Sonja Irene Sjøli (H): Jeg vil få stille et spørsmål
til barne- og familieministeren:«Stortinget vedtok 20.
april 1999, etter forslag fra Høyre og Sosialistisk Venstreparti, å be
Regjeringen legge fram en stortingsmelding vedrørende lesbiske
og homofiles levekår og livskvalitet i Norge. Det var bred
enighet om at det hastet å få grundig gjennomgang
av situasjonen og konkrete tiltak til bedringer. Det har nå gått
snart ett år uten at noe har skjedd.
Når kan vi forvente at Regjeringen
vil legge saken fram for Stortinget?»
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Sonja Irene Sjøli seier i spørsmålet
sitt at ingenting har skjedd, men det har det sjølvsagt
gjort. Arbeidet med stortingsmeldinga om levekår og livskvalitet
for lesbiske og homofile i Noreg er i full gang. Bakgrunnen
for meldinga er ein forskingsrapport frå Norsk institutt
for forskning om oppvekst, velferd og aldring – NOVA. Rapporten
viser m.a. at lesbiske og homofile har dårlegare helse
og oftare angst og depresjonar enn den vanlege befolkninga. Det vart òg
funne at mange unge homofile hadde problem med å akseptera
og vedkjenna seg sjølv, og fleire har freista sjølvmord
enn i befolkninga elles.
Målet med stortingsmeldinga er å setta
lys på dei lesbiske og homofile sine levekår og
livssituasjon i eit breitt perspektiv gjennom kunnskap som bygger
på forsking. Målet er vidare – på bakgrunn
av denne kunnskapen – å vurdera og koma med forslag
til tiltak for å betra livskvaliteten til lesbiske og homofile,
og eg siktar på at stortingsmeldinga blir send Stortinget
hausten 2000.
Arbeidet er altså i full gang, og
eg reknar med at meldinga òg vil innehalda tiltak som vil
betra på den situasjonen som NOVA-rapporten viser.
Sonja Irene Sjøli (H): Jeg takker statsråden for svaret.
Jeg er selvfølgelig tilfreds med at
arbeidet med stortingsmeldingen er godt i gang, men jeg hadde forventet at
det skulle gå litt raskere. Det var bred enighet i Stortinget
for et år siden om at det hastet å få konkrete
tiltak på bordet for å bedre situasjonen, nettopp
på bakgrunn av det som også statsråden
var inne på, at dette er en gruppe med ulike helseproblemer
som angst, depresjoner og også det faktum at mange unge
homofile og lesbiske begår selvmord. Det er en alvorlig
situasjon for mange unge mennesker.
Siden det nå har gått et år
og man har jobbet så grundig som statsråden her
antyder, er det da mulig for statsråden å antyde
hvilke tiltak hun mener er nødvendig? Etter et år
vil jeg tro at statsråden har noen tanker om det.
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg trur det er uvanleg at ein eit halvt år
før ein legg fram ei stortingsmelding kjem med tiltaka
som ein har tenkt å foreslå, men eg kan seia litt
om det vi allereie har gjort. Vi er i gang med stortingsmeldinga,
men vi har sett i verk ein del andre tiltak òg som truleg
vil vera til hjelp for dei det gjeld. Det fyrste vi gjorde frå departementet
si side, var å støtta ein nasjonal ungdomskonferanse
som var i mai 1999, og det var jo ganske kort tid etter debatten
i Stortinget. Som oppfølging av den konferansen har vi òg
hatt ein dialog med LLH i forhold til korleis dei skal kunna finansiera
sitt ungdomsarbeid, for dei fell mellom to stolar når det
gjeld den økonomiske støtta. I tillegg til det var
det eit fleirtal på Stortinget som omprioriterte løyvingar,
slik at LLH får 100 000 kr meir i år
enn dei fekk i fjor. Det var det vel nesten eit samla storting som
stod bak. Så har òg Nasjonalt læremiddelsenter
utarbeidd undervisningsmateriell for lærarar
i grunnskulen som tar opp denne problematikken (presidenten klubbar).
Dette er nokre av dei tiltaka som allereie er i gang, og dei andre får
ein venta med til stortingsmeldinga kjem.
Presidenten: Presidenten vil gjere merksam på at
det å respektere taletida også gjeld statsrådane.