Stortinget - Møte onsdag den 5. mai 1999 kl. 10

Dato: 05.05.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 14

Tomas Norvoll (A): Jeg vil få stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

«Det framgår av en undersøkelse ved NTNU at norske jenter bruker PC og Internett minst av alle jenter i Norden.

Vil statsråden foreta seg noe i sakens anledning for å hindre at norske jenter blir hengende etter?»

Statsråd Jon Lilletun: På oppdrag frå IBM utførte Norsk Gallup Institutt AS i januar 1999 ei undersøking av IKT-bruken blant unge i aldersgruppa 16-24 år i dei nordiske landa. Undersøkinga viser m.a. at norsk ungdom totalt sett faktisk har noko mindre tilgang til PC enn ungdom i Finland, Danmark og Sverige. I Finland har 93 pst. av ungdommen tilgang til PC, mens det er 88 pst. i Noreg. Skilnadene er der, men dei er små. Undersøkinga viser òg at i Finland og Danmark har fleire av dei unge tilgang til PC på skulen enn kva tilfellet er i Noreg, og at norsk ungdom generelt nyttar IKT noko mindre enn ungdom i Finland, Sverige og Danmark.

Ettersom norsk ungdom totalt sett ser ut til å bruke IKT noko mindre enn ungdommen i dei andre nordiske landa, er det ikkje uventa at norske jenter bruker IKT mindre enn jentene i dei andre landa. Etter dei samanstillingane som er viste i pressa, kan det sjå ut til at norske jenter nyttar utstyret i mindre grad enn til dømes finske jenter. Dette kan også henge saman med at bruken av IKT er meir integrert i skulen i Finland enn i Noreg. Vi har ikkje hatt tilgang til data som viser detaljar i IKT-bruken til jenter i dei andre nordiske landa.

Den tilgangen jenter har til og den bruken dei gjer av IKT, er sentrale element i arbeidet med IKT i norsk utdanning. Dei nordiske skilnadene som vi ser, vil bli studerte nærmare.

At jenter bruker IKT mindre og har mindre interesse for IKT enn gutar, har vi lenge vore klare over, og vi har òg gjort noko med det. Som ledd i handlingsplanen for IKT i utdanninga har det dei siste åra vore sett i gang ei rad tiltak for å stimulere jenter til å interessere seg for og til å bruke PC og Internett. Det er sett i gang FoU-arbeid i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Det er etablert eigne etter- og vidareutdanningstilbod for kvinnelege lærarar. For å få fleire kvinner til å velje IT-utdanningar på høgre nivå er det sett i verk spesielle rekrutteringstiltak ved universiteta.

Etter kvart har vi fått kunnskapar om korleis IKT kan takast i bruk på ein måte som stettar behova både til jenter og gutar. Departementet er no i ferd med å lage ein brosjyre der røynsler frå prosjektarbeid vil bli samla, og der lærarar vil få råd og tips om korleis IKT kan integrerast i undervisninga slik at jenter også får interesse for bruken.

Departementet vil i haust arrangere den tredje konferansen i rekkja som rettar seg mot kvinnelege lærarar. Konferansen Damer og Data set søkjelys på kvinnelege lærarar sine erfaringar med bruk av IKT i skolen. Målet for konferansen er også å spreie gode jenteretta tiltak, slik at erfaringane kan komme fleire elevar og lærarar til gode.

Departementet vil i det vidare arbeidet på IKT-området fylgje opp og prøve å jamne ut dei skilnadene mellom jenter og gutar som IBM-rapporten ser ut til å vise.

Tomas Norvoll (A): La meg få takke statsråden for et fyldig svar.

Det er klart at hvis gapet mellom gutter og jenter i bruk av og i kunnskap om ny teknologi blir stort, er det et alvorlig problem. Det er også et problem for oss hvis norsk ungdom bruker og kan mindre om ny teknologi enn ungdom i de landene som ligger rundt oss. Uten at vi skal hausse det opp til en nasjonal katastrofe på kort sikt, er det viktig at vi stiller den problemstillingen i et visst fokus.

Stortinget har bedt om en gjennomgang av nivået på IT-utdanningen på alle nivåer i skoleverket. Jeg kan godt tenke meg å spørre om hvordan statsråden har tenkt å komme tilbake til Stortinget med dette, og om Stortinget vil bli invitert til å delta og få informasjon om de prosessene som departementet driver for å få særlig jenter i Norge mer opptatt av bruk av IKT.

Statsråd Jon Lilletun: Fyrst vil eg takke representanten Norvoll for nyanseringa av problemstillinga. For det er ikkje noko dramatikk i dette i dag. Men det at vi heng litt etter dei andre nordiske landa, går det ikkje an å avfinne seg med. Så eg er heilt einig med han i at det bør skjerpe både statsråden, Regjeringa, oss som nasjon og Stortinget.

Det er heilt rett at Stortinget har vore oppteke av problemstillinga, og eg har sagt at vi vil kome tilbake i løpet av året med ei fornying av handlingsplanen. Eg har enno ikkje bestemt på kva måte eg vil informere Stortinget. Det kan bli i statsbudsjettet, i eit eige dokument eller saman med noko anna av det Stortinget har bestilt. Det som er heilt klart, er at eg kjem til å invitere Stortinget med på vidareutviklinga.