Stortinget - Møte onsdag den 20. januar 1999 kl. 10

Dato: 20.01.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 25

Synnøve Konglevoll (A): Jeg vil stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

«Innen 1. januar 1999 skulle alle skoler og barnehager ha ny godkjenning etter forskrift for miljørettet helsevern. Imidlertid viser det seg at mange kommuner har gitt seg selv utsatt frist eller dispensasjon fra forskriften. Til Aftenposten har statsråden uttalt at departementet nå vil skaffe en oversikt over situasjonen i kommunene og etter dette vurdere en statlig hjemmel til å håndheve loven.

Hvilke andre tiltak vil statsråden gjennomføre for å sikre barn og unge et godt arbeidsmiljø?»

Statsråd Jon Lilletun: Forskrifta om miljøretta helsevern i barnehagar og skular, der godkjenningskravet vart sett i kraft 1. januar 1999, er retta mot elevane sitt arbeidsmiljø. Eg vil i samarbeid med helseministeren, som har ansvaret for forskrifta, fylgje med på korleis denne forskrifta etter kvart får verknad i skulane.

Det er viktig å peike på at det er skuleeigarane som har ansvaret for å sikre skuleanlegga. Kommunen har det overordna ansvaret for dei grunnskulane han driv, og fylkeskommunen for dei vidaregåande skulane.

Når det gjeld andre tiltak som kan vere med på å betre skulemiljøet, vil eg peike på fylgjande:

  • I 1998 vart den fyrste Skulebyggprisen delt ut. Formålet med denne prisen er å stimulere kommunar og fylkeskommunar til å byggje gode skuleanlegg. Kvart år vil det verte laga ein publikasjon som beskriv det skuleanlegget som fekk prisen.

  • I samarbeid med SINTEF i Trondheim vert det gitt ut eit hefte i løpet av vårhalvåret som tar føre seg måtar å byggje gode skular på. Heftet er mynta på kommunane, og er meint som ei hjelp og støtte i arbeidet med å planleggje skulebygg. Det vil her verte vist eksempel på gode løysingar.

  • Departementet har gitt ut ei rettleiing om inneklima: «Hvordan lage et sunt innemiljø i skolebygg?», som vart presentert den 14. desember i fjor. Målgruppene for dette heftet er i fyrste rekkje skulepolitikarar, medlemer av plan- og byggjekomitear, skuleleiarar, lærarar og foreldretillitsvalde. Målsetjinga er å medverke til større kunnskap om kva inneklimaet har å seie for helsa, trivselen og læringsvilkåra for elevane, og om kva faktorar ein må ta omsyn til når ein vil skape eit godt og sunt innemiljø i skulebygga.

Som det er gjort greie for i budsjettproposisjonen for 1999, er det sett ned ei interdepartemental arbeidsgruppe som greier ut rettshøve omkring arbeidsmiljøet for elevane, og vurderer behovet for lov- og forskriftsendringar. Arbeidsgruppa er i sluttfasen av arbeidet, og eit fullstendig utkast til rapport er på høyring i dei medverkande departementa.

Til slutt vil eg vise til at det er investert store summar i skulebygg i samband med grunnskulereforma. Staten gir kompensasjon til kommunane for utgifter til nye lokale som fylgjer av at seksåringane er tekne inn i grunnskulen. Den statlege kompensasjonen svarar til ei investeringsramme på 5,2 milliardar kr.

Synnøve Konglevoll (A): Jeg vil takke statsråden for svaret. Det er gledelig at han også trekker fram positive sider ved grunnskolereformen, som jo Kristelig Folkeparti har hatt kritiske merknader til og var mot i sin tid.

Statsråden nevnte den arbeidsgruppa som vurderer lovverket. Statsråden har også tidligere sagt at departementet jobber med en gjennomgang av lovverket for å vurdere om elever kan få en lovfestet rett til et godt arbeidsmiljø. Ifølge oppslag i Bergens Tidende den 4. desember 1998 sa imidlertid Lilletun: «Vi har ingen egen arbeidsmiljølov for barn. Denne nye forskriften er sterk nok.» Derfor lurer jeg på om det vil si at statsråden har lagt ambisjonene om en arbeidsmiljølov for elevene på hylla.

Statsråd Jon Lilletun: Fyrst litt om historia. Det er heilt rett at Kristeleg Folkeparti var imot 6-åringsreforma, men samstundes pådrivar for at det skulle verte ein skikkeleg kompensasjon i høve til utbygging av areal t.d., noko som ikkje låg i det fyrste forslaget frå den dåverande arbeidarpartiregjeringa. Elles har eg òg prøvd på ein konstruktiv måte å medverke til at grunnskulereforma som Stortingets fleirtal har vedteke, blir gjennomført på ein god måte. Og det er mange positive ting ved den, som vi kan bruke meir tid på ein annan gong.

Eg har ikkje endra ambisjonane. Om det lyder slik, er eg feilsitert, for det eg sa i det intervjuet var at vi i dag ikkje har ei arbeidsmiljølov. Det vi no må vurdere, og som må vurderast òg på grunnlag av den arbeidsgruppa sitt arbeid, er om den forskrifta som tredde i kraft den 1. januar 1999, er så sterk at ho i realiteten dekkjer same området på ein god måte. Vi må ikkje lage forvirrande lover, så vi må sjå på: Skal vi fyrst og fremst no finne gode metodar for å få forskrifta til å verke, eller skal vi ha endå ei lov? Det må vi vurdere ut frå den arbeidsgruppa sine konklusjonar.

Synnøve Konglevoll (A): Jeg vil igjen takke for svaret. Det kan godt hende at forskriften er god nok når det gjelder inneklima. Men arbeidsmiljøet er jo mer enn inneklima. Det er også alt det vi legger i begrepet psykososialt arbeidsmiljø. Det er i tillegg helt sentralt i dagens arbeidsmiljølov at arbeidstakerne både skal ha et ansvar for det fysiske arbeidsmiljøet og f.eks. delta i konfliktløsninger. Når vi vet at vold og mobbing er et stort problem i skolen, håper jeg statsråden også vil ta dette med seg i det videre arbeidet i departementet.

Statsråd Jon Lilletun: Det er heilt opplagt at representanten Konglevoll her peiker på heilt sentrale sider. Det er ein del av den ordinære arbeidsmiljølova som heilt opplagt ikkje kan gjelde for elevar og studentar. Det som derimot har med eigen medverknad å gjere, er heilt sentralt, likeins ein del av dei andre tinga som representanten Konglevoll tok opp no.

Vi er i gang med ei ny forskrift som skal gje elevar rett til elevsamtale, gje dei rett til medverknad, vi har vedteke nye forskrifter når det gjeld elevrådsarbeid osb. Spørsmålet er om dei tilhøva som representanten Konglevoll no tok opp, like godt kan kome inn der og supplere den helse- og miljøforskrifta som vi fekk frå 1. januar. Eg har altså ikkje konkludert her, for eg synest vi får sjå dette i ein samanheng, slik som dette utvalet gjer, og så får vi ta ei drøfting av det på eit seinare tidspunkt.