Stortinget - Møte torsdag den 23. mai 2002 kl. 10

Dato: 23.05.2002

Dokumenter: (Innst. S. nr. 181 (2001-2002), jf. Dokument nr. 8:80 (2001-2002))

Sak nr. 1

Innstilling frå næringskomiteen om forslag fra stortingsrepresentantene Åsa Elvik, Bendiks H. Arnesen og Hill-Marta Solberg om gjenopprettelse av tipstelefon for miljøkriminalitet og økonomisk svindel i fiskenæringa

Talere

Votering i sak nr. 1

May-Helen Molvær Grimstad (KrF) (ordførar for saka): Den innstillinga vi handsamar i dag, dreiar seg om korleis arbeidet mot ressurskriminalitet skal organiserast, særleg innafor fiskerinæringa.

Ein samla komite viser til at tilgangen til ressursane i havet er eit felles, avgrensa gode, og at økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet i fiskerinæringa undergrev vesentlege interesser for samfunnet og næringa. Det er derfor viktig at det vert sett inn tiltak for å styrkje ressurskontrollen. Heile komiteen er altså samd om at ressurskriminalitet er eit alvorleg problem og eit problem vi må ta opp kampen mot.

I all kamp mot kriminalitet er politi- og kontrollstyresmaktene avhengige av å få inn tips frå publikum. Samarbeidsregjeringa har valt å organisere dette slik at tips om lovbrot i fiskerinæringa blir kanalisert gjennom Økokrim, på linje med andre former for miljøkriminalitet, ressurskriminalitet og økonomisk kriminalitet. Denne ordninga er no operativ, og vi har fått stadfesta at tips som gjeld fiskerinæringa, kjem inn den vegen. Tips som gjeld fiskerinæringa, blir overførte uhandsama til Fiskeridirektoratet, som har kompetanse til å vurdere tipsa nærmare. Etter det regjeringspartia kan sjå, er dermed intensjonane med forslaget i Dokument nr. 8:80 for 2001-2002 allereie oppnådde gjennom den ordninga Regjeringa har innført.

Ein slik generell tipstelefon vil etter regjeringspartia si oppfatning vere eit viktig bidrag i kampen mot økonomisk kriminalitet, også i saker som gjeld fiskerinæringa. Samtidig vil vi understreke viktigheita av at ordninga vert allment kjend. Når Regjeringa ikkje ønskte å vidareføre den særskilde tipstelefonen for fiskerinæringa, den såkalla fiskefusktelefonen, var grunnen dels at denne telefonen av ein del vart oppfatta som ei stigmatisering av ei heil næring, dels at terskelen for å kome med useriøse og ugrunna tips hadde vorte for låg. Terskelen for å kome med ugrunna eller falske tips til Økokrim eller til politiet er nok ein del høgare, og det er faktisk meininga. Når det gjeld dei reelle tipsa, burde ikkje terskelen for å ringe til Økokrim vere høgare, i alle fall ikkje når ordninga blir vel kjend. Regjeringspartia ser derfor positivt på den endra organiseringa av tipsordninga. Samtidig er vi samde om at tipsordninga i Økokrim sjølvsagt bør evaluerast etter ei tid.

Fiskeriforvaltninga er komplisert og tidvis uoversiktleg for yrkesutøvarar og også for oss politikarar. Styresmaktene må derfor stadig vere merksame på dei signala som kjem frå næringa om korleis regelverket fungerer i praksis. Komiteen legg vekt på at den enkelte yrkesutøvar, spesielt når det gjeld reiarar og skipperar, har ansvaret for at lover og reglar blir følgde, mens styresmaktene må ta ansvaret for at desse reguleringane er hensiktsmessige og i tråd med måla for fiskeripolitikken.

Ein samla komite legg derfor fram forslag til vedtak, I, om at Regjeringa på eigna måte skal legge fram ei sak om arbeidet mot ressurskriminalitet innan fiskerinæringa og vurdere om det er nødvendig med endringar i forvaltningsregimet og vurdere strengare sanksjonar av grove lovbrot. Eit fleirtal i komiteen, som representerer eit mindretal her i stortingssalen, har dessutan fremja eit forslag om at Regjeringa skal leggje fram ei eiga sak om tipstelefonen – II i forslaget til vedtak.

