Stortinget - Møte onsdag den 5. mai 1999 kl. 10

Dato: 05.05.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 12

Laila Kaland (A): Eg vil stille følgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

«På landsplan er det i dag problem med rekruttering av lærarar både i grunnskulen og den vidaregåande skulen. Den vidaregåande skulen i Møre og Romsdal er verst ramma når det gjeld rekruttering av lærarar. Spesielt er det vanskar med å få lærare i yrkesfaga. Dette er ei farleg utvikling.

På kva måte vil statsråden medverke til at læraryrket kan bli meir attraktivt?»

Statsråd Jon Lilletun: Den 12. mars 1998 fatta Stortinget fylgjande vedtak:

«Stortinget ber Regjeringa om å legge fram ein eigen handlingsplan for rekruttering til læraryrket. Handlingsplanen må innehalde vurderingar av alle sider ved lærarens arbeidsforhold og tiltak for å sikre både ny rekruttering og stabilitet i læraryrket.»

Ved fleire høve har eg munnleg sagt i Stortinget at eg vil leggje fram ein slik plan i ei eiga melding til Stortinget. Skriftleg har eg varsla om at meldinga er planlagd lagt fram i vår. I departementet legg vi i desse dagar siste hand på utkastet til meldinga. Eg tek sikte på at ho kan leggjast fram av Regjeringa før sommarferien.

I meldinga vil eg

  • vise korleis lærardekninga er i dag

  • vise utviklingsframskrivingar

  • analysere og gje mine vurderingar av lærarsituasjonen

  • leggje fram ein handlingsplan for å sikre framtidig lærardekning

Eg finn det ikkje rett i dag å gå nærmare inn på kva for tiltak vi vil leggje fram. Det eg kan seie, er at meldinga vil innehalde fleire tiltak både for å sikre tilgangen til læraryrket og for å påverke fleksibiliteten og arbeidsforholda i skulen på ein positiv måte.

Eg håper representanten Kaland er nøgd med dette til så lenge, og så kan vi kome attende til diskusjonen når meldinga vert framlagd.

Laila Kaland (A): Eg vil takke statsråden for svaret, og eg skal love å lese rekrutteringsmeldinga hans nøye. Eg følte at det var ein liten lærar som kom fram i det svaret som eg fekk, men det tek eg til etterretning – eg har ikkje følgt godt nok med i timen.

Men eg har fått ein del problemstillingar frå eige fylke som går på at Møre og Romsdal har ein del problem med rekrutteringa av lærarar, og spesielt går det på lærarar med realfag på ungdomsskuletrinnet. Dei ser også at talet på søkjarar t.d. ved Volda Lærarhøgskule har gått ned med ca. 50 pst. dei to siste åra. Det går også på at ca. 40 pst. av lærarane er over 50 år, så no slit dei litt med langtidssjukemeldingar, og enkelte blir også uføretrygda.

Dette er ei alvorleg problemstilling. Derfor meiner eg at eit betre arbeidsmiljø for både lærarar og elevar i skulen, eit betre utdanningstilbod og kanskje også ei letting av arbeidsbyrdene for lærarar som har kome over 50 år, er noko ein må ta med seg. Dei tiltaka skal eg med glede vere med og diskutere når rekrutteringsmeldinga ligg føre.

Statsråd Jon Lilletun: I den grad representanten Kaland opplevde at skulemeisteren sa at ho ikkje hadde fylgt med i timen, var det ikkje det som var meininga med svaret mitt – det var å gje opplysningar. Eg synest det er prisverdig at ein representant frå eit distrikt tek opp dei problema som trykkjer på i distriktet.

Når det gjeld yrkesfaglærarar, er det heilt rett det som representanten Kaland seier. Ein ting vi håper skal avhjelpe det, er at vi no, som eitt tiltak, har kome i gang med ei ny faglærarutdanning. Så dei forholda og tilhøva som representanten Kaland no peikte på, er heilt klart relevante for situasjonen og vil verte omhandla i meldinga.

Eg meiner at kvar ting som fører til merksemd om det som det trengst å gjerast noko med, er ein god ting.