Signe Øye (A):
Jeg vil få lov til å
stille følgende spørsmål til sosialministeren:
Ifølge fjorårets hovedtall fra
Rikstrygdeverket lever hver fjerde nordmann av trygd. Dette er ny rekord.
Samtidig etterspør arbeidsmarkedet arbeidskraft.
Hva vil statsråden gjøre for at det
skal bli lettere å kombinere arbeid og trygd?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa:
Det er rett at 1,2 millionar nordmenn har folketrygda som si viktigaste
inntektskjelde. Dette inkluderer både varige ytingar - alderspensjon,
uførepensjon og pensjon til etterlatne, og mellombelse ytingar - sjuke-,
rehabiliterings- og attføringspengar. Eg ynskjer å gjera greie for kva som
ligg bak tala frå Rikstrygdeverket.
Ved utgangen av 1997 var det 628.000
alderspensjonistar og 246.500 uførepensjonistar.
Auken i talet på uførepensjonistar
kjem m.a. av demografiske tilhøve. Det er ein markert auke i dei
aldersgruppene der det er mange som blir uførepensjonerte. Auka
sysselsetjing på 1990-talet har gjort at fleire yrkeshemma har fått innpass
på arbeidsmarknaden. Dette fører i fyrste omgang til eit høgare sjukefråvær
og seinare til ein auke i talet på personar som fyller vilkåra for
uførepensjon.
Representanten Øye fokuserer på høvet
til å kombinera arbeid og trygd. Dette er i all hovudsak aktuelt for
uførepensjonistar, men òg for alderspensjonistar. I samband med
velferdsmeldinga drøfta Stortinget fleire ordningar som inneber ei monaleg
utviding i høvet til å kombinera uførepensjon og arbeid utan at det får
konsekvensar for uføregraden. Bakgrunnen for dette var eit ynske om å
motivera uførepensjonistar til større yrkesaktivitet. Desse ordningane vart
sette i verk 1. mai 1997.
Friinntektsgrensa vart heva frå 1/2
til 1 grunnbeløp med verknad for både gradert og heil uførepensjon. Dette
inneber at alle uførepensjonistar har høve til å ha ei monaleg inntekt utan
at det har noko å seia for retten til uførepensjon. Personar med gradert
uførepensjon kan etter desse reglane tena opptil 42.500 kr i tillegg til den
inntekta som var ein føresetnad på grunnlag av restinntektsevna.
Samstundes vart høvet til å « frysa »
uførepensjonen under arbeidsforsøk utvida frå eitt til tre år. Dette gjeld
sjølv om uførepensjonen i arbeidsperioden fell heilt bort. Ein person med
50 % uførepensjon kan t.d. prøva ein heildagsjobb i eit par år. Deretter kan
han få tilbake halv uførepensjon utan å måtta søkja på nytt dersom det viser
seg at jobben blir for tøff. Bakgrunnen for dette var m.a. at mange
uførepensjonistar vegra seg for å prøva seg i arbeidslivet av frykt for å
mista uførepensjonen dersom arbeidsforsøket vart mislukka.
Det er òg sett i gang andre
forsøksordningar, som eg kanskje kan koma tilbake til. Men la meg seia til
slutt at i Voksenåsen-erklæringa varslar Regjeringa at vi vil sjå nærmare på
høvet til å kombinera arbeid og trygd og å gå ut og inn av arbeidslivet i
periodar. Derfor blir dette tema både i samband med gjennomgangen av
handlingsplanen for ein politikk for funksjonshemma og ved utarbeidinga av
stortingsmeldinga om auka forskjellar.
Oddbjørg Ausdal Starrfelt hadde her
teke over presidentplassen.
Signe Øye (A):
Jeg takker statsråden
for svaret.
Det er positivt at sosialministeren er
opptatt av det å kunne kombinere arbeid og trygd, når vi vet at vi etter
hvert har fått et arbeidsmarked som etterspør arbeidskraft. Mange av dem
som er uføretrygdet, men som har mye restarbeidsevne igjen, har i mange
tilfeller et ønske om å kunne utnytte denne restarbeidsevnen. Det var jo
også det Stortinget gav tilslutning til da vi behandlet velferdsmeldingen i
Stortinget for et par år siden. Jeg vil også tro at det er
samfunnsøkonomisk lønnsomt, og at det er en mye bedre løsning for den
enkelte dersom en kan få muligheter til å være litt i jobb istedenfor å være
fullt uføretrygdet. Men ved henvendelse til trygdekontorene virker det ikke
som om det er en prioritert sak der å innkalle de som er uføre, og undersøke
om graden av uførhet eller sykelighet har endret seg.
Derfor vil jeg spørre
sosialministeren: Vil sosialministeren ta initiativ til at trygdekontorene
tar fatt på dette arbeidet?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa:
Det er rett som representanten Signe Øye peikar på, at her må mange
instansar ta eit tak for at fleire skal få moglegheit til å prøva ut det
regelverket som finst. Det er behov for eit samarbeid mellom offentlege
instansar, som f.eks trygdeetat, sosialetat og arbeidsmarknadsetat. Det er
viktig at holdninga til det å la fleire personar prøva seg ut og inn av
arbeidslivet er positiv på den enkelte bedrift, både på leiarnivå og blant
kollegaer. Eg vil ta det som representanten Øye her seier, opp i mine møte
med trygdeetaten. Eg veit at dei der er positive til å gjera noko på dette
området.
Signe Øye (A):
Jeg takker statsråden
for svaret. Jeg tror at hvis vi virkelig skal få satt i verk tiltak på
dette området, er det nødvendig at vi går inn med mer varige lønnstilskudd,
slik at de som kanskje ikke er 100 % arbeidsføre, blir mer attraktive også
for arbeidsgiverne. Og spørsmålet til statsråden er: Vil også statsråden
vurdere det, når en nå skal jobbe videre med dette?
Så har jeg et annet spørsmål. Det går
på sykefravær, som også har med denne statistikken å gjøre. Det er jo slik
at sykefraværet har økt veldig mye i 1997 i forhold til 1996, og vi vet
samtidig at aktiv sykemelding er noe som fungerer svært bra. Aktiv
sykemelding passer veldig bra i store bedrifter. I stat og kommune er aktiv
sykemelding fortsatt lite brukt. Det er de som virkelig kunne få til en
slik ordning, og da spør jeg: Vil sosialministeren gå inn for å pålegge
kommunene å bruke aktiv sykemelding senere?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa:
Eg
veit det føregår eit omfattande opplysingsarbeid frå Rikstrygdeverket si
side for å gjera ordninga med aktiv sjukemelding meir kjend. Det er det
behov for både i kommune og stat og overfor bedrifter og arbeidstakarar for
øvrig. Og det er heilt sikkert òg, som representanten Øye var innom her i
eit tidlegare innlegg, behov for å styrkja informasjonssida overfor den ytre
delen av trygdeetaten. Eg har i denne samanhengen meir tru på opplysning og
informasjon enn på pålegg overfor kommunane. Og eg har òg tru på at ein i
forhold til sjukefråver går inn og ser nærare på tiltak for dei fem
prosentane av arbeidstakarane som i dag står for over 80 % av sjukefråveret,
tiltak som kan vera retta meir direkte inn mot dei.