I brev frå fiskeriministeren til komiteen, som er vedlagt innstillinga, er det varsla at Økokrims tipstelefon skal evaluerast etter ei tid. Vi ser derfor ingen grunn til å be om ei eiga sak om dette. Eg vil derfor anbefale regjeringspartia å stemme mot II i forslaget til vedtak.

Olav Akselsen (A) (leiar i komiteen): Dessverre er det slik at brot på regelverket er eit problem òg innanfor fiskerinæringa. Omfanget kan sjølvsagt diskuterast, men med jamne mellomrom dukkar det opp saker som stadfester at her er det uønskt aktivitet på ein del område og ulovlegheiter. Eit komplisert regelverk kan sjølvsagt vera litt av grunnen, men dessverre trur eg nok det er eit ønske om lettent profitt og å omgå dette regelverket som òg er med og bidreg til at ein får lovbrot.

Frå midten av 1990-talet og utover blei det avdekt stadig fleire lovbrot. Alle lovbrot er sjølvsagt alvorlege, men i fiskerinæringa er det ein del tilleggsmoment som gjer det endå verre. I tillegg til at store verdiar blir haldne unna omsetningskontroll og skattlegging, vil lovbrot innan denne næringa undergrava ei biologisk forsvarleg forvalting, noko som på sikt vil vera skadeleg ikkje minst for næringa sjølv. I tillegg veit me at denne næringa slit med tilgang til marknaden, og at ein særleg innanfor EU-systemet, men òg i andre instansar, følgjer denne næringa med argusauge. Eit lovbrot vil vera eit kjærkome påskot for dei som ønskjer å stengja norsk fisk ute frå den viktigaste marknaden vår. Ikkje minst for næringa sjølv er det viktig at ein får så ryddige forhold som mogleg innan næringa.

Derfor sette den førre fiskeriministeren i gang eit omfattande arbeid for å koma desse ulovlegheitene til livs. I dette arbeidet samarbeidde han tett med dei ulike fiskeriorganisasjonane og embetsverket elles. Det blei sett i verk ei rekkje tiltak. Den førre fiskeriministeren greidde ut om desse tiltaka her i salen for nokså nøyaktig eitt år sidan, den 3. mai i fjor. Så vidt eg skjønar, var det den gongen stor oppslutnad om dei ulike tiltaka som fiskeriministeren foreslo, også om denne tipstelefonen som Fiskeridirektoratet hadde oppretta for lovbrot i fiskerinæringa. Dette var eit av tiltaka som blei foreslått, og som hadde stor støtte og som verka bra. Stor blei derfor overraskinga då den nye ministeren avvikla denne tipstelefonen omtrent før han hadde fått overlevert nøklane frå sin forgjengar, og utan å rådføra seg med nokon. Det finst ingen faglege argument for den avgjersla. Telefonen var billig å administrera, den verka enkelt, fungerte godt, dei som handterte telefonen, hadde innsikt i det saka dreidde seg om, og tipstelefonen var godt kjend i miljøet.

I dag trur eg dei fleste, inkludert ministeren sjølv, meiner det var ein tabbe å avvikla denne tipstelefonen. No er det oppretta ein meir generell tipstelefon. Etter mitt syn er det ein dårleg skjult skinnmanøver sett i regi av statsministeren for å dekkja over den tabben som her har skjedd. No er det sjølvsagt for tidleg å bedømma korleis den nye tipstelefonen vil verka, men ein kan i alle fall slå fast at særleg meir slagkraftig enn den førre vil den ikkje bli. Dei som i dag tar imot desse telefonane, har ikkje kompetanse på området, og deira jobb blir berre å registrera tipset og så senda det vidare til Fiskeridirektoratet for behandling. Personleg kan eg ikkje sjå kva ein har oppnådd med dette, bortsett frå at fokus har blitt sett på noko anna enn fiskefusk. Eg kan heller ikkje sjå at det som har skjedd i denne saka, kan karakteriserast som noko anna enn slett politisk handverk.

