Stortinget - Møte onsdag den 27. mai 1998

Dato: 27.05.1998

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 20

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg skal tillate meg å stille følgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

Tilskot til opplæring innafor kriminalomsorga er ikkje auka dei siste åra. Dette har ført med seg ein gradvis reduksjon av timetalet, og tilbodet ved fleire anstaltar er no alvorleg svekt. På sikt kan ein frykte ei dramatisk nedbygging av opplæring innafor kriminalomsorga.

Er dette ei politisk utvikling som statsråden ønskjer?

Statsråd Jon Lilletun: Tilskot til opplæring innafor kriminalomsorga er eit øyremerkt tilskot til kommunesektoren. I statsbudsjettet er øyremerkte tilskot til kommunesektoren sett i samanheng med det samla økonomiske opplegget for sektoren. I ei årrekkje har ein utforma økonomiske opplegg for kommunesektoren med ei nominell vidareføring av denne typen tilskot. Med andre ord: Det har mangla inndekking som fylgje av prisstiginga. Eg er samd i at eit slikt opplegg over tid kan føre til ei nedbygging av opplæring innafor kriminalomsorgen. Dette er ikkje ynskjeleg. Utdanning er den beste form for rehabilitering me kan tilby, og bør sjølvsagt ikkje byggjast ned på denne måten. Eg vil vurdere problemstillinga i samband med statsbudsjettet for 1999.

Eg vil elles gjere merksam på at departementet set i gang eit arbeid for å få ei forskingsbasert evaluering av fengselsundervisninga for å sjå på måtane den vert gjennomført på, og korleis den vert tilrettelagd.

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg takkar statsråden for svaret.

Det har, som tidlegare sagt, vore såkalla krise innafor fengselsundervisninga dei siste åra, og då legg eg ikkje skylda berre på dagens regjering. Det er fleire som må vere med og dele skyld her. Det er faktisk slik at enkelte institusjonar og anstaltar har redusert sitt tilbod med opptil 40 %, og det er ganske dramatisk for dei det gjeld.

Nå er det slik at kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen kvart einaste år sidan 1993 har sagt i sine merknader at ein ønskjer å styrkje dette området, og det blir på mange måtar eit paradoks når Stortinget seier mange fornuftige ord på dette området og så skjer det i røynda ingenting. Kan ein forstå statsråden slik at han vil prioritere dette området i statsbudsjettet for 1999?

Statsråd Jon Lilletun: Eg er samd med representanten Oppebøen Hansen i at det er sagt mange kloke ord om dette i mange stortingsinnstillingar, og det er kanskje meir fortent her enn mange andre plassar. Samstundes vil eg ikkje underslå at mengda av kloke ord i innstillinga på merknadssida - og no snakkar eg av erfaring - blir vanskelege å følgje opp. Men eg vil likevel imøtekome spørjaren ved å seie at mitt mål ved budsjetthandsaminga i haust er å bryte tradisjonen med at ein ikkje skal få kompensert lønns- og prisauke osv. Det er mitt mål å få det til, men vi står framfor tøffe prioriteringer, så me får sjå når resultatet ligg føre, men eg er glad for at Stortinget skuvar på.

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg takkar statsråden for svaret og det bitte lille positive elementet som var i hans svar, at han vil bryte tradisjonen med at ein ikkje skal få kompensert lønns- og prisstiginga.

Men eit anna spørsmål som dukkar opp i den samanhengen, er jo: Kva da med etterslepet som dei for så vidt skulle hatt gjennom dei siste fire-fem-seks åra? Det er ei klar melding frå utdanningsdirektøren i Hordaland som administrerer denne ordninga, om at nå må det politiske miljøet på Stortinget signalisere klart og tydeleg sånn at dei eventuelt kan varsle institusjonar og anstaltar om framtida, så ein for så vidt kan ha ei planlagd nedbygging. Eg oppfattar nå statsråden som positiv - at han vil oppretthalde nivået, og at han gjennom statsbudsjettforhandlingane for 1999 vil vere med på å styrkje dette området.

Statsråd Jon Lilletun: Representanten Oppebøen Hansen har forstått meg heilt rett, men eg vil gjerne kome med følgjande tillegg: Det er to ting vi må gjere. Det eine er å sjå på nivået, som har hatt den utviklinga Oppebøen Hansen nemnde. Det andre er å få ei evaluering av måten dette vert lagt opp på, for ein møter stadig påstandar om at det her er svært mykje individuell undervisning og lite samordning. Det er klart at ein ikkje utan vidare kan rekne med å få fylt opp klassar her, det er ikkje eingong ønskjeleg at det vert for mange samla klassar. Eg trur likevel det er klokt å sjå igjennom måten ein gjer det på. Elles hadde representanten Oppebøen Hansen oppfatta statsråden heilt rett.