Stortinget - Møte onsdag den 14. januar 1998

Dato: 14.01.1998

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 16

Marit Nybakk (A): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

Skolesjefen i Oslo foreslår å ikke opprette nye 1. klasser i teknisk fagskole høsten 1998.

Hvor langt er statsråden kommet i arbeidet med å lovhjemle teknisk fagskoles plass i utdanningssystemet?

Statsråd Jon Lilletun: Innleiingsvis vil eg peike på at eg ser stor verdi i å ha teknisk fagskule. For mange som har vore i yrkeslivet, er teknisk fagskule viktig - det er vegen å gå mot leiaransvar. Det kan òg nemnast at den maritime næringa ser stor verdi i å ha maritime fag for å skaffe arbeidskraft til flåten. Eg må likevel slå fast at ut frå lovgjevinga i dag har ikkje departementet heimel til å påleggje fylkeskommunane korkje å opprette eller å halde ved lag tilbod innafor teknisk fagskule. Eg føreset då at fylkeskommunane tilfredsstiller krava i omfangsforskrifta om 375 % faktiske elev- og lærlingplassar av eit gjennomsnittleg årskull.

Læreplanane for teknisk fagskule er under arbeid, og dei fleste er sende ut på høyring til dei instansane det gjeld. Eg reknar med at departementet kan fastsetje læreplanane i løpet av våren og sommaren 1998. Det er berre læreplanane for maritime fag og fiskerifag ein skal ta i bruk frå og med hausten 1998. Dei andre læreplanane blir innførte frå og med hausten 1999. Departementet sitt ansvar er å utvikle og fastsetje læreplanar for den tilbodsstrukturen som er vedteken for teknisk fagskule. Fylkeskommunen har ansvar for å vurdere kva for tilbod som skal verte gjevne i fylket.

Teknisk fagskule er ein del av fylkeskommunen sitt samla tilbod om vidaregåande opplæring, og inngår dermed i fylkeskommunane sitt omfang. Dette gjaldt også før Reform 94.

Eg har for tida under vurdering spørsmålet om, og i tilfelle kvar, teknisk fagskule skal lovheimlast i framtida. Eg reknar med å komme tilbake til spørsmålet i samband med den meldinga vi har varsla om etter- og vidareutdanning.

Marit Nybakk (A): Jeg vil takke statsråden for svaret og gi uttrykk for følgende: Selv om teknisk fagskole i dag er en del av det samlede tilbudet om videregående opplæring og omfattes av omfangsforskriften, er vel teknisk fagskole på mange måter en utdanning utover videregående skole. Teknisk fagskole utdanner mellomledere og teknikere til næringslivet og er faktisk i dag eneste skoleslag for fagarbeidere til å få seg videre- og etterutdanning. Og det bør jo legges til at kandidatene er veldig etterspurt av næringslivet. Det vil også bli en skole som blir helt avgjørende for etter- og videreutdanningsreformen innen fagutdanning, noe også statsråden bekrefter når han sier at han vil komme tilbake til dette i forbindelse med etter- og videreutdanningsreformen. Jeg vil da minne om at kirke-, utdannings- og forskningskomiteen i fjor var enig om at dette skoleslaget burde lovhjemles i et segment mellom videregående og høyere utdanning. Og jeg vil spørre, siden det jo er statlig sendrektighet som gjør at det nå er slik at Oslo kommune her kan gjøre hva de vil, om statsråden vil ta kontakt med Oslo kommune for å hindre at disse klassene blir nedlagt.

Statsråd Jon Lilletun: Eg deler representanten Nybakks syn på behovet for og funksjonen som teknisk fagskule skal ha.

Det viser seg at når ein vedtek nye reformer og nye strukturar, er det ikkje alltid at ting passar heilt greitt inn. Opphavleg hadde vel tidlegare politisk leiing tenkt at ein ikkje skulle ha teknisk fagskule inn i denne strukturen etter at ein gjennomførte Reform 94. Som representanten Nybakk sa, vart ein etter kvart einig om at ein skulle det, at det var behov, og at det må lovfestast. Det arbeidet er det naturleg å sjå i tilknyting til reforma. Men eg vil seie det så sterkt at eg er forundra over at Oslo kommune går til det dei vil gjere, ut frå at eit samla næringsliv og partane i arbeidslivet seier at dei treng desse plassane. Men eg kan ikkje på eigen kjøl ut frå lovgjevinga no ta kontakt for å komme med påbod i forhold til noko som kommunen sjølv har styring over.

Marit Nybakk (A): Det kan kanskje sies at statsråd Lilletun har et personlig ansvar i denne saken, siden han var medvirkende til at opplæringsloven ble utsatt i Stortinget i fjor vår, for øvrig mot Arbeiderpartiets stemmer.

Jeg vil legge til at i Oslo-regionen har LO i Oslo, LOs distriktskontor for Oslo og Akershus, NHO Oslo og Akershus samt flere LO-forbund nå kastet seg rundt og er i kontakt med Oslo kommune for å hindre nedleggelsen ved teknisk fagskole, som særlig rammer Sofienberg tekniske fagskole og Oslo Maritime Skole. Jeg vil understreke at for næringsutviklingen i denne regionen vil den tekniske fagskole være helt avgjørende. (Presidenten klubber.) Jeg vil i hvert fall be statsråden om å komme med så klare politiske signaler at Oslo kommune v/byrådet og Skolesjefens kontor erkjenner at de ikke på det nåværende tidspunkt kan legge ned disse klassene fordi det vil komme en lovhjemling, og fordi det er læreplaner under utarbeidelse.

Presidenten: Presidenten må be om at ein respekterer taletida.

Statsråd Jon Lilletun: Statsråden skal ta medansvar for at opplæringslova vart utsett, men frå departementet under den dåverande politiske leiinga låg det ikkje noko forslag som ville løyst den situasjonen som representanten Nybakk tek opp i dag. Eg vil igjen streke under at teknisk fagskule er ein viktig skule, og eg vil sjå det som uklokt, ut frå signala frå partane i arbeidslivet og mange enkeltbedrifter i regionen, at desse plassane vert nedlagde medan ein held på å arbeide både med læreplanane og med lovheimlinga. Samstundes har denne statsråden respekt for den fordelinga som er etter dei lovene som eksisterer i dag, men politisk sett har eg gjeve uttrykk for kva eg ville ønskje at Oslo kommune skulle gjere som vedtak.