Stortinget - Møte onsdag den 10. februar 1999 kl. 10

Dato: 10.02.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 25

Petter Løvik (H): Eg tillet meg å stille følgjande spørsmål til den fungerande justisministeren:

«Sunnmøre politikammer har fått tildelt to nye stillingar for 1999. Samtidig er drifts- og overtidsbudsjettet kutta med fleire millionar kroner. Politimeisteren har difor sendt brev til lensmennene på Sunnmøre om å rykke ut på overtid berre dersom liv og helse står i fare.

Kva vil statsråden gjere for å rette på denne heilt uhaldbare situasjonen?»

Statsråd Jon Lilletun: Det er løyvt ca. 4,3 milliardar kroner til politidistrikta og politiets særorgan til drift i 1999. Dette er ein auke på 7,2 pst. samanlikna med 1998. Løyvinga skal dekkje faste, variable kostnader og øyremerkte midlar. Dei variable kostnadene utgjer ca. 12 pst. av den totale løyvinga. For denne delen av løyvinga i 1999 vil dette seie ein liten reduksjon, men det er viktig i denne samanhengen å streke under at alle faste utgifter, til og med tillegg etter tenestelister, har fått full dekning.

For Sunnmøre politidistrikt medfører det løyvde beløpet for 1999 ein auke på 5,4 pst. samanlikna med 1998. Den totale løyvinga utgjer 66 mill. kr. Dersom ein trekkjer ut den variable delen, som m.a. også inneheld drifts- og overtidsbudsjettet, har Sunnmøre politidistrikt for 1999 fått ein reduksjon på 659 000 kr. Påstanden om ein reduksjon på fleire millionar kroner er såleis ikkje rett.

Når det gjeld det nemnde skrivet, har politimeisteren opplyst at han med bakgrunn i å ha motteke eit budsjett med reduksjon vil varsle ei streng budsjettline til leiarane av driftseiningane, før ein ser verknadene av reduksjonen og før fordeling av budsjettet vert gjort internt. Leiargruppa i politidistriktet har i ettertid handsama nemnde skriv og vedteke nokre presiseringar av kva som skal vere grunnlag for utrykking på overtid, samanlikna med det som er kalla «liv og helse står i fare». I denne samanhengen er det også viktig å understreke politimeisteren sitt ansvar for å halde budsjettet.

Sunnmøre politidistrikt er eit av dei fem politidistrikta som får opprette nye stillingar i 1999. I dette ligg det også at departementet arbeider med ei styrking av politidistriktet.

Dessutan kan ein nemne at Justisdepartementet gjennomførte ein inspeksjon ved Sunnmøre politidistrikt i tida 1. – 4. februar i år, der m.a. ressursar og ressursbruk var eit sentralt tema. I etterarbeidet med inspeksjonen vil departementet sjå på ressurssituasjonen for Sunnmøre politidistrikt og samanlikne den med dei andre politidistrikta.

Petter Løvik (H): Eg takkar for svaret.

Eg registrerer at det er usemje mellom statsråden og Sunnmøre politikammer om storleiken på reduksjonen i løyvingane til variable kostnader. Men statsråden innrømmer iallfall at det har vore ein reduksjon m.a. på drift og overtid. Dette er ei utvikling som etter mi meining er stikk i strid med Stortinget sine føresetnader om å styrke det aktive politiarbeidet.

I brev av 25. januar til justiskomiteen slår politiorganisasjonane fast at Justisdepartementet sitt forslag vil føre til at «aktiviteten i politiet måtte reduseres med gjennomsnittlig 5 %, og en rekke stillinger vil bli stående ubesatt». Då vil eg spørje: Er ikkje dette eit brot på Stortinget sine føresetnader då ein kom med tilleggsløyvingar? Kva vil statsråden gjere om det viser seg at så er tilfellet? Og konkret: Kva legg statsråden i det han sa – utover det han her nemnde – om at departementet arbeider med ei styrking av Sunnmøre politidistrikt?

Statsråd Jon Lilletun: For å ta det siste fyrst. Det er klart at når besøket var 1. – 4. februar, er ein ikkje komen så langt i evalueringsarbeidet at ein kan seie kva konkrete tiltak ein seinare vil setje i verk. Men, som eg sa, ein har allereie retta opp ei urettvis underdekning på Sunnmøre ved at ein ved den omfordelinga som vart gjord i inneverande budsjett, oppretta to nye stillingar. Eg svarte i førre spørjetime på spørsmål frå representantar som kom frå distrikt som hadde mista stillingar, stillingar som no er komne Sunnmøre til gode – så her har ein prøvd å fordele dei ressursane ein har, på ein mest mogleg rettferdig måte.

Når det gjeld dette med kva Stortinget la i sitt budsjettvedtak, meiner eg at Regjeringa har fylgt opp det på ein god måte. For å utdjupe det kan eg seie at det vil vere ein dialog mellom regjering og forlikspartar som eg håper kan syne at det er tilfellet.