Stortinget - Møte onsdag den 11. februar 1998

Dato: 11.02.1998

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 28

Anneliese Dørum (A): Jeg vil stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

Nøtterøy kommunestyre har vedtatt å innføre flytende skolekretsgrenser i kommunen. Foreldrene kan da bli fratatt retten til å la barna gå på den skolen i nærmiljøet som de sokner til.

Er dette i tråd med de endringer som ble foretatt i grunnskoleloven i juni 1997?

Statsråd Jon Lilletun: Ved lovvedtak av 19. juni 1997 klargjorde Stortinget retten til å gå på nærskulen. Lova slår no fast at elevane til vanleg skal « skrivast inn ved den skolen som ligg nærast eller ved den skolen i nærmiljøet som dei soknar til ».

Lova inneheld ikkje noko forbod mot flytande krinsgrenser. Dette er understreka i forarbeidet til lova. Eg viser til Innst.O.nr.95 (1996-1997), der fleirtalet i komiteen seier at kapasiteten ved skulane er eitt av fleire forhold som avgjer kva som er nærskulen.

Vidare peiker eg på at grunnskulelova § 3 om krinsskipnad framleis står ved lag. Denne lovregelen slår fast at kommunen kan gjere vedtak om å sløyfe krinsgrensene.

Eg vil likevel understreke at dei flytande krinsgrensene må halde seg innanfor det som elles fylgjer av retten til å gå på nærskulen. Fleirtalet i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen seier i Innst.O.nr.95 (1996-1997) at vurderinga av kva skule som er nærmast, skal ta utgangspunkt i geografiske forhold, men skal òg ta omsyn til andre relevante forhold, t.d om sysken er plasserte på same skulen, kapasiteten på skulane og om skulevegen er farleg.

Slik eg ser det, vil ikkje flytande krinsgrenser ta frå elevane retten til å gå på nærskulen. Lova sikrar ein slik rett utan omsyn til om det er fastsett krinsgrenser. Det er likevel ikkje slik at det er nokon absolutt rett til å gå på den geografisk nærmaste skulen. Kommunen må ved inntaket leggje vekt på alle relevante omsyn. Eg tek sikte på å klargjere dette nærare i samband med den nye opplæringslova.

Anneliese Dørum (A): Jeg takker statsråden for et positivt svar, hvor han underbygde flertallets merknader da § 13 ble endret i fjor vår.

Når det gjelder Nøtterøy kommune, gir ikke retningslinjene der elevene rett til å gå på nærmiljøskolen. Blant annet står det i punkt 5 i retningslinjene at skolebegynnere med søsken på småskoletrinnet, 1.-4. klasse, bør så vidt mulig gis anledning til å gå på samme skole, slik at ikke engang søsken er sikret retten til å gå på samme skole i småskolen.

Jeg vil be statsråden se litt på de retningslinjene Nøtterøy kommune har lagt, når de nå har opphevet skolekretsen og har flytende grenser, for jeg tror ikke elevene der er sikret rett til å gå på nærmiljøskolen og heller ikke sikret rett til å gå sammen med sine søsken.

Statsråd Jon Lilletun: Eg kan sjølvsagt ikkje frå Stortingets talarstol behandle ei konkret sak ut frå opplysningar som kjem i ein spørjetime. Men eg kan love representanten Dørum at eg skal ta med og undersøkje problemstillingane i forhold til kva praksis ein her har valt, og eg tar det òg med når vi kjem med vårt nye framlegg til opplæringslov.