Stortinget - Møte onsdag den 20. januar 1999 kl. 10

Dato: 20.01.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål nr. 21

Ansgar Gabrielsen (H): Jeg skal få stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

«Departementet meddelte i brev av 9. juli 1998 til Johnny Stokkeland at Lyngdal kapellangård kunne selges. I dette brevet sies det: «Når det gjelder skogen tar en sikte på at den beholdes i Opplysningsvesenets fonds eie». Formannskapet i Hægebostad har sterkt frarådet en slik deling.

Hva er årsaken til at departementet vil dele eiendommen, og er en slik deling i tråd med denne regjerings landbrukspolitikk?»

Statsråd Jon Lilletun: Lyngdal kapellangard vart teken opp til ordinær vurdering for sal i januar 1997 etter retningslinjer gjevne i St.meld. nr. 64 for 1984-85. Ei avgjerd om ein prestegard kan seljast eller ikkje, byggjer på ei vurdering av mange forhold som er viktige for forvaltninga av fondet. Dette gjeld økonomi og avkastning av fondet, omsyn til kyrkjelege behov, omsyn til ei effektiv forvaltning av landbrukseigedomar og skog, det offentleges behov for areal, m.m. Her kjem òg vurderingane om det skal seljast skog med eigedomen, og i så fall kor mykje.

Etter ei samla vurdering vart avgjerd om sal av eigedomen gjord kjent i brev av 9. juli 1998, og det er søkt om deling av eigedomen. Saka ligg no i kommunen for ordinær handsaming etter jordlova og plan- og bygningslova. Kommunen avgjer om deling kan gjerast i forhold til plan- og bygningslova, medan dei innstiller overfor fylkesmannens landbruksavdeling for avgjerd i forhold til jordlova. Grunngjevinga for at ein har vurdert deling av eigedomen, er den same for Lyngdal kapellangard som for dei prestegardane som har vore til vurdering for sal tidlegare.

Eit moment i denne vurderinga er at fondet òg i framtida vil vere ein stor skogeigar, der drift av skog og utmark vil vere eitt av dei økonomiske fundamenta som fondet må ha for å tene oppgåver for Den norske kyrkja. Ei svekking av arealgrunnlaget vil redusere moglegheitene for ei god forvaltning og ei rekningssvarande drift. Fondet har andre skogeigedomar innanfor dette distriktet som blir drivne saman med denne aktuelle skogen. Skogane har ei samla forvaltning, og skog som vert behalden, vil framleis verte driven på ein fagleg og landbruksmessig forsvarleg måte og vere til stor nytte for fondet.

Skogsdrifta på denne prestegarden har, som på andre prestegardar, vore forvalta for seg og har aldri gått inn i avtalen med paktaren. Fondet sin skog har vorte forvalta og driven av andre enn prest og paktar alt sidan skogdirektørembetet vart oppretta i førre hundreåret. Sidan har Direktoratet for statens skoger – no Statskog – stått ansvarleg for skogforvaltninga til fondet. Skogen har aldri vore ein del av den driftseininga paktaren har hatt ansvaret for, men eg ser at det vil vere ein styrke i drifta for paktaren dersom han også får overta skogen.

Mitt ansvar i denne saka er m.a. å sikre forvaltninga av Opplysningsvesenets fond sine eigedomar. Eg vil no avvente alle dei råda som kjem frå offentlege høyringsinstansar, både på kommunalt og fylkeskommunalt hald. Før eg tek avgjerd i denne saka, vil eg også leggje saka fram for Landbruksdepartementet for å få ei vurdering av jordbruksdrifta og skogsdrifta. På dette grunnlaget vil eg ta ei avgjerd som tek omsyn både til forvaltninga av Opplysningsvesenets fond og dei landbruksmessige sidene, som representanten Gabrielsen tek opp.

