Stortinget - Møte onsdag den 8. mars 2000 kl. 10

Dato: 08.03.2000

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 6

Kjellaug Nakkim (H): Jeg vil stille følgende spørsmål til barne- og familieministeren:

«Det blir nå mer vanlig at fedre har den daglige omsorgen og foreldreansvaret for barn. Daglig omsorg for barn lar seg vanskelig forene med å være aleneforeldre og samtidig gjennomføre militærtjeneste. Lov om verneplikt tar ikke slike hensyn. Klarer ikke vernepliktige å finne passende omsorgstilbud, blir det en sak for barnevernet.

Finner statsråden det rimelig at lov om verneplikt veier tyngre enn hensynet til barnet?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg har lyst til å seia til presidenten at det er ikkje lett å svara kort på desse spørsmåla, for dei er ofte ganske kompliserte.

Fyrst vil eg peika på at lov om verneplikt eigentleg høyrer inn under forsvarsministeren sitt område.

Lov om verneplikt regulerer ikkje rettane til dei vernepliktige når det gjeld ansvar for born i samband med militærteneste, men det er fastsett eigne reglar for dette.

Vernepliktig personell som har omsorg for born, og som derfor ikkje kan utføra pliktene sine ved fyrstegongsteneste og repetisjonsøvingar, er på bakgrunn av vedtak i Stortinget, jf. St.prp. nr. 1 for 1990-91, gitt visse rettar. Desse rettane er som følgjer:

  • 1. Ein vernepliktig som har omsorg for eit barn åleine, får utsett fyrstegongstenesta så lenge ein har omsorg åleine og fram til årsskifte det året den vernepliktige fyller 33 år.

  • 2. Har ein vernepliktig delt omsorg for born, vil ein søkja å plassera den vernepliktige så nær heimstaden at han kan få heimebuarstatus, eller ein vil gi han kortast mogleg tenestetid.

  • 3. Ein vernepliktig som nyttar seg av lovfesta rett til omsorgspermisjon frå arbeidet sitt, får utsett all militærteneste så lenge omsorgspermisjonen varer.

  • 4. Personell som har omsorg åleine for born, skal ved repetisjonsøvingar få utsett øvinga dersom avdelinga ikkje kan tilby fleksible permisjonsordningar som gjer at omsorgsbehovet til barnet kan bli dekt under øvinga på om lag same måte som elles.

Dette gjeld også om den vernepliktige mellombels har omsorga åleine fordi den andre omsorgspersonen ikkje kan passa born på grunn av sin eigen arbeidssituasjon, studium eller sjukdom. I slike tilfelle blir det kravd tungtvegande grunnar.

Ansvaret for barneomsorg er som utgangspunkt likt for kvinner og menn, og ynske frå arbeidsgjevaren til den andre omsorgspersonen eller den andre omsorgspersonen sine eigne prioriteringar kan ikkje likestillast med dei plikter vernepliktlova legg på den einskilde. Eg meiner derfor at reglane om verneplikt tar godt nok omsyn til borna.

Kjellaug Nakkim (H): Jeg takker statsråden for svaret, selv om det ikke var et svar på spørsmålet mitt, for jeg spør om hun mener at lov om verneplikt skal veie tyngre enn hensynet til barnet.

Jeg er også klar over at Forsvaret har satt opp retningslinjer for hvordan man skal behandle dette, men det er bare det at det er veldig forskjellig praksis med hensyn til hvordan dette blir behandlet. Nå gjelder dette en veldig liten gruppe, så man kan si at det er kanskje en av grunnene til at man ikke har gått så dypt inn i spørsmålet. Det som er det store problemet, er ikke så mye førstegangstjenesten, men repetisjonsøvelsene. Her har det vært veldig tilfeldig hvordan man har gjort det. Grunnen til at jeg ikke stilte spørsmålet til forsvarsministeren, men til barne- og familieministeren, er dette med hensynet til barnet. Synes hun at hensynet til barnet bør ha forrang?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg synest faktisk at dei punkta eg nemnde i svaret mitt, viser at ein tar omsyn til barnet i dei tilfella der det er nødvendig å gjera det.

Dersom praktiseringa er veldig forskjellig, vil eg ta opp med forsvarsministeren korleis dette blir praktisert, for det er opplagt at dersom ein står der utan hjelp, er blitt kalla inn til repetisjonsøving, har barn og eineansvar eller på annan måte er avhengig av å kunna ta seg av barnet sitt, føler eg at regelverket er til stades for at det skal kunne bli praktisert. Dersom praksisen er for dårleg, må vi gå gjennom den. Vi treng ikkje nødvendigvis endra lovverket for at dette skal bli praktisert på den måten som er til beste for barnet fyrst og fremst.