Stortinget - Møte onsdag den 27. januar 1999 kl. 10

Dato: 27.01.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 32

Rolf Reikvam (SV): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

«Forsker Ragnhild Bjørnebekk ved Politihøgskolen i Oslo sier i forbindelse med nylig fremlagt statistikk fra Oslo politikammer at skolen ikke har klart å utvikle gode strategier for å fange opp innvandrergutter som har grunnleggende problemer med sin utvikling. I Oslo har Gran skole gjort mye vellykket arbeid på dette feltet.

Hva vil statsråden gjøre for å bringe vellykket kunnskap ut til andre og gi flere mulighet til bedre skole og styrket hjelpeapparat?»

Statsråd Jon Lilletun: Representanten Reikvam reiser viktige spørsmål knytte opp mot alvorlege problem i så vel skule som samfunn. Mange partar har svikta når unge gutar over tid får utvikle slik kriminell åtferd som vart dokumentert av politimeisteren i Oslo førre veke. Dette handlar om destruktive forhold i samfunnet som òg grip inn i skulen.

Å skape gode oppvekst- og læringsmiljø er ei utfordring til brei ansvarsmobilisering i mange instansar. Foreldre, skule, andre kommunale og statlege institusjonar og etatar, innvandrarorganisasjonar osb. har eit medansvar for å snu den skremmande utviklinga vi no har fått kjennskap til.

Representanten Reikvam framhevar det arbeidet Gran skole på Furuset i Oslo har gjort på dette området. Eg hadde sjølv høve til å bli kjend med innhaldet i dette arbeidet og dei løfterike resultata då eg vitja skulen i høve Grunnskuleveka i november 1998. Departementet ser difor svært positivt på at kunnskap og erfaring frå denne typen initiativ blir spreidd. Informasjon om tiltaka ved Gran skole blir alt i dag vidareformidla til andre skular i Oslo og Akershus. Eg nemner òg at kommunale og statlege styresmakter har fått kunnskap om løfterike initiativ og tiltak gjennom prosjektet «Oslo indre øst».

Regjeringa er oppteken av å ha eit breitt og tverrdepartementalt engasjement omkring barn og unge sitt oppvekstmiljø. Ut frå eit slikt perspektiv arbeider Kyrkje , utdannings- og forskingsdepartementet med fleire konkrete saker og tiltak for å betre læringsmiljøet i skulen og styrkje kompetansen i møte med slike utfordringar som representanten Reikvam peikar på. Eg nemner m.a.:

  • Gjennom oppfølging av St.meld. nr. 23 for 1997-98, Opplæring av barn, unge og voksne med særskilte behov, blir hjelpeapparatet på landsbasis styrkt ved at PPT får tilført nærare 300 stillingar. Tiltak for å førebyggje åtferdsvanskar og løyse konfliktar i læringsmiljøet vil inngå som sentralt tema i det planlagde treårige kompetanseutviklingsprogrammet for skuleleiarar og PP-tilsette.

  • Som ledd i ei brei satsing for å betre oppvekstmiljøet i ein del forsøkskommunar blir det sett i gang særskild satsing i skulen i tre kommunar, herunder ein bydel i Oslo. Satsinga vil ta sikte på å engasjere skule, elevar og foreldre i arbeidet for å førebyggje vald, rasisme, mobbing, rus og kriminalitet. Elevrådsarbeid, demokratiutvikling i skulen og styrkt samarbeid med andre kommunale etatar vil vere sentrale perspektiv.

  • Regjeringa tek i St.meld. nr. 25 for 1998-99, Morsmålsopplæring i grunnskolen, opp ein del forhold som er viktige for elevar frå språklege minoritetar. Meldinga peikar m.a. på verdien av å gje desse elevane ei opplæring som er likeverdig med den som blir gjeven dei med norsk som morsmål, og understrekar kor viktig det er å ha eit nært samarbeid mellom heim og skule i desse tilfella.

Rolv Reikvam (SV): Jeg takker for svaret. Jeg er glad for de forsøkene som nå blir satt i verk. Å få nye faggrupper inn i skolen er viktig som forebyggende arbeid. Atferdsforsker Størksen ved Senter for atferdsforskning i Stavanger understreker veldig sterkt at vi må få inn nye og ulike faggrupper. Han nevner spesielt barnevernet og PP-tjenesten. Lederen i Lærerforbundet i Oslo har vært inne på det samme. Hun har sagt at vi må få inn nye voksne grupper som kan jobbe tverrsektorielt, og nevner miljøarbeidere, sosionomer, psykologer osv.

I en Bærum-skole var det i gang et tverrsektorielt prosjekt. Resultatene fra dette prosjektet var gode, men på grunn av dårlig økonomi ble det ikke videreført etter prosjektperiodens slutt. Mitt oppfølgingsspørsmål til statsråden blir: Vil han overfor kommuner som har gode erfaringer, og som har vært i gang med prosjekter, ta initiativ med sikte på at disse prosjektene kan føres videre, og at de får midler slik at dette er mulig? – For det står ofte på midler.

Statsråd Jon Lilletun: Eg vil stadfeste at vi skal gjere mykje av det representanten Reikvam no sa. Foreldreutvalet for grunnskulen set saman med departementet i gang eit foreldreinformasjonsprosjekt for å betre det generelle samarbeidet mellom skule og heim. Prosjektet vil gå i to fylke, Nordland og Oppland, og her vil vi òg leggje fram dei gode erfaringane frå Gran skole og ein del andre erfaringar. Når det gjeld prosjekta i dei tre kommunane som eg nemnde, har vi sett inn ekstra midlar i forhold til dei.

Elles vil eg seie at når det t.d. gjeld Bærum kommune, undrar det meg at det er økonomien som stoppar slike prosjekt. Eg trur vi må halde på at det er eit kommunalt ansvar. Eg har i dag òg hatt gleda av å opne den fyrste nasjonale konferansen for skulemekling. Det er eit utruleg spennande prosjekt. Men både i forsøket på å presentere Gran skole og det vi no gjer når det gjeld skulemekling, har vi opplevd at det har ikkje same interesse mediemessig som alt det negative har. Men det inneber ikkje at vi ikkje skal fylgje opp det som representanten Reikvam fortenestefullt nok tek opp her i dag.