Ivar Kristiansen (H): Det Dokument nr. 8-forslaget som ble fremmet, vil i dag få den behandling som en stort sett enstemmig komite legger opp til. I den forbindelse er det bare grunn til å understreke at en enstemmig komite ser det som lite hensiktsmessig å skulle gjenopprette en egen telefon for fiskerinæringen etter at en felles tipstelefon er opprettet under Økokrim. Dette skriver faktisk også forslagsstillernes representanter i komiteinnstillingen.

Jeg tror også at hele denne salen er opptatt av å følge opp det som har vært intensjonen, nemlig å komme det såkalte fiskefusket til livs. Dette er en stor, viktig og alvorlig sak. Den er mest alvorlig av den grunn at den er med på å sette Norge som fiskerinasjon i en slags forlegenhet. Jeg tror man kanskje i denne forbindelse skal være litt varsomme med å gi for bastante forhåndsdommer og vurderinger av hva som kommer til å bli fremtiden ved bruk av Økokrims alternative telefon. Jeg tror også man skal ha klart for seg at fiskefusk dreier seg om alle ledd innenfor deler av norsk fiskerinæring, ikke bare fangstleddet. Dette må omfatte flere ledd, skal en få det til å virke. Jeg tror man kan stille seg spørsmålet om det ikke kan være grunn til å få den nødvendige erfaringen med Økokrims telefon, og også få anledning til å vurdere om det kanskje er en bedre og objektiv løsning enn om en skulle ha en telefon tilknyttet Fiskeridirektoratet, som er en del av fiskerienes egen forvaltning. Uansett vil jeg tro at vi alle vil stå oss på å kunne få nødvendig erfaring med den nye løsningen som er satt i sving. Jeg har ikke hørt noen som har ytret ønske om å renonsere på det arbeidet som et enstemmig storting la opp til for å komme dette jukset til livs. Det som er det viktige forhold her, er at dette ikke bare er økonomisk kriminalitet, men også miljøkriminalitet i sin verste form. Og når nasjonen Norge gjør alt man kan for å bidra til å sette en internasjonal standard for forvaltning og for oppfølging på miljøområdet og hver bidige dag diskuterer begrep som bærekraftighet og oppvekstvilkår for eksisterende arter, er vi nødt til å lykkes på dette området. Da tror jeg at tipstelefonen er ett av disse virkemidlene som må komme, og som skal være offentlig kjent for alle som ønsker å nå frem med tips uten å gå veien om den lokale straffemyndighet.

Så kan man gjerne i debatten skylde på – det har jeg for så vidt ikke hørt at noen har gjort – at det er regelverket som skaper juks. Det kan nok til en viss grad uforskyldt skje. Jeg tror alle parter er interessert i å få ryddet opp i det og skape et oversiktlig regelverk. Men jeg tror nok det meste dessverre er gjort med overlegg, og da må man i den videre oppfølgingen skaffe seg den nødvendige erfaring for å se hvordan man kan komme dette til livs. Jeg tror at å vurdere straff i denne sammenheng er svært viktig. De som begår overlagt juks, spesielt i fangstleddet, men også i alle andre ledd, må kunne merke dette på en slik måte at de ikke i noen særlig grad bør få lov å forbli aktører innenfor norsk fiskerinæring for fremtiden.

Øystein Hedstrøm (FrP): Avsløringer av ulovligheter i fiskerinæringen fikk betydelig oppmerksomhet høsten 2000, bl.a. utløste uttalelsene til fiskekjøper Odd Lorentzen om storstilt fiskejuks i Dagbladet 27. november det året kraftige reaksjoner. Opplysningene om at betydelige trålfangster ble lastet rett om bord i trailere uten å være registrert noen steder, toppet nyhetsbildet. Andre ulovligheter som var avdekket i ulike sammenhenger, dreide seg om overfiske og om ulovlig utkast av fisk, omskrivning på sluttseddelen av fiskeslag og størrelse samt rapportering av fangst fra andre områder enn der fisken var fanget.

