Stortinget - Møte onsdag den 27. januar 1999 kl. 10

Dato: 27.01.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 33

Rolf Reikvam (SV): Jeg vil gjerne stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

«Fra skoleåret 1999-2000 går teknisk fagskole over til ny struktur. I de nye inntaksforskriftene stilles det krav om dokumentert kompetanse i de obligatoriske allmennfagene for søkere med fagbrev før R-94. I forhold til gjeldende forskrifter er dette en skjerpelse og det vil utelukke mange aktuelle søkere. Stortinget har i Innst. S. nr. 78 (1998-99) presisert at det for § 20-kandidater ikke skal stilles et slikt krav.

Vil statsråden endre opptakskravet til teknisk fagskole?«

Statsråd Jon Lilletun: Opptakskravet til teknisk fagskule etter ny struktur vil vere fagbrev og to års praksis. Etter Reform 94 vil dei fleste med fagbrev ha gjennomført 2+2-modellen, dvs. to år i skule med grunnkurs og vidaregåande kurs pluss to år i bedriftsopplæring. Dei nye læreplanane for teknisk fagskule, som skal takast i bruk hausten 1999, byggjer vidare på kunnskapar i allmennfaga som svarer til nivået etter fullført vidaregåande kurs 1 i yrkesfaglege studieretningar i skule. På dei to åra i teknisk fagskule vil studentane få generell studiekompetanse. For at studentane i teknisk fagskule skal kunne klare å fylgje med i undervisninga i allmennfaga fram mot studiekompetanse i løpet av teknisk fagskule, er det eit vilkår at dei har realkompetanse i faga. Dette gjeld òg for fagarbeidarar som har avlagt prøve etter § 20.

Som ei overgangsordning er det gitt høve til å ta opp søkjarar med fagbrev frå før reforma eller med lang og relevant praksis og realkompetanse i allmennfaga på VK I-nivå. Dette vart kommunisert ut frå departementet i eige rundskriv hausten 1998. Skulane kan sjølve vurdere om søkjaren har den naudsynte realkompetansen. Ved mange tekniske fagskular er ein i ferd med å arrangere forkurs for å oppdatere søkjarar som ikkje har denne realkompetansen. Det er også opna for at ein kan byggje opp realkompetansen gjennom utdanninga i teknisk fagskule.

Årsaka til mistydinga av opptakskrava til teknisk fagskule med ny struktur kan vere at det er gjeve ut ein brosjyre på privat initiativ frå ei profileringsgruppe for teknisk fagskule. Denne brosjyren gjev feil opplysningar. Det står der at det krevst dokumentert kompetanse i allmennfaga og ikkje realkompetanse, som det står i rundskrivet frå departementet. Brosjyren vart ikkje lagd fram for departementet før han vart send ut.

Teknisk fagskule har som målsetjing å kunne gje teknisk utdanning og leiarutdanning til folk med lang og allsidig yrkeserfaring. I ny struktur for teknisk fagskule er det lagt inn felles allmenne fag av eit omfang som gjev generell studiekompetanse. Dette er kunnskapar som ein treng i vårt moderne samfunn. Samfunnet er i sterk endring, den teknologiske utviklinga går fortare og fortare. Ein viktig del av arbeidet til ein teknikar vil vere kommunikasjon med ulike yrkesgrupper, også over landegrensene. Det er derfor viktig at studentane får opplæring både i morsmål, framandspråk og samfunnsfag. Matematikk og naturfag er ein føresetnad for å forstå dei tekniske faga. I tillegg skal teknisk fagskule vere ein rekrutteringsveg til høgare utdanning. Det er òg ei aukande interesse for dette i arbeidslivet, fordi framtida krev det av leiarar og mellomleiarar.

Eg vil sjå nøye på erfaringane med inntaket for komande skuleår med tanke på eventuelle endringar i opptaksreglane. Utfordringa vert å få til ei praktisering av opptaksreglane, slik at dei som ikkje har den formelle kompetansen, kan verte tekne inn ved teknisk fagskule på grunnlag av realkompetanse.

Rolf Reikvam (SV): Jeg takker for svaret og vil få tilføye at det var en viss imøtekommenhet i forhold til det jeg var opptatt av.

Teknisk fagskole er under press, og den har vært under press helt fra vi fikk Reform 94. Den ble på mange måter glemt i forbindelse med Reform 94, og det har den lidd under i ettertid. Vi vet også at søknadene har gått dramatisk ned de siste årene. Det er viktig at vi nå slår ring om teknisk fagskole. Jeg er litt bekymret hvis vi lager et system som gjør det vanskeligere for voksne folk som har sin utdanning før Reform 94, å bli tatt opp ved teknisk fagskole. Og jeg føler at vi er i ferd med å gjøre det. Selv om statsråden bruker begrepet «realkompetanse», er jeg likevel bekymret for at dette kan utelukke veldig mange, og forkursene, slik statsråden redegjorde for, er også på mange måter en skremsel for mange som har en viss frykt for teori.

Jeg håper statsråden vil se på dette en gang til, vurdere det på nytt og åpne for at det gamle systemet kan opprettholdes.

Presidenten: Presidenten har stor respekt for at representanten fra SV gjerne ønsker noe mer taletid, men allikevel må han holde seg til taletidsbestemmelsene.

Statsråd Jon Lilletun: Den delen av den brosjyren som gjev feil opplysningar om at det krevst studiekompetanse, skal i rundskriv verte kjend daud og makteslaus.

Vidare er det heilt klart at representanten Reikvam og eg har ei felles forståing av at teknisk fagskule skal vere eit tilbod til dei som ikkje har ein teoretisk bakgrunn, men som får lyst til å utvikle seg anten til mellomleiar eller å gå vidare t.d. på ingeniørstudium o.l. Men samstundes trur eg representanten Reikvam og eg er einige om at for å kunne klare oppgåvene i eit moderne samfunn er det faktisk nødvendig med ein god del av desse faga. Derfor er det denne statsrådens intensjon – og den trur eg òg eg deler med representanten Reikvam – i tilknyting til ånda både frå kompetansemeldinga og innstillinga til kompetansemeldinga at «realkompetanse» verkeleg skal brukast, at inngangen skal vere enkel, men samstundes skal kvalitetssikringa ved utgangen vere maksimalt god. Det er målet for denne statsråden.

Presidenten: Vi går tilbake til spørsmål 26.