Stortinget - Møte onsdag den 5. mai 1999 kl. 10

Dato: 05.05.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 13

Grete Knudsen (A): Jeg vil stille kirke-, utdannings- og forskningsministeren følgende spørsmål:

«Rammeplanene for sykepleierutdanningen holdes fortsatt tilbake.

Hva er statsrådens begrunnelse for dette?»

Statsråd Jon Lilletun: Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet tok sikte på å fastsetje ny rammeplan for grunnutdanning i sjukepleie no i vår, med sikte på iverksetjing frå hausten av. Det er rett at den endelege godkjenninga er halden tilbake, slik at ny rammeplan tidlegast vil kunne setjast i kraft frå hausten år 2000.

Framlegget til rammeplan inneheld element som etter departementet si vurdering vil innebere betydelege auka kostnader for høgskulane. Det gjeld tiltak som departementet meiner er viktige for å styrkje praksisundervisninga og slik bøte på påstått manglande funksjonsdugleik og praktiske ferdigheiter hjå dei nyutdanna. Departementet vil arbeide vidare med å avklare dei økonomiske konsekvensane, og å finne dekning for desse innanfor dei budsjettmessige rammene.

Det er i fyrste rekkje dette som er bakgrunnen for utsetjinga, og ikkje at departementet vil gjere store endringar i innhaldet i høvet til det føreliggjande framlegget, som har vore til høyring hjå institusjonane. For helsefagutdanningane gjeld at dei skal gje grunnlag for helsestyresmaktene sin autorisasjon av helsepersonell. Dette er eit moment som talar for at ein i desse rammeplanane bør ha retningslinjer som medverkar til å sikre at dei uteksaminerte kandidatane held ein viss minstestandard. Framlegget til rammeplan har elles òg vore på høyring hjå helsestyresmaktene, som slutta seg til hovudtrekka i planen.

Eg vil også vise til at vi no har til høyring ein rapport om tiltak for å styrkje praksisundervisninga i sjukepleiarutdanninga. Ein fordel med å utsetje rammeplanen er at denne kan sjåast i samanheng med desse tiltaka. Rammeplanframlegget inneber t.d. auka praksiskrav. Dette aktualiserer spørsmålet knytt til tilgangen av praksisplassar. Eit av framlegga i den nemnde rapporten frå Mekki-utvalet gjeld etablering av ein instans som skal koordinere arbeidet med å skaffe praksisplassar for helse- og sosialarbeidarutdanning både i vidaregåande skule og i høgare utdanning. Departementet har i brevet til høyringsinstansane uttalt at vi er særleg interesserte i kommentarar til dette, og til korleis ein slik instans kan fungere. Om tilbakemeldingane i høyringa er positive, er dette noko av det eg vil sjå nærmare på og kan tenkje meg å gjennomføre.

Departementet er kjent med at mange høgskular har kome langt i arbeidet med fagplanane utarbeidde på grunnlag av framlegget til rammeplan som vart sendt til høyring. Om det er høgskular som sterkt ynskjer å setje i gang frå hausten av, og som ser seg i stand til det innanfor eksisterande budsjettrammer, vil departementet etter søknad vurdere dette.

Grete Knudsen (A): Jeg vil takke statsråden for svaret. Jeg synes det var positivt at han ikke laget noen krumspring, men sa helt konkret at det er den økonomiske situasjonen og det at det vil koste penger, som gjør at sykepleierutdanningen som vel den eneste profesjonsutdanningen nå ikke har en fornyet rammeplan. Det må vi ta innover oss, for rammeplan må de få. Jeg regner da med at det i statsbudsjettet må finnes ordninger slik at man kan komme i gang til neste høst med den nye rammeplanen.

Det statsråden nevnte når det gjaldt et praksisutvalg i hvert fylke, synes jeg er meget positivt. Jeg vil også be om statsrådens vurdering av dette når man nå driver innsatsstyrt finansiering ved skolene, om han da ikke ser at veiledning av studenter nå veldig lett kan komme i en skvis, fordi det ikke er betalt. Hva vil utdanningsministeren kunne gjøre med det?

Statsråd Jon Lilletun: Eg trur representanten Grete Knudsen har rett i at ein veldig fort kjem i ein skvis. Eg håper at ei betre organisering ved eventuelle praksissenter kan vere eitt verkemiddel. Vidare er det klart at det hadde vore ynskjeleg om ein òg innanfor sjukepleiarutdanninga kunne ha ordningar som var tilsvarande dei ein del andre profesjonsutdanningar har når det gjeld rettleiarane. Det vil igjen vere eit økonomisk spørsmål, så eg vil ikkje gå lenger i svaret i dag enn eg no har gjort. Men at det er eit forhold som må takast med i totalvurderinga, er eg einig med representanten Knudsen i.

Grete Knudsen (A): Jeg er fornøyd med det svaret statsråden gir når det gjelder praksisutvalg. Kanskje kan man allerede nå klare å få noen av dem til – så snart som råd er – hvis det er et ønske fra fylkene. Da får man jo den erfaringen, og det koster ikke de store pengene.

Jeg håper også at vi kommer tilbake til praksisplassene, også når det gjelder kompensasjon, slik at man sikrer veiledning ved sykehusene, og slik at det ikke blir alle andre profesjoner – enten det er hjelpepleiere, vernepleiere eller andre – som får praksis og får kompensert for dette, men ikke sykepleierne. Det er en urettferdighet som vi må være villig til å rette opp.

Statsråd Jon Lilletun: Til det siste representanten Grete Knudsen sa, viser eg til det eg sa i mitt fyrste svar – det vil det då bli høve til å kome attende til.

Når det gjeld spørsmålet om nokon av desse praksisrettleiingskontora kan kome i gang allereie no, er eg open for det. Dersom det kjem søknader om å få sett i verk rammeplanen – dersom dei også søkjer om det, eller berre om det – er eg innstilt på at vi kan setje i gang forsøk med det, mens vi arbeider vidare med å få det som ei nasjonal ordning. I den grad det er fylke som ynskjer å fremje slik søknad, vil eg sjå positivt på det.