Daværende fiskeriminister Otto Gregussen hadde fått sannsynliggjort at det foregikk juks og ulovligheter av et omfang som var helt uakseptabelt. Departementet varslet økt kontrollvirksomhet og strengere reaksjoner fra myndighetenes side. Det var også bred enighet om behovet for handling innenfor noen sentrale tiltaksområder. Som et ledd i dette arbeidet ble det etablert en gratis tipstelefon gjennom Fiskeridirektoratet 1. januar 2001 for henvendelser om ulovligheter i fiskerinæringen. Senere på våren ble lovforslag om kontrolltiltak samt fiskeriministerens redegjørelse om ulovligheter, kontroll og tiltak i fiskerinæringen behandlet av Stortinget. Ingen politiske partier gikk imot etableringen eller hadde kritiske bemerkninger til denne tipstelefonen.

Fremskrittspartiet ser det ikke som et angiveri, men som et uttrykk for samfunnsansvar når borgere melder fra om kriminelle handlinger som undergraver vår ressursforvaltning.

Regjeringen har nå opprettet en generell tipstelefon for økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet som et reelt alternativ til andre ordninger. Mye kan tale for at en tipsordning lagt under Økokrim kan være et tjenlig redskap i kampen mot fiskefusk. Informasjonen blir oversendt til Fiskeridirektoratets folk for vurdering og behandling. Det er viktig å understreke i denne sammenheng at all informasjon som mottas, blir kontrollert med hensyn til etterrettelighet før eventuelle tiltak iverksettes. Systemet skal være slik at fiskernes rettssikkerhet blir godt ivaretatt. Seriøs etterforskning kan også bidra til å fjerne ubegrunnede mistanker og rykter. I kampen mot fiskefusk er dette et knippe av helt nødvendige tiltak som er gjennomført, og som er viktig, og som hele det politiske miljøet er opptatt av. Det er også slik at Økokrims tipstelefon vil bli evaluert med rapportering av erfaringer. Så får vi følge med i hvordan det går framover, og det er jo mitt inntrykk at dette tas meget alvorlig i alle partier.

Åsa Elvik (SV): Dette har etter kvart utvikla seg til å bli ei temmeleg underleg sak. Det heile starta, som fleire har vore inne på, i fjor vår, med ei enorm merksemd rundt fenomenet fiskefusk, det som vi no kallar økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet i fiskerinæringa. Denne merksemda førte bl.a. til at det i regjeringa Stoltenberg si tid vart oppretta ein eigen fiskefusktelefon, ei eiga linje hos Fiskeridirektoratet, der ein kunne leggje igjen tips om lovbrot i fiskerinæringa.

Dette skjedde ikkje utan protestar. Slettes ikkje. Nokre meinte at dette innebar uthenging av ei heil yrkesgruppe som lovbrytarar, andre var meir pragmatiske og meinte at denne tipstelefonen kunne vere eit verkemiddel for at styresmaktene skulle vere i stand til å slå ned på alvorlege brot på forvaltningsregimet i fiskerinæringa.

Telefonen viste seg å vere effektiv. Til Dagbladet 26. februar sa statsadvokaten i Troms, Lars Fause:

«Den korte tida linja var åpen, resulterte det i ti anmeldelser. Det var et godt redskap i kampen mot juksemakerne.»

Då vart det sjølvsagt reaksjonar etter at statsråden stengde fiskefusktelefonen nesten før han hadde rokke å setje seg i statsrådsstolen. Så vidt eg forstår på medieoppslaga, var det også delte reaksjonar internt i regjeringspartia på kor fornuftig den avgjerda eigentleg var.

Oppstyret førte til slutt til at statsministeren gjekk ut og lova at ein felles telefon for økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet skulle opprettast under Økokrim. Då var det nok mange som trekte på skuldrene og tenkte; Ja ja, dei hadde vel ikkje noko anna val. Og fleire tenkte nok: Ja ja, greitt nok, det blir vel ikkje heilt det same, men det får så vere. Sånn tenkte i alle fall eg.

Men så viste det seg altså i februar i år at det slettes ikkje er oppretta nokon telefon under Økokrim, og straumen av tips til Fiskeridirektoratet om juks i fiskerinæringa har sjølvsagt snudd. Men den 27. februar tok det fire timar frå representantane Elvik, Arnesen og Solberg leverte det forslaget vi i dag har til behandling, til det kom ei pressemelding om at no opprettar Økokrim ein tipstelefon.

