Stortinget - Møte onsdag den 15. november 2000 kl. 10

Dato: 15.11.2000

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 26

Frå representanten May Britt Vihovde til fiskeriministeren:

«Fiskeridirektoratet har vedtatt å flytte fiskerirettleiaren i Nordhordland sitt kontor i Knarvik til Bergen. Knarvik er eit regionsenter i Nordhordland, og flyttinga gir større avstand til dei fleste aktørane i fiskeri- og oppdrettsnæringa i Nordhordland.

Meiner statsråden dette samsvarar med dei klare signala Stortinget gav i samband med oppheving av lova om rettleiingstenesta i fiskerinæringa, om å leggja stor vekt på geografisk nærheit til fiskerimiljøa og tilgjenge for brukarane?»

Presidenten: Dette spørsmålet er utsett.