Stortinget - Møte onsdag den 27. januar 1999 kl. 10

Dato: 27.01.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 36

Einar Olav Skogholt (A): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til sosialministeren:

«I Frankrike har medikamenter inneholdende virkestoffet buprenorfin hatt oppsiktsvekkende resultater i behandling av narkomane. Antallet overdoser er blant annet redusert med 70 pst. på fire år. Medikamentene skal ha klare fordeler sammenlignet med metadon.

Vil statsråden ta initiativ til å forsere og utvide utprøvingen av buprenorfin-assistert behandling i Norge?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Situasjonen for dei tyngst belasta rusmiddelmisbrukarane har vorte forverra gjennom dei siste åra, samstundes med at overdosedødsfalla har auka. Både den fysiske og den psykiske helsetilstanden til misbrukarane har vorte dårlegare. Misbrukarane er m.a. meir avmagra og har fleire infeksjonar, samstundes som mange slit med angst og depresjonar. Utgangspunktet mitt er at eitt overdosedødsfall er eitt for mykje. Det er nødvendig med styrkt innsats for denne gruppa for å betra misbrukaren sin situasjon og for å auka sjansane for vellukka rehabilitering og eit betre liv. For å få dette til må det vera ei breidd i tilboda. Det er diverre ikkje slik at det finst ei løysing som passar alle. Det inneber helsetilbod tett samanvovne med sosial oppfylging.

I fjor sette vi i verk ei rekkje nye tiltak for denne målgruppa, m.a. vart lov om sosiale tenester endra, slik at regelverket knytt til tilbakehald av rusmiddelmisbrukarar i institusjon utan eige samtykke er vorte meir presist og effektivt. Vi legg dermed til rette for fleire tvangsinnleggingar. Fleire nye kommunar fekk midlar til ettervernstiltak. Tilbodet om metadon vart bygt ut og er no landsdekkjande.

Bruken av buprenorfin er kjent i fagmiljøet i Noreg. Norske ekspertar vitja det omtala prosjektet i Frankrike i november i fjor. Dei fann resultata interessante. Eg vil sjølv reisa til Frankrike fyrst i mars for m.a. å bli direkte orientert om resultata deira. Eg vil ha norsk ekspertise med på turen og saman med dei diskutera erfaringane dei franske styresmaktene har gjort med denne forma for medikamentell behandling. Metadonsenteret i Oslo, MARIO, førebur eit forsøk som tar mål av seg til å svara på kva for plass eit slikt tilbod bør ha i behandlinga av rusmiddelmisbrukarar i Noreg.

Som kjent er det eit prosjekt i Skien der ein deler ut Subutex til rusmiddelmisbrukarar. For å kunna gje dette medikamentet til misbrukarar, vart det søkt Statens legemiddelkontroll om registreringsfritak. g her er det altså strenge restriksjonar for å kunna gje denne typen medikament til rusmiddelmisbrukarar. Slik må det vera så lenge vi veit at forskriving av vanedannande medikament frå legar, utan at klienten får tett oppfølging, aukar faren for overdose. Helsetilsynet er oppteke av at ikkje alle medikament er like eigna i såkalla substitusjonsbehandling. Dei understrekar at det må vera streng kontroll med kva som blir skrive ut, og at all slik behandling må vera innanfor dei rammene som er lagde i metadonprosjektet.

I utgangspunktet er eg av den oppfatninga at flest mogleg tiltak for å hjelpa rusmiddelmisbrukarane må prøvast ut. Dersom buprenorfinassistert behandling viser seg effektiv, og dersom den lar seg setja i verk og gjennomføra i kontrollerte former med den naudsynte oppfølginga, er eg villig til å vurdera meir bruk av slik behandling òg i Noreg.

Einar Olav Skogholt (A): Jeg takker statsråden for svaret, og vil få ønske henne god tur til Paris.

Jeg er enig i at det må være en streng kontroll med det medikamentet som blir utskrevet, og at all slik behandling må være innenfor de rammene som er lagt i metadonprosjektet. Vi har ikke noe tilbud om metadonbehandling til alle som fyller kravene for slik behandling – ca. 500 personer står på venteliste, og overdosedødsfallene er høyere enn noen gang tidligere. Alt må prøves for å redusere overdosedødsfallene vesentlig, slik også statsråden sa.

I Frankrike har man jo meget god erfaring med bruk av medikamenter som inneholder virkestoffet buprenorfin. Ja, resultatene er oppsiktsvekkende. Behandlingen er langt rimeligere enn metadonassistert behandling. Kan ikke statsråden åpne for at de som står på venteliste for metadonassistert behandling, får dette alternative behandlingstilbudet omgående? Og har statsråden drøftet denne problemstillingen med fagrådet innen rusvern i Norge?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Det er rett som representanten Skogholt peikar på, at her på dette tidspunktet står altfor mange i kø for behandling. Eg har sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på både sambandet mellom det tilbodet vi i dag har for behandling, og det behovet vi har. Dei skal òg sjå på kvalitet og organisering.

Eg er glad for at vi står saman, på tvers av ulike parti, for ein forsterka innsats for dei mest forkomne rusmisbrukarane. Men det som er avgjerande, er at den einskilde får tett oppfølging. Fyrst då har han eller ho ein sjanse for å lukkast. Det ligg til grunn i metadonprosjektet, det må òg liggja til grunn dersom vi skal utvida med nye preparat. Derfor treng dette tid.