Stortinget - Møte onsdag den 27. mars 1996

Dato: 27.03.1996

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 27

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Eg skal få stilla fylgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

Stortinget har vedteke at elevar som vel studieretning idrettsfag skal sikrast høve til å kunna nytta inntil 13 valfagtimar over to år til andre fag enn idrettsfag. Dei skulane dette gjeld, opplever at Regjeringa ikkje har tilrettelagt godt nok for oppfylging.

Kva vil statsråden føreta seg for å retta på dette?

Statsråd Reidar Sandal: Eg vil først seie at eg meiner Regjeringa har lagt forholda godt til rette for å gje elevane eit godt tilbod innanfor idrettsfag. Det er oppretta eiga studieretning, med ei fleksibel timefordeling som gjer at elevane kan velje 13 timar idrettsfag eller fag frå andre studieretningar. Læreplanane opnar òg for at elevane kan fordjupe seg i ulike idrettsgreiner.

Eg forstår elles spørsmålet frå representanten Meltveit Kleppa slik at det særleg handlar om at elevane i studieretning for idrettsfag ikkje får tilleggspoeng for fagleg fordjuping i fag frå allmenn, økonomisk og administrativ studieretning når valfagtimane blir nytta til desse faga.

Eg finn grunn til å minne om vedtaket i Stortinget den 12. juni 1995, der det heiter:

Stortinget ber Regjeringen endre fag og timefordeling innen studieretning Idrettsfag, videregående kurs I (VK I) og vidergående kurs II (VK II), slik at elevene sikres muligheten til å kunne benytte inntil 13 valgfagtimer over to år til andre fag enn idrettsfag.

I debatten før vedtaket sa statsråd Hernes m.a. følgjande:

Det er nødvendig å presisere - noe jeg også tolker som flertallets forståelse - at dagens vedtak ikke har noen innvirkning på de fastsatte reglene for å få tilleggspoeng til høyere utdanning. I likhet med studieretning for musikk, dans og drama gis det tilleggspoeng for fordypning i studieretningsfag i allmenne, økonomiske og administrative fag når disse fagene tas utover de ordinære 35 timene pr. uke over tre år.

Det er òg grunn til å minne om at tilleggspoeng for fagleg fordjuping er innført som ei form for kompensasjon for elevane i tidlegare studieretning for allmenne fag som vel « tung » fordjuping i tillegg til dei obligatoriske krava for å få vitnemål i denne studieretninga. Tilleggspoeng for fagleg fordjuping blei opphavleg foreslått av Blegen-utvalet, som slo fast at elevane på studieretning for allmenne fag ikkje valde full fordjuping fordi dei kunne risikere å få ein dårlegare karakter.

I Reform 94 er det berre elevane i studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag som kan få tilleggspoeng for fagleg fordjuping, såkalla kompensasjonspoeng. Det er berre i denne studieretninga, der elevane m.a. må lese 60-64 veketimar felles allmenne fag og eit studieretningsfag over to år, at dette gjev grunnlag for desse tilleggspoenga. Det er gjort greie for dette i Rundskriv F-35/95, dagsett 10. mars 1995.

Eg vil òg nemne at statsråd Gudmund Hernes på eit spørsmål frå representanten Unn Aarrestad i spørjetimen 10. mai 1995 stadfesta at departementet held fast ved at det berre er søkjarar med treårig utdanning frå studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag som får høve til å oppnå tilleggspoeng for fagleg fordjuping innanfor ramma av ei ordinær treårig utdanning.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Mi meining med dette spørsmålet var å gje statsråden høve til å rydda opp på eit felt der eg veit at både elevar og personell på fleire vidaregåande skuler er frustrerte. Det er usemje mellom stortingsfleirtalet og Arbeidarpartiet om idrettsfagleg studieretning. Sjølv om Arbeidarpartiet ikkje ville ha dette grunnkurset, og heller ikkje var begeistra for den presiseringa som dei andre partia gjorde i juni 1995 i forhold til det å skaffa seg tilleggspoeng, meiner eg at det er grunn til å undrast over at departementet ikkje har fylgt opp intensjonane bak det vedtaket som vart gjort i juni. Det er tankevekkjande at statsråden i dag siterer statsråd Hernes ved avslutninga av debatten i juni, men ikkje seier noko om det som fleirtalet la vekt på. Eg må spørja: Kva grunn hadde stortingsfleirtalet for å ta opp denne saka viss det ikkje var nettopp for å gje tilleggspoeng òg til elevar på idrettsfag?

Statsråd Reidar Sandal: Eg har gjort greie for korleis denne saka står no og har gjeve eit kortare historisk tilbakeblikk. Eg vil då få lov å minne om at etter Reform 94, som er den gjeldande strukturen for vidaregåande opplæring, er det berre elevane i studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag som kan få tilleggspoeng for fagleg fordjuping. Eg har òg vist til den avgjerda som departementet held seg til, og som det er orientert om i eit eige rundskriv om saka. Eg vil derfor seie at den meir grunnleggjande kritikken som representanten Meltveit Kleppa legg opp til, synest eg ikkje er utprega treffande.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Statsråden har erfaring frå vidaregåande skule, og han veit noko om dei tankar og problemstillingar som ligg i botnen for elevane sine val. Han veit òg korleis evner, anlegg og interesser skal kombinerast med eit val som gjev kompetanse for livet etter vidaregåande.

Når forslaget om høve til 13 timar valfag vart drøfta i juni, vart det nettopp lagt vekt på at elevane på idrettsfag skulle få ei moglegheit til ikkje å velja minste motstands veg, det skulle gjevast høve til fordjuping òg innan allmennfag. Eg må spørja: Meiner statsråden det er rett at elevar som vel allmennfagleg studieretning, skal ha fortrinn, f.eks. ved opptak når det gjeld grunnfag i idrettsfag eller til Idrettshøgskolen, framfor dei som har idrettsfagleg studieretning? Det er faktisk eit slik system han no forsvarar. Eg vil appellera til statsråden ein gong til om å gå gjennom debatten frå juni og rydda opp på dette feltet, og ikkje berre halda seg til det statsråden sa, men òg til det som dei andre partia sa - og til vedtaket.

Statsråd Reidar Sandal: Det er riktig som representanten Meltveit Kleppa peikte på, at eg har erfaring frå vidaregåande skule, til dels monaleg erfaring frå det skuleslaget.

Eg er òg oppteken av at vi må ta omsyn til grunngjevinga for at denne ordninga med tilleggspoeng blei innført, og det var sjølvsagt først og fremst at ein skulle motverke eit system som gjorde at dei som tok dei mest krevjande faga og dei fagkombinasjonane som kvalifiserte aller best for eit akademisk studium, ikkje skulle bli straffa gjennom at det blei vanskeleg å oppnå gode karakterar i fag på grunn av stort arbeidspress og stor vanskegrad. Det er desse prinsippa og desse resonnementa eg har gjort greie for, og som er bakgrunnen for den måten departementet har handtert saka på.