Stortinget - Møte onsdag den 27. november 1996

Dato: 27.11.1996

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 18

Unn Aarrestad (Sp): « 26. oktober 1995 vedtok Stortinget å be Regjeringa leggja fram ei stortingsmelding « om eiersituasjonen i norsk næringsliv, betydningen av nasjonalt eierskap og strategier for å sikre norsk eierskap ».

Når kjem denne meldinga til Stortinget? »

Statsråd Grete Knudsen: Meldingen kommer i vårsesjonen 1997.

Unn Aarrestad (Sp): Takk for svaret og for at meldinga no skal koma til våren.

Det er nå snart to år sidan ei stortingsmelding om norsk eigarskap vart etterlyst, fyrste gongen etter forslag oversendt Regjeringa i desember 1994. Me høyrde då ikkje meir. Seinare vart dette teke opp i spørjetimen med svar om at ein ville trenga lengre tid til utgreiing. For eit år sidan vart det fatta vedtak i Stortinget om at me skulle ha denne meldinga.

Dette spørsmålet opptek mange. Me veit at sentrale aktørar i næringslivet, som NHO og LO, har streka under kor viktig det er å halda oppe dette med norsk eigarskap. I fjor sommar sa også dåverande finansminister Johnsen frå om at han var uroa over at utanlandsk eigarskap nå var på frammarsj på kostnad av norske eigarar i næringslivet. Då lova han å koma med tiltak.

Nå tykkjer eg det er viktig å få veta heilt konkret: Når på våren kjem meldinga til Stortinget, slik at dette Stortinget skal få god tid til å behandla den?

Statsråd Grete Knudsen: Det er helt riktig som representanten Aarrestad understreker, at det er viktig å få en debatt og få lagt strategier for norsk eierskap. Jeg vil videreutvikle det som Unn Aarrestad understreket: Det hun sa gjelder norsk eierskap i Norge, men det gjelder også hvordan norsk eierskap skal forvaltes i en stadig mer internasjonal virkelighet som vi opplever. Jeg kan ikke her si dag og tid for meldingen - jeg synes det ville være helt urimelig.

Unn Aarrestad (Sp): Spørsmålet om nasjonalt eigarskap er viktigare for oss i Noreg enn for dei fleste andre land. Me er meir utsette for oppkjøp og utflagging av grunnar me ikkje kan gjera noko med, det har å gjera med geografi og den vesle heimemarknaden vår. Derfor må verkemidla vera sterkare og meir målretta i Noreg enn i andre land. Det er eigentleg berre aksjonærane som vinn på at den eine kjernebedrifta etter den andre forsvinn i internasjonale fusjonsbølgjer. Me veit at me ligg på europatoppen når det gjeld utanlandsk eigarskap, som stadig forsterkar seg.

Kva er det eigentleg som gjer at det er så vanskeleg å få fram denne stortingsmeldinga? Kvifor er ho ikkje komen før? Ein veit at Arbeidarpartiet nok var imot vedtaket som vart gjort i fjor, men er det dette som er bakgrunnen for at det er så vanskeleg å finna strategiar for å sikra norsk eigarskap?

Statsråd Grete Knudsen: Nå vet jeg egentlig ikke hvilket spørsmål representanten Aarrestad stilte denne gangen. Det som er Aarrestads hovedspørsmål, er når meldingen om eierskapet vil komme. Det har jeg svart på i mitt første svar - den vil komme i vårsesjonen.

Men når Unn Aarrestad begrenser dette til å dreie seg om hva vi i Norge måtte ha av rasjonelt eierskap, er det for snevert ut fra den virkeligheten vi lever i. Vi må også diskutere vår egen medvirkning, både innenfor og utenfor landets grenser, med de ressursene som Norge som samfunn besitter, inklusiv våre naturressurser.