert i eit taktisk opplegg der ein kjem i tidsnaud?

Statsråd Kjell Opseth: Eg kan forsikre representanten Syver Berge om at det ikkje er nokon spekulasjonar frå Luftfartsverket i å forseinke dette arbeidet for å løyse grunneigarane ut med reine kroner.

Luftfartsverket går til liks med departementet og tydelegvis Syver Berge inn for at vi skal få til eit makeskifte, men vi er i prosessen, slik at det ikkje er blitt reelle forhandlingar, og det er eit problem å skaffe areal som ein kan tilby i eit slikt makeskifte.

Syver Berge (Sp): Eg takkar for positivt svar frå statsråden.

Staten har ein del eigedomar i området. Det er frå landbruksavdelingar hos fylkesmennene i Oslo og Akershus vorte anbefalt makeskifte med arealet til Ullensakers kapellangard, som er på ca. 1400 daa. Dette er areal som i hovudsak vil dekkje det behovet det er for areal til makeskifte i samband med Gardermoen-utbygginga.

Kva vil bli gjort frå statsråden si side for å få i gang forhandlingar med tanke på å få løyst jordspørsmålet der staten sine areal blir trekte inn i makeskiftet? Arealet er der dersom staten går inn med sine areal, som i dette høvet skulle vere ein sjølvsagd ting.

Statsråd Kjell Opseth: Der er ein dialog mellom Samferdselsdepartementet og Kultur- og vitenskapsdepartementet om å nytte den nemnde prestegardsjorda som eit objekt i makeskifte med dei grunneigarane som no må utløysast.