Stortinget - Møte onsdag den 14. januar 1998

Dato: 14.01.1998

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 18

Øystein Hedstrøm (Frp): Jeg har følgende spørsmål til vår ærede sosialminister:

Kronikere kan ytes bidrag til fysikalsk behandling i utlandet som deltaker i organisert helsereise og der behandling gis av fysioterapeut med norsk autorisasjon ved norsk institusjon. Behandlingstrengende som ellers tilfredsstiller kravene til bidrag, men ikke deltar i organisert helsereise, får ikke dette bidraget, selv om behandlingen foretas på godkjent sted.

Vil statsråden finne en ordning hvor bidrag kan gis uavhengig av bosted?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Folketrygda betaler som hovudregel ikkje for behandlinga når ein person reiser til utlandet for å få behandling. Nordmenn som blir sjuke og treng medisinsk behandling under opphald i utlandet, f.eks under arbeid, studium eller ferie, kjem inn under særskilde reglar i folketrygdlova eller trygdeavtalar om slike finst, f.eks EØS-avtalen, den nordiske trygdekonvensjonen eller bilaterale trygdeavtalar.

Ordninga med bidrag frå folketrygda til fysikalsk behandling for deltakarar på organiserte helsereiser til utlandet vart oppretta av Rikstrygdeverket på 1970-talet, og galdt fyrst berre for helsereiser som gjekk til helsesenteret Casas Heddy på Lanzarote. Casas Heddy vart opna i 1975 som resultat av eit samarbeid mellom Oslo Røde Kors og stiftelsen « Også Vi Kan » for å gje eit ferie- og behandlingstilbod til funksjonshemma. Seinare er det oppretta fleire behandlingsstader og private fysikalske institutt i utlandet, og deltakarar på helsereiser til desse stadene kan òg få bidrag til fysikalsk behandling. Vilkåret er at behandlingsstaden skal vera ått av norske interesser, og at fysioterapeutane har norsk autorisasjon. Vidare er det eit vilkår at deltakarane har fått rekvisisjon på fysikalsk behandling frå sin norske lege. Folketrygda dekkjer berre utgifter til behandlinga. Reisa og opphaldet må deltakarane betala sjølve. Bakgrunnen for denne særskilde stønadsordninga er at enkelte pasientgrupper kan ha særleg nytte av fysikalsk behandling i eit varmt klima.

Pasientforeiningar og humanitære organisasjonar kan arrangera helsereiser og syter òg ofte for innkvartering. Reiser som er arrangerte av reisebyrå eller andre private interesser, kjem ikkje inn under denne ordninga. I Rikstrygdeverket sine retningslinjer er det ikkje stilt nærare krav om kor eller korleis deltakarane skal bu eller korleis opphaldet i utlandet elles skal leggjast til rette.

Ei generell stønadsordning for fysikalsk behandling i utlandet vil kunne hindra utbygging av behandlingstilbodet her heime. Vilkåret om at pasientane må delta på ei helsereise har såleis samanheng med behovet for å avgrensa ordninga. Det er òg lagt vekt på at vilkåret om at reisa skal vera arrangert av pasientforeiningar og humanitære organisasjonar, vil sikra at dei som har mest behov for dette tilbodet, får nytte av ordninga.

Eg er kjend med at somme ynskjer å bruka dette behandlingstilbodet utan å vera med på organiserte helsereiser. Eg vil framheva at dei som har behov for fysikalsk behandling, primært skal få den nødvendige behandlinga her i landet. Dei som blir sjuke under opphald i utlandet, får, som eg sa, dekt behovet for behandling etter andre reglar. Eg kan difor ikkje sjå at det kan vera behov for å endra på dei reglane som gjeld for bidrag til fysikalsk behandling i utlandet.

Øystein Hedstrøm (Frp): Jeg takker statsråden for svaret.

Det er mange kronikere som sparer for å kunne ta én til to helsereiser til Syden i løpet av året nettopp fordi de skal kunne fungere i samfunnet og i sitt arbeid resten av året eller holde sykdommene de har, i sjakk.

Men så kommer poenget: Det finnes faktisk en del norske borgere som ikke har råd til å delta på organiserte helsereiser fordi det er for dyrt, som benytter seg av charterordninger som er rimeligere, og kanskje bor et stenkast eller to fra disse godkjente helseinstitusjonene i Syden, og som har undersøkt og funnet ut at de kan få fysikalsk behandling av godkjent fysioterapeut og ved godkjent institusjon. Dette blir en forskjellsbehandling. Det er den private lommeboken som bestemmer, det er de som har god råd, som får tilskudd fra Rikstrygdeverket. Jeg regner med at statsråden ikke finner det rettferdig.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Regjeringa er opptatt av å redusera forskjellane og ikkje auka dei, og i så måte er vi opptekne av å sjå nærare på alt som ein peikar på er urimeleg i eksisterande lovverk.

Men la meg understreka ein gong til at i Rikstrygdeverket sine retningslinjer er det ikkje stilt nærare krav om kvar eller korleis deltakarane skal bu eller korleis opphaldet i utlandet elles skal leggjast til rette. I dette ligg det òg ei opning for at pasientar som bur utanom den innkvarteringa som dei får tilbod om, skal ha moglegheit for slik behandling. Men det er ei avgrensing av dette i regelverket.

Øystein Hedstrøm (Frp): Jeg takker statsråden for tilleggssvaret. Når det gjelder avgrensningen, står det helt klart i regelverket at vedkommende kroniker må delta i organisert helsereise. Jeg har snakket med pasienter som har den samme diagnosen. Noen deltar i den organiserte helsereisen, andre bor et stenkast eller to unna det godkjente behandlingsstedet. De som ikke deltar i den godkjente helsereisen, har ingen mulighet til å få dette tilskuddet, så det er en klar forskjellsbehandling. Men jeg oppfatter svaret fra statsråden som positivt, at hun er villig til å se på dette, slik at det ikke skal være den private lommeboken som avgjør.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eg kan stadfesta at min intensjon er for det fyrste at eit slikt tilbod skal vera avgrensa til dei pasientane som verkeleg har det største behovet for fysikalsk behandling i varmt klima, for det andre at dei organisasjonane som arrangerer desse reisene, òg må ha moglegheit til å stilla visse krav i forhold til det, og for det tredje at det er ei ordning i gjeldande regelverk.

Så vil eg òg føya til at Regjeringa har under behandling ei stortingsmelding om rehabilitering, og i samband med den vil tilbodet om fysikalsk behandling i Noreg bli nærmare vurdert. Eg kan tenkja meg at det då vil bli rydda opp i det som måtte vera uklårt i forhold til behandling i utlandet.