Stortinget - Møte onsdag den 16. februar 2000 kl. 10

Dato: 16.02.2000

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 17

Grete Knudsen (A): Jeg vil stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

«NRKs Kulturnytt opplyser at ulovlig visning av spillefilm på video er utbredt i skoler, som ledd i undervisningen.

Vil statsråden ta initiativ til en opprydning som sikrer at åndsverkloven blir ivaretatt vis à vis skolenes praksis?»

Statsråd Jon Lilletun: Representanten Grete Knudsen reiser spørsmål knytt til ein mogleg praksis som inneber brot på rettar etter åndsverklova. Som kjent slår denne lova m.a. fast kven som har retten til eit åndsverk, avgrensingar i retten for ein viss bruk av åndsverk, t.d. for kopiering til privat bruk, og avgjerder om avtalar om bruk av åndsverk, m.a. til undervisningsformål. Med andre ord fastset lova rettstilhøvet mellom private partar.

Dersom det skjer uheimla bruk, vil det vere ei sak mellom skuleeigar, dvs. kommunar eller fylkeskommunar, og rettshavarane. Ei undersøking som Norwaco – Organisasjon for rettighetshaver til audiovisuelle verk – har gjort, tyder på at det i praksis skjer brot på lova når det gjeld framvising av spelefilmar i undervisninga.

Representanten Knudsen ber òg om at eg tek initiativ til ei opprydding som sikrar at åndsverklova vert ivareteken vis-à-vis skulane sin praksis, og det vil eg gjere. Eg vil be dei statlege utdanningsdirektørane ta kontakt med kommunane og fylkeskommunane og gjere dei merksame på det lova seier om bruk av spelefilmar i undervisninga.

Grete Knudsen (A): Jeg takker statsråden for et konstruktivt svar på et vanskelig problemområde. Flere skoler, enten det nå er filmhøyskoler eller andre, bruker video til bl.a. spillefilmer som ledd i det faste utdanningsarbeidet. Dette er jo et utdanningsanliggende og ikke et kulturanliggende, og jeg mener også, som statsråden, at da er det KUF som er ansvarlig for skolen.

Når det gjelder skrift og bøker, har faktisk departementet på vegne av skolen inngått en avtale, den såkalte Kopinor-avtalen, og jeg vil spørre statsråden om noe lignende muligens kunne ivareta at skolene kunne fortsette sin bruk av video, men samtidig også ivareta den viktige åndsverkloven.

Statsråd Jon Lilletun: Representanten Knudsen nemnde ein institusjon som opplagt er vårt ansvar, og vi må òg sjølvsagt ta ansvar for å rydde opp i dei statlege institusjonane – eg nemnde i stad kommunar og fylkeskommunar, men dei institusjonane vi er eigarar av, er sjølvsagt òg eit ansvar for oss.

Når det gjeld parallelliteten til Kopinor, kan det vere mange ting som kan sjåast likt. Ut frå at kommunane og fylkeskommunane er den store skuleeigaren, vart Kopinor-avtalen etter drøftingar og forhandlingar med KS overført til KS for to år sidan. Eg meiner difor at det prinsipielt er rett og naturleg at KS i så fall får forhandle fram ein avtale som er parallell til Kopinor-avtalen.

Vi medverkar gjerne til samtalar med KS om det spørsmålet.

Presidenten: Spørsmål l8 vil bli besvart senere.