Stortinget - Møte onsdag den 1. mars 2000 kl. 10

Dato: 01.03.2000

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 15

Olav Gunnar Ballo (SV): «Kirkerådet er av statsråden bedt om å gi råd om avskjedssaken mot Olav Berg Lyngmo og Arne Thorsen bør ankes. Ut fra et oppslag i Vårt Land 22. februar 2000 skal det råd som gis, unndras offentligheten. I reportasjen framgår det at Kirkerådet selv ikke har noe ønske om dette.

Hva er statsrådens begrunnelse for at Kirkerådets uttalelse skal unndras offentlighet?»

Statsråd Jon Lilletun: Når eg i den saka representanten Ballo viser til, har bede om ei utsegn frå biskopane og Kyrkjerådet, er dette meint som eit råd i departementet si interne behandling av spørsmålet om staten bør anke dommen i Alta heradsrett. Regjeringsadvokaten si vurdering av dommen og dette embetet si tilråding i spørsmålet om anke følgde som vedlegg til departementet sitt brev til Kyrkjerådet og biskopane. Ved å gjere slike dokument offentlege kunne departementet setje seg i ein situasjon der ein kunne verte skulda for å prosedere saka i media. Dette er eit omsyn som det etter mi meining må leggjast vekt på. Etter ei samla vurdering kom ein difor til at det i dette tilfellet ville vere rett å nytte heimelen i lov om offentlegheit § 5 til å gjere unntak frå hovudregelen om offentlegheit. Eg vil òg leggje til at departementet i ei pressemelding gjorde det klårt at ein ville søkje råd frå dei kyrkjelege organa, og at oversendingsbrevet til preses, biskop Bondevik, var offentleg frå den dagen det vart sendt. Dette syner at det aldri har vore noko mål å ha ein hemmeleg prosess, men derimot å opptre ryddig i saksbehandlinga.

Då det viser seg at fleire av biskopane ikkje har funne grunnlag for å halde attende sine råd frå offentlegheit, og at alle utsegnene no er sende til departementet, er departementet kome til at utsegnene frå biskopane og Kyrkjerådet i denne saka ikkje lenger skal haldast attende frå offentlegheit. Men regjeringsadvokaten si vurdering og tilråding vil framleis verte halden attende frå offentlegheit.

Olav Gunnar Ballo (SV): Jeg takker statsråden for siste del av svaret. Det er avklarende at man ikke lenger skal unnta fra offentlighet det råd man får. Selv om jeg har problemer med å følge resonnementet og logikken underveis, forstår jeg i hvert fall at oppmerksomhet fra mediene og pressen i forhold til departementet gjør at det nå vil bli unntatt fra offentlighet.

Jeg vil spørre statsråden i forlengelsen av det: Er han nå rimelig klar til å anke den saken som her foreligger?

Statsråd Jon Lilletun: Eg er glad for at representanten Ballo er nøgd med konklusjonen.

Det har frå statsråden si side aldri vore meininga noko anna enn at det skal verte kjent kva råd som er komne når vedtaket er fatta, slik eg òg offentleggjorde dei råda som var komne i førre runde då eg overtok som statsråd. I forhold til prosessen kan det vere mykje å meine om den, men det har frå mi side aldri vore tenkt at offentlegheita ikkje skal få innsyn i kva dei forskjellige organa meiner. Det var kva for prosessar ein skulle ha, som var mitt poeng.

Når det gjeld oppfølgingsspørsmålet frå representanten Ballo, må eg nok skuffe: Eg vil heller ikkje saksbehandle denne saka frå Stortinget sin talarstol. Men sjølvsagt skal det vere klårt før fristen for anke går ut, og då vil eg sjølvsagt òg gjere det kjent.