Stortinget - Møte onsdag den 27. november 1996

Dato: 27.11.1996

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 27

Jørgen Holte (Sp): Eg vil stille fylgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

I læreplanverket for den 10-årige grunnskulen vert det vist til eit eige rundskriv frå departementet når det gjeld fordelinga av timetal på kvart årstrinn. Vi er kjende med at kommunar ikkje har mottatt dette rundskrivet enno.

Vil statsråden sette fortgang i denne saken slik at kommunane får komme videre i planleggingsarbeidet?

Statsråd Reidar Sandal: Fag- og timefordelinga for hovudtrinna i den 10-årige grunnskulen er lagd inn i det trykte læreplanverket som er sendt kommunar, skular og andre aktuelle instansar.

Når det gjeld timetalet på kvart årssteg, viser planen til eige rundskriv frå departementet. Dette rundskrivet er under utsending til kommunane.

Jørgen Holte (Sp): Eg takkar for svaret frå statsråden. Det er eit stort behov for at dette som er under arbeid, no blir sluttført rimeleg fort. Eg er kjend med at det i delar av planverktøyet som er utsendt, er gitt signal om at rundskrivet vil komme. Når ein har annonsert det lenge, blir det spekulasjonar om ei reform som både vi i Senterpartiet og statsråden sjølv har ein viss eigedomsrett til, og som vi føler må få ein heilt annan goodwill enn ein no er i ferd med å legge til rette for. Det er mange gode grunnar for at kommunane no bør få det, helst i går, og det har å gjere med at både kommunane og den enkelte skulen no planlegg neste skuleår. Det ligg ting i St.meld.nr.15 (1995-1996), som la grunnlaget for det læreplanverket som vi er kjende med, og det er mange ting der som tilseier at vi no må få ei avklaring. Det går på fordeling av timar innanfor småskuletrinnet, osv. Kan statsråden gi eit klarare signal om tempoet?

Statsråd Reidar Sandal: Det nye store, flotte og inspirerande læreplanverket er nyleg sendt ut frå departementet til alle det vedkjem - først og fremst dei som skal bruke det i si pedagogiske verksemd. Rundskrivet som representanten Holte etterlyste, er under utsending. Eg trudde faktisk at med eit så klart og positivt svar ville representanten Holte vere tilfreds, og at saka dermed var løyst. Dette rundskrivet er politisk klarert - det er den tekniske gjennomføringa og utsendinga det no dreier seg om. Det er svært få dagar - svært få dagar - til rundskrivet er komme ut. Det er under utsending!

Jørgen Holte (Sp): Eg takkar for svaret og er glad for at statsråden her seier at dette rundskrivet er under utsending og vil vere i kommunane og ved den enkelte skule - der det skal vere - om få dagar. Det dreier seg kort og godt om om den posttenesta som vi har vedtatt i Stortinget, fungerer slik at dette rundskrivet kjem fram til dei som skal ha det, rimeleg raskt. Eg er tilfreds med den siste presiseringa, og eg vil gjerne føye til at dette spørsmålet hadde ikkje blitt stilt dersom vi ikkje hadde ein underbygd mistanke om at det har lege ein politisk uavklart situasjon rundt denne saka.

Statsråd Reidar Sandal: Situasjonen og svaret skulle eigentleg ikkje tilseie noka nærare utdjuping frå mi side. Men eg vil få lov å peike på som ei faktisk konstatering at sjølv med det reformtempoet og med den breidda vi har i reformarbeidet innanfor utdanningssektoren samla sett i dette landet, må vi få høve til å handtere sakene skikkeleg og førebu dei godt nok. No er vi à jour både med læreplanverket og med dette rundskrivet, nesten eitt år før den nye læreplanen og den nye grunnskulereforma skal takast i bruk. Det er få eksempel på at ein har førebudd eit reformarbeid så godt og er i så god rute som vi snakkar om i dette tilfellet. Det er eg svært tilfreds med, og eg er faktisk stolt over at vi er komne så pass langt så tidleg.