Stortinget - Møte onsdag den 26. mai 1999 kl. 10

Dato: 26.05.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 19

Tomas Norvoll (A): Jeg vil gjerne få stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

«Øket nasjonal og internasjonal konkurranse om penger så vel som personale krever at våre universiteter settes i stand til å takle omstillinger.

Vil statsråden legge fram en egen omstillingspakke for universitetene?»

Statsråd Jon Lilletun: Fagleg og pedagogisk utvikling, tilpassing til endra søkjarmønster og samfunnet sine krav har gjort omstilling til ein kontinuerleg og heilt naturleg del av verksemda ved universiteta. Dei seinare åra har auka omfang av oppdrag innanfor forsking og undervisning, samt internasjonal konkurranse, auka behova for omstilling.

Universiteta har, som eg reknar med representanten Norvoll er kjend med, fremja forslag om ein felles femårs tiltakspakke for omstilling, med ei samla ramme på 600 mill. kr.

Prinsippa om rammebudsjettering og institusjonane sitt sjølvstyre gjer at universiteta er gjevne stor fridom til sjølve å prioritere mellom ulike oppgåver og til sjølve å avgjere korleis dei vil løyse dei. Departementet har likevel eit ansvar for å leggje tilhøva til rette for at institusjonane skal ha eit handlingsrom som set dei i stand til å konkurrere på rimelege vilkår med både innanlandske private aktørar og med utanlandske lærestader. Spørsmål knytte til regelverk og organisering av oppdragsverksemd er handsama av Mjøs-utvalet som la fram ei delutgreiing om dette i april. Departementet har sendt denne på høyring og vil kome tilbake til Stortinget med forslag om vidare oppfølging av utvalet si innstilling.

I St.meld. nr. 36 for 1998-99 Om prinsipper for dimensjonering av høgre utdanning, som er til handsaming i Stortinget, er ulike tiltak drøfta. Mellom anna har eg i stortingsmeldinga varsla ei vurdering av institusjonane sin rett til sjølve å opprette studietilbod, at departementet skal avklare om det er grunnlag for å gjeninnføre ei ordning med seniorstipend eller bistilling i kombinasjon med pensjon, og om det i større grad enn no kan nyttast tilsetjing i mellombels stilling for tilsette med hovudstilling utanfor universiteta. I forslaget til endring av universitets- og høgskulelova som vart lagt fram i førre veke, er det, slik Stortinget har bede om, føreslått å gje høve til forsøksverksemd m.a. med nye styringsordningar.

I samband med statsbudsjettet for 1999 prioriterte Regjeringa – og Stortinget gav si tilslutning til det – å leggje til rette for at høgskulane og universiteta kan gjennomføre planlagde omstillingsprosessar. Det er difor ikkje teke ut full heilårsverknad av reduksjonane i studieplassar. Det er òg prioritert å setje av eit beløp på 10 mill. kr til institusjonar med særskilde omstillingsbehov.

Samla sett vurderer eg desse tiltaka som veleigna til å gje universiteta betre tilhøve for omstilling, slik at dei m.a. kan konkurrere på rimelege vilkår med både innanlandske private aktørar og med utanlandske lærestader når det gjeld forsking og undervisning. Når det gjeld den særskilde tiltakspakka for omstilling som universiteta har fremja forslag om, er dette forslag av eit slikt omfang at det må handsamast i samband med statsbudsjetta.

Tomas Norvoll (A): Jeg har en viss forståelse for at når man snakker om flere hundre millioner kroner, må det ses i sammenheng med budsjettet. Men jeg opplevde nok at statsråden i sitt svar var negativ til at man skulle ha en egen omstillingspakke for universitetene og at han for så vidt var fornøyd med de tiltakene som var satt i verk. Nå er jo en del av de tiltakene som er satt i verk, for så vidt positive ting som vi også støtter. Men vi opplever at situasjonen er ganske dramatisk ved universitetene og for den saks skyld også ved høyskolene. Det sitter veldig mange eldre personer i høye stillinger, personer som vil gå ut i pensjon ganske raskt. Vi ser at fagprofilen endrer seg veldig kjapt, og at de ikke greier å henge med. Det er de private aktørene på markedet som overtar dette, og det kan virke som at det vi kan kalle den intellektuelle infrastrukturen som vi har brukt milliarder på å bygge opp, nå til en viss grad er i ferd med å forringes. Vi mener at dette haster, at man er nødt til å fremme forslag om egne tiltak for å sikre at man får i gang den omstillingen ved universitetene som er absolutt nødvendig.

Statsråd Jon Lilletun: Eg vil til ein viss grad reservere meg mot at det kan oppfattast på den måten at eg i mitt svar uttrykte meg som om eg ikkje synest det kan vere viktig med ei slik omstillingspakke. Det eg gjorde, var å vise til kva Regjeringa og Stortinget i fellesskap har sett i verk av tiltak som vil betre situasjonen på både kort og lang sikt.

Så er ein dimensjon ved den omstillingspakka som det er bede om, at det ikkje berre gjeld kva eg synest ville vere viktig, og kva eg synest kunne vere bra å få til, men at det òg er noko som må sjåast i ein total økonomisk samanheng.

Eg synest at representanten Norvoll på ein nyansert og god måte omtalte utfordringane som ligg innanfor universitet og høgskular, og eg tek det med meg. Men eg må nok stå fast på og konkludere i forhold til det som universiteta og høgskulane har bede om, at det må vi kome tilbake til seinare.

Tomas Norvoll (A): Jeg er for så vidt glad for at statsråden nyanserer, og ikke går helt imot å komme med en slik egen pakke. Det er klart at vi også er opptatt av at man skal se hele sektoren i sammenheng. Der er det ingen uenighet. Det er et komplekst og stort område, og det er fornuftig å se på flere ting samtidig for å få den rette retningen på dette, men vi mener også at det er veldig mange tog som nå går for universitetene og høyskolene våre. Når vi får stadig mye mer oppdragsforskning, og etter- og videreutdanningsreformen etter hvert kommer, og flere og flere voksne etterspør mer tilpassede kurs som er mer tilrettelagt for den enkelte, vil det være nær sagt en katastrofe hvis den intellektuelle infrastrukturen som vi har bygd opp rundt disse universitetene og høyskolene, skulle forvitre til fordel for at det er de mer private kjekke og greie løsninger som tar den biten. Derfor vil jeg igjen stresse at dette er noe som det haster at man kommer i gang med, og at institusjonene våre ikke må stivne enda mer i strukturene enn hva de har gjort til nå.

Statsråd Jon Lilletun: Dei forskingsbaserte offentlege institusjonane er ryggraden i vårt utdannings- og forskingssystem, og det er viktig at dei framleis kjem til å vere det. Difor må dei setjast i stand til å ta desse utfordringane. Eg synest at dei siste åra har vist at det som kunne verke tilstivna, likevel har vist monaleg evne og vilje til endring. Difor er eg ganske optimistisk med omsyn til at dei skal kunne spele ei sentral rolle når det gjeld kompetansereforma, slik som representanten Norvoll no tok opp.

Så skal eg ta med meg den uroa som representanten Norvoll gjev uttrykk for. Eg håper at det som vi skal diskutere i fellesskap når vi legg fram statsbudsjettet, samla sett kan gje optimisme i forhold til framtida til norsk høgare utdanning og forsking.