Ansgar Gabrielsen (H): Jeg takker statsråden for svaret. Som han sa, har han ikke avsluttet sin vurdering av denne saken i forhold til hva som skal bli det endelige utfallet, og det er godt. Saksbehandlingstiden i departementet hva gjelder disse saker, kan i hvert fall sies å være relativt lang og sannsynligvis også omfattende, for faktisk i det første brevet som ble sendt ham, advares det mot den lange saksbehandlingstiden.

Men det som jeg er opptatt av, er deling av eiendommen og den landbruksmessige siden i så måte. At det skal tas hensyn til dette fondet, og at det skal være akseptable økonomiske løsninger for fondet, er for så vidt greit. Men her tror jeg en står i fare for å kunne få en avgjørelse som, hvis den skulle gå på deling av eiendommen, ikke vil være i tråd med det som andre, tilsvarende eiendommer får av behandling, for det er veldig sjelden at det innvilges denne type delinger. Det som er spørsmålet mitt, og som jeg ikke fikk svar på, er hvorvidt denne praksisen med søksmål om deling er i tråd med denne regjeringens landbrukspolitikk.

Statsråd Jon Lilletun: Dette er forvaltning av Kyrkjas gods, og ein har hatt den praksisen ved dei fleste sala at ein har delt på den måten som her er vist til. Samstundes er eg einig med representanten Gabrielsen i at når ein paktar først får kjøpe eit bruk, er det viktig at det faktisk er eit livsgrunnlag på det bruket. Ut frå at denne regjeringa legg sterk vekt på at det skal vere levelege bruk på bygdene, er eg innstilt på å drøfte akkurat den delen med landbruksministeren, slik som eg sa i mitt første svar. Det endelege svaret vil nok ikkje representanten Gabrielsen få i dette møtet, anna enn at det er ei saksbehandling på gang, men dei problemstillingane som han har teke opp, vil verte grundig vurderte av meg.

Ansgar Gabrielsen (H): Når Lilletun sier at de vil bli grundig vurdert av ham, har jeg ingen grunn til å tro at så ikke vil skje.

Han var inne på dette med «Kyrkjas gods», som han kaller det, og da rant det meg i hu dette skriftordet som går på å samle seg skatter på jorden. Det er kanskje ikke så lurt, det volder ofte mer problemer enn gleder. Det er vel dette som Kirken for så vidt opplever i forhold til denne spørretimesaken, men som også har vært omkvedet i en del andre saker beslektet med nettopp Opplysningsvesenets fond. Det var kanskje bedre å selge hele greia, så hadde en i hvert fall ikke problemer med det godset.

Det som jeg helt til slutt gjerne vil legge statsråden på minne ved behandling av denne saken og når det gjelder det prinsipielle i den tilnærmingen man har til tilsvarende saker om salg av «Kyrkjas gods», er at en ikke må komme i skade for at staten opptrer på en sånn måte hva gjelder deling og ikke deling, at en i ettertid skal kunne si at det er forskjell på Jørgen hattemaker og kong Salomo, og at det er Lilletun som er kong Salomo i denne sammenheng.

Presidenten: Presidenten vil uttale at Skriftas ord er i dei aller fleste høve vel verdt å lytte til.

Statsråd Jon Lilletun: Det vil kyrkjeministeren tiltre på det sterkaste.

Elles er det heilt rett at ein skal vurdere dei sidene som representanten Gabrielsen tek opp her, men eg må halde meg til den behandlinga desse sakene har fått i Stortinget, og forvalte i samsvar med det. Samstundes er det klart at ein må føre ein heilskapleg politikk, og då må landbruksdelen òg vurderast. Så eg skal gjere som eg sa i mitt førre svar: gå grundig inn i dette. Denne regjeringa ynskjer at det skal bu folk på bygdene.

Det var i og for seg ei interessant opplysning at Høgre-representanten Gabrielsen ikkje syntest ein skulle samle seg skattar på jorda. Det tek eg òg til orientering, og vi får drøfta nærmare kva grunngjeving han hadde for det, ved eit seinare høve.