Regjeringa si handtering av denne saka er ikkje spesielt elegant. Forslagsstillarane har likevel ikkje sett meining i no å skulle opprette ein eigen fiskefusktelefon når telefonen hos Økokrim endeleg har kome på plass. Det ville ha vore for dumt. Men vi har som resten av komiteen merka oss at denne ordninga vil bli evaluert, og vi ser fram til denne evalueringa.

Eg meiner at det er mogleg å vere kritisk og konstruktiv på samme tid. Sjølv om eg meiner at det var makelaust dårleg politisk handverk å leggje ned fiskefusktelefonen, er eg innstilt på å vere med i arbeidet mot økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet i fiskerinæringa også framover.

Fisken i havet er i dag ein strengt regulert ressurs. Sjølv om det er få – eg trur ikkje eg har møtt nokon – som er fornøgde med dei kvotane dei har fått tildelt, kan ingen ta seg til rette for gjennom smutthol i regelverket eller gjennom direkte brot på regelverket å få ein større del av kaka. Dessutan må vi, som representanten Kristiansen var inne på, ta med i vurderinga at fiskerinæringa er ei eksportorientert næring som er avhengig av tillit i marknaden.

Samtidig skal vi frå denne stolen vere såpass audmjuke at vi innser at dei mange reguleringane i næringa også kan gjere yrkesutøvarane til ufrivillige lovbrytarar. Bifangstproblematikken blir gjerne nemnd i så måte. Men samtidig som vi veit at bifangst er vanskeleg å kontrollere for fiskaren, veit vi også at dette er eit forhold som det rett og slett blir spekulert i for å hente ut høgare forteneste.

Eg må derfor seie at eg er glad for at komiteen einstemmig går inn for I i forslaget til vedtak, der vi ber om at det blir lagt fram ei sak om arbeidet mot ressurskriminalitet i fiskerinæringa, og der vi ber om ei vurdering av om det er nødvendig med endringar i forvaltningsregimet, og ei vurdering av strengare sanksjonar mot grove lovbrot. Det er eit viktig forslag som Stortinget vedtek i dag. Eg trur dette er nødvendige steg vidare i arbeidet mot økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet, og eg ser fram til at Stortinget får ei sak om dette.

Odd Roger Enoksen (Sp): Det skulle kanskje ikke være nødvendig å slå fast enda en gang at fiskerinæringen er en av våre aller viktigste næringer og vil komme til å være det også i framtiden. Det er derfor viktig å ha troverdighet både i forhold til miljøaspekt, i forhold til økonomi, i forhold til kvalitet og i forhold til ressursforvaltning. Det er nødvendig i forhold til markedet, det er nødvendig i forhold til det internasjonale samfunn og det er nødvendige hensyn til nasjonens renommé at man klarer å ivareta en skikkelig ressursforvaltning, og at man kommer ulovligheter til livs i enhver næring, og spesielt i en næring som denne, hvor vi forvalter en felles bestand, en sårbar bestand, som vi både i stor grad er økonomisk avhengig av, og som ikke minst i ressurssammenheng har stor betydning.

Stort sett er det ryddige forhold innen fiskerinæringen, men vi kommer selvfølgelig ikke bort fra at med de store økonomiske verdier som står på spill, vil fristelsen til å omgå reguleringer og ulike bestemmelser kunne komme til å bli for stor for enkelte. Vi vet – og har sett eksempler på – at det både skjer underrapportering, at det skjer utkasting, at det skjer avgiftsunndragelse f.eks. i forhold til toll. Det er selvfølgelig nødvendig og viktig at vi gjør det vi kan for å komme dette til livs, både av hensyn til næringen selv, av hensyn til Norges renommé som fiskerinasjon og av hensyn til det store flertallet innenfor fiskerinæringen, nemlig de som opptrer lovlydig og gjør jobben sin slik som den skal gjøres.

Det er svært alvorlig hvis vi får et rykte som en nasjon som driver med fusk og ulovligheter og ufornuftig ressursforvaltning. