Stortinget - Møte onsdag den 27. mars 1996

Dato: 27.03.1996

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 28

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Eg skal få stilla fylgjande spørsmål til kyrkje-, utdanings- og forskingsministeren:

Ifylgje oppslag i Stavanger Aftenblad 21. mars 1996 vert ordninga med fordjupingspoeng praktisert ulikt mellom universitet og høgskular.

Kva vil statsråden gjera med dette?

Statsråd Reidar Sandal: Etter ny lov om universitet og høgskular som tok til å gjelde den 1. januar 1996, fastset departementet reglar om opptak og rangering av søkjarane. Etter den tidlegare universitetslova fastsette universiteta og dei vitskapelege høgskulane desse reglane sjølve, medan departementet fastsette reglar for dei statlege høgskulane. Som ei overgangsordning for opptak til studieåret 1996-97 har departementet gjeve universiteta og dei vitskaplege høgskulane heimel til å bruke dei reglane som dei sjølve hadde fastsett, og som galdt for studieåret 1995-96.

Dei reglane for tilleggspoeng for fagleg fordjuping som no gjeld, blei fastsette av departementet for dei statlege høgskulane i desember 1993. Samstundes gjekk det brev til universiteta og dei vitskaplege høgskulane der dei blei oppmoda om å harmonisere regelverka sine i tråd med dei reglane som galdt i høgskulesektoren. Etter det eg kjenner til, har universiteta og dei vitskaplege høgskulane følgt denne oppmodinga.

Frå Universitetet i Oslo har eg fått opplyst at dei brukar dei reglane for fordjupingspoeng som er fastsette for dei statlege høgskulane, når dei skal gje tilleggspoeng for fagleg fordjuping. Søkjarar som har vitnemål frå den såkalla Woll-modellen, får tilleggspoeng etter reglane som gjeld for studieretning for handels- og kontorfag. Eg har såleis fått andre opplysningar frå Universitetet i Oslo enn dei som Stavanger Aftenblad har gjeve i oppslaget om denne saka.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Rektor ved Sola vidaregåande skule seier etter det Stavanger Aftenblad skriv den 21. mars 1996, at dei har « sprengfulle permer med brev fram og tilbake » om dette temaet - og det gjeld altså ei lita elevgruppe som var med på eit forsøk, det såkalla Woll-forsøket, forut for Reform 94. Elevane gjekk på handel og kontor, som var slått saman med allmennfag. Dei tok fordjuping i fransk, samfunnsfag eller sosialøkonomi. Dei gjekk i same klasse som allmennfagelevane. Dei tok den same eksamenen. Og dei opplever altså etterpå at høgskulesystemet ikkje gjev desse handel og kontorelevane tilleggspoeng på line med deira medelevar på allmennfaglina. Så gjev altså Universitetet i Oslo fordjupingspoeng, blir det sagt, og dei elevane som no vel økonomi og administrasjon, får desse tilleggspoenga. Eg ser at det her er ulike opplysningar ute og går, men eg håpar at desse elevane kan få rydda opp i si sak, for dei har erfaringar som ikkje samsvarar med det statsråden her seier.

Statsråd Reidar Sandal: Eg har òg lese det avisoppslaget som representanten Meltveit Kleppa viste til, og har henta inn opplysningar frå Universitetet i Oslo, slik som eg viste til i hovudsvaret mitt. Konklusjonen er at Universitetet i Oslo sit inne med andre opplysningar enn dei det blei vist til i oppslaget i Stavanger Aftenblad. Det er opplysningane frå Universitetet eg må basere meg på.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Dette eine minuttet vi har til disposisjon her, går veldig fort.

Eg vil presisera noko som eg sa i førre innlegget: Dei elevane som gjekk i lag med allmennfagelevane, opplever i høgskulesystemet ikkje å få tilleggspoeng. Elevar som i dag vel den same studieretninga, altså økonomi og administrasjon, som kom i staden for handel og kontor, får fordjupingspoeng. Det synest, utan omsyn til kva opplysningar Universitetet i Oslo gjev, som at det her er ei lita gruppe som kjenner seg urettferdig behandla fordi dei gjekk nokre visse år på skule etter eit visst forsøk og tok den same utdaninga og fordjupinga som allmennfagelevar - utan å få tilleggspoeng. Eg synest det er pinleg at det ikkje blir rydda opp i dette. Er det noko vi kan kalle for ei fillesak, må det vere ei sak som denne, og eg vil be statsråden syta for at desse elevane blir behandla rettferdig.

Statsråd Reidar Sandal: No er det slik at representanten Meltveit Kleppa i sine tilleggsspørsmål tek opp eit konkret tilfelle som ikkje er utgangspunkt for det spørsmålet som er stilt i spørjetimen. Eg synest ikkje det er tid og stad for å gå inn i ei konkret saksbehandling frå Stortinget sin talarstol. Men det er sjølvsagt slik at dersom ein får seg førelagt konkrete synspunkt og dokumentasjon i ei sak, vil departementet behandle det på ein seriøs måte. Men noko signal om kva konklusjonen blir etter ein slik spurnad, kan eg sjølvsagt ikkje gje på bakgrunn av dei tilleggsspørsmåla som representanten Magnhild Meltveit Kleppa har stilt.