Stortinget - Møte onsdag den 4. mars 1998

Dato: 04.03.1998

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 34

Rune E Kristiansen (A): Jeg har følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

Jeg viser til prøveprosjekt vedrørende alternativ gjennomføring av fag- og svenneprøver i Rogaland fylkeskommune. Jeg er kjent med at departementet har avslått søknaden om gjennomføring av slik alternativ prøve våren 1998.

Ser statsråden alvoret i at mange kandidater som følge av dette avslaget ikke får tatt fag-/svenneprøven som planlagt, og ser statsråden de konsekvenser avslaget kan ha med tanke på at læreplasser ikke blir frigitt for formidling sommeren/høsten 1998?

Statsråd Jon Lilletun: Det vil vere ei stor utfordring å få gjennomført det store talet fag- og sveineprøver våren 1998. Det er fylkeskommunane sitt ansvar å organisere og gjennomføre prøveavviklinga, og eg har tiltru til at fylkeskommunane greier å gjennomføre dette etter dei rammene og retningslinene som er gjevne.

Rogaland fylkeskommune har vore konstruktiv og nytenkjande i søknaden om alternativ gjennomføring av fag- og sveineprøver. Difor såg departementet positivt på søknaden og hadde eit møte med fylkeskommunen i januar for å drøfte saka. Når dei likevel har fått avslag på søknaden sin i år, skuldast det i hovudsak at det er eit viktig prinsipp å ikkje endre vilkåra for fagprøva midt i eit opplæringsløp, og at ordninga vil skape habilitetsproblem fordi det ikkje inngår ekstern sensur av lærlingane. I tillegg har vurderingsforskrifta vedtak om partane sin medverknad når det gjeld å kunne gje forslag til retningsliner for innhald i og gjennomføring av fag- og sveineprøver. Dersom fag- og sveineprøver skal endrast, må saka handsamast i opplæringsråda som rette partsinstans. Rådet for fagopplæring i arbeidslivet, LO og NHO har heller ikkje hatt høve til ei formell handsaming av saka. I LO-Aktuelt nr. 4 for 1998 åtvarar leiaren i RFA, Per Gunnar Olsen, mot å endre opplegget for 1998, då det vil bety at kandidatane får ei heilt anna prøve enn dei er førebudde på, men han er positiv til prosjektet vidare.

Då eg er svært oppteken av å få utvikla prøveformer som kan forenkle den praktiske avviklinga av fagprøvene, samstundes som kvaliteten på og tilliten til fagprøva vert halden oppe, vil eg invitere Rogaland fylkeskommune til å vidareutvikle prosjektet. Det må arbeidast vidare med spørsmålet om habilitet, og saka må drøftast med dei involverte partane. Departementet vil påskunde denne prosessen. Når og dersom RFA og dei andre involverte partane har godkjent ei ordning som Rogaland fylkeskommune har skissert i sin søknad, vil eg svært gjerne kunne støtte søknaden.

Mitt departement har engasjert seg på fleire måtar for å medverke til at fylkeskommunane kan få avvikle fagprøvene på ein god måte. Mellom anna vart det halde ein stor konferanse sist måndag, der alle involverte partar var inviterte og ulike sider ved prøveavviklinga vart drøfta. Der vart det lagt fram idear og modellar for korleis ein kan gjennomføre prøveavviklinga på ein smidig og rasjonell måte innanfor dagens ordning. Rogaland fylkeskommune la òg fram prøveprosjektet sitt. Dette vekte interesse i forsamlinga. Ei kontaktgruppe med deltakarar frå alle partar vil fylgje arbeidet med avvikling av prøvene denne våren.

Konklusjonen er at så snart Rådet for fagopplæring og dei andre partane har godkjent dette opplegget, vil departementet gje si godkjenning, og eg håpar at det kan skje fortast mogleg.

Rune E Kristiansen (A): Jeg takker statsråden, som jeg synes gav et svært positivt svar.

Jeg vil bare få en bekreftelse på noe jeg mente statsråden sa, men som jeg ikke er helt sikker på, nemlig at han vil gå inn i en dialog med Rogaland fylkeskommune for å finne en løsning på den akutte situasjonen Rogaland fylkeskommune befinner seg i, og som igjen selvfølgelig vil medføre at Rådet for fagopplæring kommer inn i bildet.

Ellers synes jeg at svaret var klart og positivt i forhold til den situasjonen som nå er i Rogaland, som også kan spre seg til andre deler av landet.

Statsråd Jon Lilletun: Eg kan stadfeste at vi vil ha ein dialog med Rogaland fylkeskommune. Men fyrst og fremst må vi prøve å leggje til rette for at dei organa som må godkjenne opplegget for at det skal vere rettsleg og fagleg trygt, får gjort det så fort som råd er. Den dagen det ligg føre ei fagprøve som er godkjend av kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren, men underkjend av eit av fagorgana, er eg redd det ikkje er mykje hjelp i å vise til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren - difor denne kvalitetssikringa. Men vi er einige om intensjonen, og vi håpar at dette skal skje fortast mogleg, slik at ein i inneverande år òg kan bruke denne prøva.