Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Innstilling frå næringskomiteen om forslag frå stortingsrepresentantane Kjell Opseth, Torstein Rudihagen, Terje Knudsen og Øystein Hedstrøm om å leggje opplegget for oppretting av eit IT- og kunnskapssenter på Fornebu fram for Stortinget
Presidenten: Under debatten er det sett fram tre forslag. Det er
forslag nr. 1, frå Anita Apelthun Sæle på vegner av Kristeleg Folkeparti, Høgre, Senterpartiet og Venstre
forslaga nr. 2 og 3, frå Ansgar Gabrielsen på vegner av Høgre
Det blir først votert over forslaga frå Høgre, vidare alternativt mellom tilrådingas I og forslaget frå Kristeleg Folkeparti, Høgre, Senterpartiet og Venstre, deretter blir det votert over resten av tilrådingas framlegg til vedtak.
Det blir opna for røysteforklaringar.
Ansgar Gabrielsen (H): Jeg vil anbefale Høyres gruppe, og for så vidt alle andre, å stemme for forslagene nr. 1, 2 og 3 og for II, og stemme imot I, III og IV.
Karin Andersen (SV): Jeg vil tilrå SVs gruppe å stemme for forslagene nr. 1 og 2, for II og imot resten.
Anita Apelthun Sæle (KrF): Eg vil tilrå Kristeleg Folkeparti sine representantar og for så vidt heile sentrum å røysta for forslag nr. 1, der vi sjølve er forslagsstillarar, dessutan for II, III og IV og imot resten.
Presidenten: Forslag nr. 2, frå Høgre, er teke opp til votering. Forslaget lyder:
Votering: Forslaget frå Høgre vart med 84 mot 23 røyster ikkje vedteke.(Voteringsutskrift kl. 20.30.38)«Stortinget ber Regjeringen utpeke hvilket eller hvilke selskap som skal få i oppdrag å utvikle og gjennomføre planene om et IT- og kunnskapssenter på Fornebu, basert på den anbudsinnhenting og den kravspesifikasjon som Regjeringen selv har utført.»
Presidenten: Forslag nr. 3, frå Høgre, er teke opp til votering. Forslaget lyder:
Votering: Forslaget frå Høgre vart med 89 mot 15 røyster ikkje vedteke.(Voteringsutskrift kl. 20.31.01)Komiteen hadde tilrådd:«Stortinget ber Regjeringen snarest mulig legge frem en proposisjon for Stortinget om de økonomiske disposisjoner vedrørende etablering av et IT- og kunnskapssenter på Fornebu, som Regjeringen mener den ikke har fullmakt til å gjøre på egen hånd.»
Dokument nr. 8:58 (1998-99) – forslag fra stortingsrepresentantene Kjell Opseth, Torstein Rudihagen, Terje Knudsen og Øystein Hedstrøm om å legge opplegget for oppretting av et IT- og kunnskapssenter på Fornebu fram for Stortinget – vedlegges protokollen.
Presidenten: Her har Kristeleg Folkeparti, Høgre, Senterpartiet og Venstre sett fram følgjande forslag:
«Dokument nr. 8:58 (1998-99) – forslag fra stortingsrepresentantene Kjell Opseth, Torstein Rudihagen, Terje Knudsen og Øystein Hedstrøm – om å be Regjeringen legge alle avtaler, kontrakter og vedtak fram for Stortinget til endelig godkjenning før iverksetting – avvises.»
Det blir votert alternativt mellom tilrådinga til I og forslaget frå Kristeleg Folkeparti, Høgre, Senterpartiet og Venstre.
Votering:Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen til I og forslaget frå Kristeleg Folkeparti, Høgre, Senterpartiet og Venstre vart tilrådinga vedteken med 55 mot 52 røyster.(Voteringsutskrift kl. 20.31.32)Vidare var tilrådd:Stortinget ber Regjeringen snarest foreta verdifastsettelse av statens eiendommer på Fornebu i henhold til EØS-regelverket.
Votering:Tilrådinga frå komiteen vart samrøystes vedteken. Vidare var tilrådd:Stortinget ber Regjeringen legge frem en stortingsmelding i vårsesjonen 1999 der Regjeringen redegjør for status i saken og hvilke selskaper Regjeringen vil forhandle videre med.
Stortinget ber Regjeringen legge fram en egen proposisjon om saken for Stortinget senest 1. oktober 1999.
Presidenten: Her har Høgre og Sosialistisk Venstreparti varsla at dei vil røyste imot.
Votering: Tilrådinga frå komiteen vart vedteken med 84 mot 22 røyster.(Voteringsutskrift kl. 20.32.15)