Stortinget - Møte onsdag den 17. april 1996

Dato: 17.04.1996

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 11

Hallgrim Berg (H): Eg vil gjerne få stilla følgjande spørsmål til samferdselsministeren:

På ein pressekonferanse i Bergen den 8. mars 1996 signaliserte statsråd Opseth at så snart Lærdalstunnelen opnar, bør det vurderast å stengje Rv 7 over Hardangervidda og Rv 50 Aurland - Hol på vinterstid.

Meiner statsråden dette på alvor?

Statsråd Kjell Opseth: Kostnadene ved brøyting av fjellovergangane aust-vest er omtalte i St.meld.nr.53 (1990-1991), Stamveg Bergen - Oslo. Om strekninga Aurland - Hol står det:

Departementet vil i god tid før Aurland - Lærdal blir opna ta opp spørsmålet om vinterbrøyting av Aurland - Hol.

Spørsmålet om vinterbrøyting av vegen over Hardangervidda var oppe i samband med handsaminga av St.prp.nr.1 (1995-1996) frå Samferdselsdepartementet. Spørsmålet om brøyting av fjellovergangane er såleis ikkje av ny dato.

I Bergen den 8. mars i år uttalte eg m.a. at vi må sjå på i kva grad vi skal brøyte fleire samband aust-vest når heilårsvegen over Lærdal står ferdig.

Denne utsegna byggjer på at det blir fem meir eller mindre vintersikre samband mellom Bergen og Oslo. Samstundes er løyvingane til vedlikehald avgrensa og må nyttast best mogleg.

Vi må difor kontinuerleg vurdere kostnadene opp mot nytten av å halde alle sambanda opne om vinteren. Siktemålet er sjølvsagt heile tida å sikre god framkomst i alle delar av landet, samstundes som vi tek omsyn til miljø og trafikktryggleik.

Hallgrim Berg (H): Eg takkar statsråden for svaret.

Eg går ut frå at når statsråden seier han vil ta omsyn til god framkomst i alle delar av landet, så legg han vel vekt på dei stadene der det er mest trafikk. No kjem trafikktellingane for 1995, som viser at det er svært få som følgjer den stamvegruta som statsråd Opseth fekk fleirtal for i Stortinget, Valdres - Fillefjell - Lærdal. Dersom vegen Aurland - Hol og vegen over Hardangervidda skulle bli stengde - når det er mykje større trafikk der og me veit kva desse vegane har å seia for folk i øvre Buskerud, og ut frå det faktum at øvre Buskerud er det tettast utvikla reiselivsområdet og eit satsingsområde, vedteke av Stortinget - korleis vil statsråden vurdere det? I øvre Buskerud blir jo dette oppfatta som ei rein krigserklæring mot reiselivsnæringa og folket i desse bygdene.

Statsråd Kjell Opseth: Eg har høyrt andre enn representanten Berg som har trekt fram trafikkteljingane for 1995 og samanlikna trafikken gjennom Hallingdal mot trafikken på Europaveg 16 gjennom Valdres. Det er berre det at det blir ikkje ei korrekt samanlikning, all den tid Europaveg 16 ikkje er ein ferdig veg før tunnelen mellom Aurland og Lærdal står ferdig.

Så har eg i mitt svar sagt at vi kontinuerleg må vurdere kva for ein fjellovergang me skal halde vinteropen. Det er eg nokså sikker på at vi må gjere, all den tid det er avgrensa ressursar, og det er relativt mange fjellovergangar som er særdeles usikre vinterstid.

Hallgrim Berg(H): Svaret frå statsråden uroar meg i grunnen meir og meir. No seier til og med folk som er store transportørar i Sogn og Fjordane, at dei ikkje har tenkt å køyre over Fillefjell verken no eller seinare, fordi den kortaste og beste vegen går frå Borlaug over Hemsedal til Gol og ned Rv 7 mot Hønefoss. Dersom dette er riktig, vil statsråden då førebu den auka trafikken når tunnelen er open, ved å setje i verk nødvendige tiltak og gjere investeringar i Hemsedal nedover Rv 7 og få det lønsame prosjektet Ørgenvika - Sokna gjennomført fortast mogeleg, for å kunne utvikle dette sambandet som er den stuttaste vegen mellom aust og vest, og som er kostnadssparande for næringsliv og publikum, slik at me får ein best mogeleg samfunnsøkonomi ut av dei avgrensa midlane som statsråden sa at han alltid måtte ta omsyn til?

Presidenten:Etter det presidenten nå kunne forstå på geografien, beveget Hallgrim Berg seg et stykke utenfor den geografien han har stilt det første spørsmålet angående, så det er naturligvis opp til samferdselsministeren hvor langt han kan besvare det spørsmålet.

Hallgrim Berg (H): (frå salen): Det gjeld same fylket og same veg.

Statsråd Kjell Opseth: Eg vil berre få gi uttrykk for at det ikkje alltid er slik at transportørane vel den kortaste ruta. Det er faktisk slik at stigningsforhold, dvs. kostnader og tid, kan bli vel så viktig som lengde. Difor er det ikkje gitt å kunne seie i dag kva for ein veg transportørane vil ta når Europaveg 16 står ferdig.

Når det gjeld spørsmålet om bruk av midlar på riksvegane i Hallingdal, er det slik at det nye styringssystemet for Statens vegvesen legg opp til at fylkeskommunane skal ha større innverknad på korleis riksvegmidlane blir brukte. Prioriteringane i den samanhengen ligg då i større grad enn tidlegare i fylkeskommunen.