Stortinget - Møte mandag den 11. juni 2001 kl. 10

Dato: 11.06.2001

Dokumenter: (Innst. S. nr. 335 (2000-2001), jf. Dokument nr. 8:114 (2000-2001))

Sak nr. 16

Innstilling fra kommunalkomiteen om forslag fra stortingsrepresentantene Hilde Frafjord Johnson, Odd Einar Dørum, Magnhild Meltveit Kleppa og Anita Apelthun Sæle om etablering av en hospitantordning innenfor rammen av utlendingsloven

Talere

Votering i sak nr. 16

Presidenten: Etter ynske frå kommunalkomiteen vil presidenten føreslå at debatten vert avgrensa til 45 minutt, og at taletida vert fordelt slik på gruppene:

Arbeidarpartiet 10 minutt og dei øvrige gruppene 5 minutt kvar.

Vidare vil presidenten føreslå at det ikkje vert gjeve høve til replikkar etter dei enkelte innlegg, og at dei som måtte teikna seg på talarlista utover den fordelte taletida, får ei taletid på inntil 3 minutt.

– Dette er vedteke.

Lodve Solholm (Frp) (ordførar for saka): Eg skal ikkje trekke denne saka i langdrag. Vi kom fram til ei samrøystes innstilling, der vi alle meiner at ei slik utveksling er av det gode. Men vi meiner også at dagens regelverk ikkje er tilstrekkeleg til at vi skal kunne få gjort dette på best mogleg måte no. Vi har også kome til at forslaget ikkje har danna godt nok grunnlag til å innføre ei slik ordning utan å ta ei vurdering på saka. Derfor har komiteen kome til at vi vil ha ei breiare utgreiing, slik at vi vonleg vil kunne få innført ei slik ordning ganske snart. Og vi vonar då at utgreiinga vil gi høve til å opprette ei hospitantordning, til glede for dei som kjem hit på hospitantpraksis, og også til glede for dei som skal ta imot hospitantane.

Anita Apelthun Sæle (KrF): Det finst hospitantordningar i andre land. Både USA og Canada har etablert sine ordningar der folk frå utlandet bur i ein kvalitetssikra familie, og jobbar t.d. i frivillige organisasjonar, i kyrkjelydsarbeid eller tek utdanning, og det fungerer altså godt. I Noreg finst det ingen slike ordningar. Men i ei stadig mindre verd oppstår oftare enn før ynsket om å arbeida eller vera i Noreg i ein kortare tidsperiode, utan at ein på nokon måte har tenkt å slå seg ned i Noreg. Det vert då opplevd som svært firkanta at Noreg er stengt for menneske som kanskje er svært idealistiske og har tenkt å gjera ein innsats saman med sine venner, som stiller opp som vertsfamilie. Eg kjenner til fleire slike tilfelle der menneske, spesielt frå Aust-Europa, ivrige i humanitært arbeid i heimlandet, ynskjer å besøka samarbeidspartnarar her i Noreg og jobba for heimlandet sitt i utlandet for ein periode. Men når utlandet då er Noreg, er det vanskeleg. Dei som ikkje kjem inn under nokon av unntaka i utlendingslova og verken søkjer om politisk asyl eller om opphald på humanitært grunnlag, har svært avgrensa moglegheiter for mellombels opphald. Dette er for firkanta i ei verd der vi treffest over landegrensene og kommuniserer hyppig med kvarandre.

Vi som er forslagsstillarar, vurderer det som uheldig dersom mangel på fleksible reglar fører til at utlendingsregelverket vert misbrukt. Framfor å strekkja eller utvatna regelverket er det forstandig å etablera eigne ordningar for mellombels opphald, slik som dei har gjort det i andre land.

Regjeringa, ved kommunalministeren, seier at dette er det ikkje behov for. Men mine og mange andre si oppleving er altså ei anna: Det er eit lite tilpassa regelverk. Heldigvis seier ein samla komite at dette må utgreiast, og eg reknar med at Regjeringa f.eks. til neste vår kan koma med ei positiv innstilling, slik at særleg entusiastiske menneske, som dette ofte dreier seg om, også kan få gjera ein ekstrainnsats i Noreg.

Odd Einar Dørum (V): Jeg tar bare ordet for å uttrykke glede over at komiteen er enstemmig og har kunnet samle seg om en konstruktiv løsning. Det er ikke alltid det er mulig når stresset er stort og stortingsperioden nærmer seg slutten – desto hyggeligere at det har skjedd.

Statsråd Sylvia Brustad: Bare til representanten Apelthun Sæle: Regjeringen er ikke imot en slik ordning. Vi har ingen problemer med å utrede en slik ordning, og vi skal selvfølgelig komme tilbake til Stortinget med det på en hensiktsmessig måte.

Presidenten: Fleire har ikkje bede om ordet til sak nr. 16.

(Votering, sjå side 3624)

Votering i sak nr. 16

Komiteen hadde innstillet:

I

Stortinget ber Regjeringen utrede behovet for, og rammer og regelverk for en eventuell hospitantordning innenfor utlendingsloven, og legge frem en sak om dette på en egnet måte.

II

Dokument nr. 8:114 (2000-2001) – forslag fra stortingsrepresentantene Hilde Frafjord Johnson, Odd Einar Dørum, Magnhild Meltveit Kleppa og Anita Apelthun Sæle om etablering av en hospitantordning innenfor rammen av utlendingsloven – vedlegges protokollen.

Votering:Komiteens innstilling bifaltes enstemmig.