Stortinget - Møte onsdag den 8. mars 2000 kl. 10

Dato: 08.03.2000

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 21

Rolf Reikvam (SV): Jeg vil gjerne stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

«I en reportasje i Skolefokus 3. mars 2000 beskrives en situasjon der flere yrkesfag er «utryddingstruet». Utdanningstilbud for flere tradisjonelle yrkesfag er i ferd med å bli lagt ned. Dette skyldes både liten søkning blant 16-19 åringer og at eldre søkere blir definert bort som uaktuelle. Stortinget vedtok ved behandling av St.meld. nr. 32 (1998-1999) at det skulle åpnes for flere særløp.

Vil statsråden påskynde prosessen slik at særløp blir tilbud for fag som har læreplasser, men mangler nok søkere?»

Statsråd Jon Lilletun: Oppslag i media i den seinare tida har gitt inntrykk av at talet på søkjarar til yrkesfag samanlikna med allmennfag er sterkt fallande. Departementet sin statistikk støttar ikkje dette inntrykket. Talet på søkjarar til grunnkurs på landsbasis er redusert med i underkant av 10 pst. frå 1996 til 1999. Den totale nedgangen er i stor grad ein konsekvens av reduksjon i ungdomskulla, færre omval og at færre søkjer vidaregåande opplæring. I 1994 var det 56,2 pst. som søkte seg til studieretningar som fører til yrkeskompetanse. I 1999 var det 54,2 pst. Det har altså vore ein reduksjon i talet på søkjarar til studieretningar som fører til yrkeskompetanse, på 2 prosentpoeng. Totalt sett har fordelinga vore relativt stabil etter innføringa av Reform 94.

Tala til departementet gir ingen grunn til å seie at det er ein systematisk trend vekk frå yrkesfag på noverande tidspunkt. Departementet følgjer utviklinga nøye, med jamne rapportar om søkjarar og talet på elevar og lærlingar. Vi veit òg at ungdomskulla er i ferd med å auke, noko som fører til fleire søkjarar til vidaregåande opplæring, òg innan yrkesfaga. Eg vil dessutan fremje forslag om ein rett til vidaregåande opplæring for vaksne. Dette vil òg kunne auke talet på elevar og lærlingar.

Eg er svært oppteken av at den delen som søkjer yrkesfag, skal haldast oppe. Rekruttering av fagarbeidarar er ein føresetnad for at Noreg òg i framtida kan halde oppe eit konkurransedyktig næringsliv. Eg har difor lagt vekt på å styrkje rettleiings- og rådgivingstenesta.

I ein del land har søkinga til yrkesfaga gått kraftig ned, i motsetnad til i Noreg. I USA er t.d. reduksjonen på om lag 50 pst. dei siste ti åra. Hovudårsaka er truleg at allmennfagleg opplæring gir høgare status som følgje av opning mot høgare utdanning. Eg meiner at dei tiltaka vi har sett i verk i Noreg for å unngå ei slik utvikling, så langt har verka. Eg nemner m.a.:

  • betre høve for elevar på yrkesfaglege studieretningar til å få studiekompetanse

  • større fleksibilitet i fagopplæringa med kryssløp og særløp

  • tett kontakt med partane i arbeidslivet for å sikre læreplassar

I St.meld. nr. 32 for 1998-1999 peika eg på det eg trur kan vera ei hovudårsak til at enkelte vidaregåande kurs ikkje blir oppretta, nemleg smale kurs som berre fører vidare til eitt eller få lærefag. Med breiare kurs vil ein ha von om ei betre søking til vidaregåande kurs I og dermed òg til lærefaga. I arbeidet med tilbodsstrukturen framover vil difor ein reduksjon i talet på VKI stå sentralt.

Departementet arbeider no med ein plan for gjennomgang av strukturen og revisjon av læreplanar, slik Stortinget bad om i Innst. S. nr. 246 for 1998-1999. Planen vil bli lagd fram for Stortinget i St.prp. nr. 1 for 2000-2001. Som ein del av arbeidet med strukturen vil òg spørsmål om særløp bli vurderte. Elevane kan t.d. få høve til å søkje læreplass rett frå grunnkurset.

Rolf Reikvam (SV): Jeg takker for svaret.

Det er ikke enkelt å forholde seg til de ulike bildene som blir tegnet. Nå tegnet statsråden et bilde som går på at situasjonen er rimelig bra. Vi har rimelig bra kontroll på dette, og nedgangen er ikke så stor. Men den reportasjen som jeg viste til, med representanter fra fylkeskommunene Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag og Møre og Romsdal, tegner et mørkere bilde – også for næringene. Det er ikke helt enkelt å forholde seg til det. Jeg velger vel å tro at svaret ligger et sted midt imellom. Men det i seg selv er alvorlig. Hvis svaret ligger der, er situasjonen altså rimelig alvorlig.

Jeg hadde nok håpet at statsråden hadde kommet litt mer inn på det som Stortinget vedtok i behandlingen av Innst. S. nr. 246, der et flertall sa at Stortinget ber Regjeringen legge til rette for at det kan etableres flere særløp for å ta vare på små fag, fag som har rekrutteringsproblemer, og utdanningsløp for ungdom som trenger enn annen kombinasjon osv. Der gikk Stortinget rett inn i dette og pekte på en løsning. Og jeg ser jo av de siste setningene i svaret hans, at statsråden også pekte på at det kan gå særløp fra grunnkurs. Men vil statsråden, på bakgrunn av det vedtaket Stortinget gjorde i Innst. S. nr. 246, gå inn for, eventuelt vurdere nøyere og eventuelt påskynde prosessen mot flere særløp der det er behov for det?

Statsråd Jon Lilletun: Eg er samd med representanten Reikvam i at det er ikkje alltid er lett med nyansar i denne verda. Det er som det står i Skrifta, at i dei siste tider skal det vere krig og rykte om krig. Det er ein tendens til at når ein skal seie ifrå om noko, seier ein så kraftig ifrå at det kanskje vert vel sterkt.

Men samstundes er det alarmerande at det i dag står ein god del læreplassar ledige i fag der vi veit at vi sårt treng folk. Vi treng i fellesskap å få ei haldning hjå foreldra at det beste verdipapiret ein kan ha, er eit fagbrev. Det trur eg er viktig.

Så til kva eg spesifikt vil gjere. Ja, eg vil gå inn og akseptere fleire særløp og fleire som kan gå direkte frå grunnkurs. Men eg tek det atterhaldet at det berre er i fag som opplagt er nesten utryddingstrua. Vi må ikkje kome dit at vi kjem i same situasjonen som vi var i, med over 100 grunnkurs, og så stikk motsett. Ein må halde fast på hovudstrukturen.