Stortinget - Møte onsdag den 26. mai 1999 kl. 10

Dato: 26.05.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 26

Harald T. Nesvik (Frp): Jeg vil få stille et spørsmål til sosialministeren:

«Ifølge alkohollovens § 1-10 har den som har overtatt en salgs- eller skjenkebevilling rett til å skjenke videre på den gamle bevilling i 3 måneder for å ha en kontinuitet i driften inntil ny søknad er behandlet. Dersom en kommune ikke har klart å behandle søknaden innen 3 måneder, vil bevilling falle bort, og arbeidsplasser vil kunne bli nedlagt.

Vil statsråden foreslå å endre § 1-10 slik at driften kan fortsette inntil en søknad er behandlet i kommunen?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Alkohollova § 1-10 vart endra ved lov av 16. mai 1997 nr. 28. Endringane er iverksette frå 1. januar 1998. Endringane slo på dette punktet fast den tidlegare rettstilstanden om at løyve fell bort når verksemda blir overdregen, men at den nye verksemda kan driva vidare i ein overgangsperiode på tre månader dersom styresmaktene som gjev løyve, er underretta om dette. Dåverande regjering foreslo å endra lova slik at løyvet fall bort utan overgangsperiode. Eit fleirtal i Stortinget vedtok å halda oppe overgangsperioden på tre månader.

Slik eg ser det, er ordninga eit kompromiss mellom det alkoholpolitiske omsynet og bransjen. Alkoholpolitisk sett ynskjer ein full kontroll med kven som får løyve. Ein ynskjer såleis òg å hindra taktiske overdragingar, t.d. av skatteomsyn eller fordi løyvehavar opplever å stå i fare for å få løyvet inndrege som fylgje av brot på alkohollova. Omsynet til bransjen og seriøse drivarar tilseier likevel at ein kan selja eller skjenkja vidare i ein viss periode etter overdraginga.

Etter mi meining vil ulempene med ein overgangsperiode utan klar tidsavgrensing bli for store.

Allereie i høyringsrunden til lovendringane vart det frå nokre av høyringsinstansane foreslått at verksemda skulle få driva vidare på det gamle løyvet inntil søknaden om nytt løyve er handsama i kommunen. I Ot.prp. nr. 7 for 1996-97 vart det argumentert mot ei slik endring. Det vart – ut frå erfaring – peika på at overgangsperiodar kan skapa ei forventing om at den nye verksemda skal kunna halda fram med salet eller skjenkinga. I løpet av overgangsperioden har den nye eigaren allereie kome inn i systemet, og tilstanden har festna seg. Ordninga kan derfor i realiteten ha den verknaden at kommunen sin fridom når det gjeld spørsmålet om tildeling av løyve, blir innskrenka.

Eg er derfor nøgd med dagens ordning. Den byggjer på ei avveging mellom omsynet til bransjen og alkoholpolitiske omsyn.

Harald T. Nesvik (Frp): Jeg takker statsråden for svaret, men det svaret som ble gitt, er nok ikke helt i tråd med det jeg spurte om.

Man viser til behandlingen i Odelstinget. Det er én sak, men sosialministeren, eller Sosialdepartementet, har også fått et brev fra Oslo kommune, som er tildeler av bevillinger. Det er jo her det ligger: Det er den enkelte kommune som tildeler de enkelte skjenkebevillinger, ikke staten eller Regjeringen.

Så jeg vil spørre statsråden nok en gang om hun på grunnlag av det brevet der Oslo kommune viser til at revisjonen av alkoholloven, bl.a. med innføring av vandelskrav, har ført til merarbeid for kommunene, flere høringsinstanser og en betydelig større saksmengde, ser de problemene som kommunen har med å få tid til å behandle søknadene innen den fastsatte tidsfristen. Og er statsråden enig i at kommunal sommel når det gjelder å behandle søknader, skal være grunnlag for at en næringsvirksomhet må legge ned eller midlertidig stanse?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Nesvik viser til eit brev frå Oslo kommune som eg ikkje har med meg, og som eg heller ikkje kan hugsa innhaldet i her eg står, men som eg sjølvsagt skal sjå nærmare på når eg er tilbake i departementet. Men la meg understreka: Føresetnaden for ein overgangsperiode er at dei styresmaktene som skal handtera saka, i dette tilfellet Oslo kommune, er underretta om dette. Det skulle òg bety at vi innanfor den tidfristen som her er fastsett, skulle ha høve til å handsama ein søknad om bevilling vidare.

Harald T. Nesvik (Frp): Siden statsråden ikke kan erindre det, vil jeg få lov til kort å sitere følgende fra brevet:

«Kommunens utredningsplikt har ved innføringen av vandelskravene blitt mer omfattende, antall høringsinstanser har økt, og det må foretas flere og til dels mer kompliserte vurderinger.»

Videre står det følgende:

«Det har i praksis vist seg at det i Oslo i flere tilfeller kan ta mer enn tre måneder å behandle saker på en tilfredsstillende og korrekt måte. Dette ofte uten at søker kan bebreides og kommunen legger vekt på raskest mulig behandling.»

I brevet er det faktisk også et forslag til endring i loven, slik at man kan fange opp dette. Så jeg håper statsråden vil sette seg inn i dette brevet fra kommunen og se på denne saken når hun kommer tilbake til kontoret. Det må være noe som er galt når selv kommunene påpeker overfor statsråden at man på grunn av de kriteriene som foreligger fra Stortinget, har problemer med å behandle søknader ferdig innen den fastsatte tid. Når bevillingsgiver sier helt klart og tydelig at man ønsker en lengre tidsfrist, må statsråden kunne innrømme dem dette.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: No gjekk det ikkje fram av spørjaren sitt innlegg om Oslo kommune allereie har fått eit svar frå departementet, men la meg understreka to ting. For det fyrste: Den stadfestinga av gjeldande praksis som Stortinget vedtok, og som vart sett i verk frå 1. januar 1998, skjedde etter ei grundig vurdering òg av erfaringane med praksisen så langt.

La meg i tillegg seia at eg skal sjølvsagt sjå på innhaldet i dette brevet, og merka meg den erfaringa som Oslo kommune skriv om – det er jo Oslo som har den største erfaringa med desse sakene. Det kan òg vera at det er den kommunale sakshandsaminga på dette feltet som må styrkjast, men dei avvegingane må ein gjera i eit anna forum.