Per Ove Width (Frp):
Jeg vil stille
følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
I 1991 vedtok Det regionale
høgskolestyret for Vestfold at lærerutdanningen på Eik lærerhøgskole i
Tønsberg skulle flyttes til Borre og samlokaliseres på høgskolen på
Bakkenteigen.
Vil statsråden ta initiativet til at
det blir gjennomført en grundig analyse av økonomiske, faglige og
miljømessige forhold av begge alternativene før eventuelt flytting blir
gjennomført?
Statsråd Jon Lilletun:
Det regionale
høgskulestyret for Vestfold og seinare styret for Høgskulen i Vestfold har
lenge arbeidd for å samle heile høgskulen. Den staden som peikar seg ut for
ei slik samling, er Bakkenteigen i Borre, der teknologiutdanninga og
høgskulen sin administrasjon no ligg i lokale som vart opna i 1991 og 1997.
Det er òg bestemt at sjukepleiarutdanninga i Tønsberg skal flyttast dit.
I slike saker tek departementet
utgangspunkt i St.meld.nr.40 (1990-1991). Bakgrunnen for reformene i høgre
utdanning var å gjere høgskuleeiningane fagleg og administrativt meir
effektive. Samlokalisering vart peika på som eit mogleg middel for å få til
det, og departementet vurderer difor samlokalisering der det ligg til rette
for det. Det vert i slike saker alltid vurdert kva for alternativ ein har,
faglege så vel som miljømessige, og kva det vil koste å flytte verksemda.
Spørsmålet om flytting av
lærarutdanninga i Vestfold har ei lang forhistorie i høgskulen sine styrande
organ. Høgskuleanlegget på Eik er for lite til den verksemda som er der no.
Når departementet blir bede om å sjå nærare på moglegheita for flytting,
gjer vi det.
Det er vanleg at Stortinget får høve
til å ta stilling til slike spørsmål i samband med at det vert gjort
framlegg om byggjeløyving. Det vil skje i denne saka òg. Det er for tidleg
å seie noko om når dette kan skje. Eg vil syte for at alle relevante
forhold rundt spørsmålet om flytting/samlokalisering vert vurderte ved
endeleg framlegging av saka.
Per Ove Width (Frp):
Jeg takker
statsråden for svaret.
Av et anerkjent konsulentfirma er det
anslått at byggekostnadene ved flytting av lærerutdanningen til Bakkenteigen
vil komme på 250-300 mill. kr. I dette beløpet er det ikke tatt med
kostnader til idrettsanlegg, idrettshall, svømmehall, inventar og utstyr.
Flyttingen vil dessuten kreve store investeringer til utbedring av veier,
sykkelstier og studenthybler.
Av erfaring vet vi at offentlige bygg
ofte blir betydelig dyrere enn det de første planene antyder. Det er derfor
høyst realistisk å anta at totalkostnadene ved å flytte lærerutdanningen til
Bakkenteigen vil ende opp mot en halv milliard kr. Riktignok uprofesjonelle
vurderinger av det å beholde lærerutdanningen på Eik, tilsier at kostnaden
da vil komme på 25-30 mill. kr. Er det da slik at statsråden fortsatt ikke
vil vurdere de realistiske tingene som jeg har fremført i mitt tidligere
spørsmål, for å få dette helt utredet?
Statsråd Jon Lilletun:
Det eg sa i
mitt fyrste svar, var at det er dei organa som sit som styringsorgan, som er
dei vi byggjer mest på i høve til korleis vi skal fylgje opp utviklinga ved
ein høgskule, når dei byggjer på dei vedtaka Stortinget har gjort. Men
samstundes sa eg avslutningsvis at alle forhold ved saka, både økonomiske,
miljømessige, pedagogiske og faglege, vil verte vurderte før endeleg
standpunkt vert teke. Ein kan vel òg seie at det for tida er så stor
økonomisk aktivitet i fedrelandet at eg trur vel at tempoet når det gjeld
offentlege bygg, kan verte påverka ein del av det framover. Men eg kan love
representanten Width at alle forhold skal verte tekne med i vurderinga frå
departementet si side.