Stortinget - Møte onsdag den 27. januar 1999 kl. 10

Dato: 27.01.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 5

Anneliese Dørum (A): Jeg vil få stille følgende spørsmål til barne- og familieministeren:

«Forsvaret skal sende soldater til barnehager og barneskoler i Trøndelag i forbindelse med «Battle Griffin». Det er viktig å gå fram med særskilt aktsomhet overfor barn, og barn reagerer svært ulikt etter alder, bakgrunn og modenhet. Spesielt ønsker vi å skåne barn for vold, død og krig. Vi stiller store krav til dem som arbeider i skoler og barnehager, og til opplegg og undervisning som tilbys barna.

Mener statsråden at det skisserte opplegget fra Forsvaret er egnet og faglig riktig overfor små barn?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Fyrst innleiingsvis til problemstillinga der Anneliese Dørum seier at Forsvaret skal senda soldatar: Eg vil retta det til at Forsvaret har tilbydt besøk av soldatar dersom barnehagar og skular ynskjer å ta imot dei.

I samband med «Battle Griffin» vil det vera mange soldatar i Trøndelag. Ei slik øving kan ikkje gå føre seg utan at nærmiljøet legg merke til det. Det kan òg virka skremmande dersom ein ikkje er klar over kva det er som går føre seg.

Både barnehagen og skulen skal vera aktive i forhold til samfunnet omkring. Dette er nedfelt i planverket for både barnehage og skule. Eg ser det difor som positivt at borna blir gjorde kjende med det som skjer i nærmiljøet. Både i barnehagen og i skulen skal verksemda gå føre seg i forståing og samarbeid med heimane. Eg går ut frå at dei opplegga Forsvaret tilbyr i samband med denne konkrete øvinga, er drøfta i foreldreråd og samarbeidsutval i dei barnehagane og skulane det gjeld. Eg går òg ut frå at barnehagestyrarar og rektorar har vurdert om opplegget passar for dei borna det gjeld, og at det blir tatt særleg omsyn til born med bakgrunn frå krigsherja land. Barnehagestyrarar og rektorar er kompetente til å gjera slike vurderingar.

Når det no skal gå føre seg ei omfattande øving i Forsvaret sin regi i Trøndelag, er det viktig at barnehagane og skulane er informerte og kan fortelja borna kva dette inneber, og kvifor ein held ei slik øving. I samband med denne øvinga har Forsvaret gitt eit tilbod om informasjon til barnehagane, både for å gi sakleg informasjon og for å hindra at born blir redde, på same måten som at t.d. representantar frå politiet kan komma til institusjonane for å gi informasjon om kva arbeidet deira går ut på. Slike samarbeidsprosjekt har lange tradisjonar både i barnehage og skule.

Eg synest det er bra at Forsvaret har tatt dette initiativet. Slike store øvingar vil alltid få innverknad på dei miljøa dei går føre seg i. Initiativet deira tyder på at dei tek ansvar for at øvinga skal vera best mogleg kjend på førehand, slik at ho ikkje gjer unødig skade eller skapar unødig redsle hos borna. Tvert imot, dei kan få sjå at soldatane er vanlege menneske, dei òg.

Anneliese Dørum (A): Jeg går ut fra at statsråden, som jo har et særlig ansvar for småbarna våre, har konferert med sine fagfolk om det faglige opplegget, og om dette opplegget er egnet for så små barn som barnehagebarn og barn i småskolen. Jeg vet bare at Barneombudet har uttalt seg negativt om denne aksjonen, og mener den er uheldig.

Barn trenger informasjon, og det er viktig å unngå at de skremmes eller blir utrygge av at militær aktivitet pågår i nærmiljøet. Men informasjonen bør komme fra noen som kjenner barna og de individuelle forutsetningene den enkelte har.

Forsvaret hevder at informasjon er nødvendig for barnas trygghet både i forbindelse med endrede trafikkforhold og skadelige objekter som blir henlagt eller gjenglemt. Men barn i så ung alder kan ikke pålegges ansvar for egen sikkerhet, det må foreldre, barnehager og skoler være med på.

Jeg forstår det slik at statsråden godkjenner dette opplegget, og det er jeg skuffet over.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: No er det ikkje eg som har myndigheit til verken å godkjenna eller avvisa dette opplegget. Og eg må ærleg innrømma at då eg høyrde om dette fyrste gongen, var òg min refleksreaksjon slik som representanten Dørum sin har vore i spørsmålsstillinga og oppfylginga. Men då eg gjekk inn og såg på opplegget, vart eg veldig roleg. Det som kan vera eit problem, er sjølvsagt at dette kjem bardus på borna, altså at dei møter øvinga utan å kjenna noko til ho på førehand. Eg har òg lyst til å understreka at når dette informasjonsopplegget skal skje, er det ikkje snakk om at førskulelærarane, barnehagepersonellet eller lærarane skal gå ut av klasserommet og overlata heile arenaen til soldatar. Dette må sjølvsagt skje i eit samarbeid mellom fagpersonell og soldatar, slik at borna får ein skikkeleg informasjon.

Eg er heilt samd med representanten Dørum i at born ikkje kan påleggast ansvar for eigen tryggleik, men eg synest likevel det er viktig at dei får denne informasjonen på ein så god og pedagogisk måte at dei ikkje blir skremde når ting skjer i nabolaget deira.