Stortinget - Møte onsdag den 26. mai 1999 kl. 10

Dato: 26.05.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 20

Grete Knudsen (A): Det har sneket seg inn en liten feil, så jeg leser den korrekte spørsmålsteksten. Det har ikke noe betydning for realitetene.

Jeg vil stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

«Hvor mange nye privatskoler har fått godkjenning eller er under godkjenning, hvor mange eksisterende private skoler er gitt rett til utvidelse det siste året, og kan disse godkjenningene få som følge at det offentlige skoletilbudet» – her stod det opprinnelig «skoletilskuddet» – svekkes?»

Statsråd Jon Lilletun: Det har alltid vore eit jamt tilsig av søknader om godkjenning av nye private skular og spørsmål om utvidingar ved eksisterande skular. Departementet har for tida til behandling 26 søknader om å få opprette nye skular med rett til tilskott. Av desse er det elleve grunnskular, ein kombinert grunnskule og vidaregåande skule og 14 vidaregåande skular.

Sidan i fjor sommar har departementet godkjent 12 nye private grunnskular og tre nye private vidaregåande skular. Det måtte gjerast ei prinsipiell avklaring av læreplanane før seks av grunnskulane vart godkjende. Dette har ført til at elleve vart godkjende i 1999. I 1998 vart berre ein grunnskule godkjend.

Departementet har sidan i fjor sommar godteke 26 søknader om utvida tilbod ved eksisterande skular. Dei fleste utvidingane galdt vidaregåande skular.

Eg meiner at dei private skulane er eit viktig supplement og alternativ til den offentlege skulen. Privatskulane avlastar det offentlege skulesystemet innanfor vidaregåande opplæring og medverkar også til utprøving av pedagogiske alternativ. Dei religiøse alternativa er med på å sikre gjennomføringa av Noregs menneskerettslege plikter. Eg viser til at foreldra skal gjevast rett til å sikre barna sine ei religiøs og moralsk undervisning som er i samsvar med deira eiga overtyding.

Når departementet vurderer den einskilde søknaden, kan det leggjast vekt på omsynet til den offentlege skulen. Det skal likevel mykje til før slike omsyn fører til at skulen ikkje blir godkjend. Foreldreretten må etter mi meining stå like sterkt i ei lita bygd som i ein stor by.

Når det gjeld spørsmålet om godkjenning kan svekkje «det offentlege skuletilskottet», vil eg fyrst vise til at kommunen finansierer den offentlege skulen gjennom sine frie inntekter, dvs. rammetilskott og skatteinntekter. Kommunen skal dekkje utgiftene til grunnskuleopplæring for alle barn som høyrer heime i kommunen. Når somme av barna går i private skular, vert overføringane til kommunen korrigerte, slik at heimkommunane til elevar i private skular får eit trekk i rammeoverføringane frå staten. Dei midlane som vert trekte inn, vert fordelte på alle kommunane i samsvar med talet på innbyggjarar i skulepliktig alder.

Korreksjonsordninga påverkar difor ikkje dei samla overføringane til kommunesektoren, men er ei omfordeling frå kommunar som har mange elevar i private skular, til kommunar som har få eller ingen elevar i private skular. Det er difor ikkje grunnlag for å seie at godkjenning av nye privatskular totalt sett svekkjer finansieringa av dei offentlege skulane.

Grete Knudsen (A): Jeg takker statsråden for svaret, der premissene til de private skolene blir lagt til grunn, og ikke det som er det alvorlige, nemlig enhetsskolens tap.

Vi opplever med Bondevik-regjeringen at det skjer et linjeskifte i utdanningspolitikken med flere privatskoler, som nå faktisk brukes som verktøy for å bidra til å splitte barn i nærmiljøene og unngå hva det offentlige faktisk har lagt opp til, slik vi opplever det nå både i Vågan og i Tana, der man faktisk unngår en samisk læreplan som hele Stortinget har gått inn for. Det kan bety en undergraving av enhetsskolen. Ser ikke statsråden, som er ansvarlig for all utdanning, dette? Og hva vil statsråden gjøre? For det er jo på tide at også Stortinget får diskutert dette ut fra en mer problematiserende holdning enn bare ut fra hva foreldrene har rettigheter til.

Statsråd Jon Lilletun: Eg klargjorde det som er grunnlaget for saksbehandling i forhold til eit lovverk om private skular. Representanten Knudsen og statsråden er heilt samde om at det offentlege skuletilbodet, einskapsskulen, er berebjelken i norsk utdanningssystem. Slik ynskjer eg at det framleis skal vere. Samstundes ynskjer eg å ta vare på toleranse og foreldrerett.

Når det gjeld påstanden om at fleire privatskular svekkjer den offentlege skulen, må vi setje ting inn i ein proporsjon. Det er altså slik at det i dag er ca. 1,5 pst. av elevane i grunnskulen som har private tilbod. Kanskje vil det kunne auke ein tidel eller to ut frå det som har skjedd det siste året. Samanlikna med alle andre europeiske land er dette utruleg små tal, og difor synest eg at ein ikkje skal overdramatisere det, men sjå på det som ein del av foreldreretten og den demokratiske retten.

Grete Knudsen (A): Statsråden sier at enhetsskolen er selve bærebjelken, og at vi må se på i hvor liten grad vi har private skoler i Norge. Men de som nå opplever den konkrete situasjonen i Tana, opplever at for å unngå samisk læreplan, som vi her i Stortinget har vedtatt, starter man privatskole, og ved det undergraves den enhetsskolen som er i Tana.

På det andre stedet, Vågan, ligger det an til at den offentlige skolen nå må legges ned, mens den private skal etableres. Det er forhold som må bekymre statsråden, og jeg forventer at statsråden også problematiserer dette overfor Stortinget, for her har myndighetene et ansvar. Selv om den private skolen skal etableres og være der, må man ha som base at det også skal være en enhetsskole tilgjengelig.

Statsråd Jon Lilletun: Eg er sjølvsagt villig til når som helst, men ved eit eigna høve i tilknyting til eit dokument, å diskutere desse prinsipielle problemstillingane i forhold til norsk utdanningspolitikk. Sjølvsagt er det grunn til kontinuerleg å diskutere det som er berebjelken. Samstundes kan ein òg velje ein annan innfallsvinkel her, og det er at nokre foreldre ut frå vedtak som vert gjorde av storsamfunnet, finn at dei av samvitsgrunnar, anten det gjeld å få ein eksamensfri skule eller det gjeld å få ei meir profilert livssynsundervisning eller andre ting, ynskjer å etablere alternativ. Det kan vere storsamfunnets vedtak som gjer at enkelte foreldre vil det, og det må dei òg leggje ein eigeninnsats i. Eg trur at så lenge vi ynskjer å vere det demokratiske samfunnet vi er, må desse moglegheitene liggje føre.

Men eg gjentek, sjølvsagt er statsråden villig til å kome tilbake til Stortinget og drøfte dette på brei basis.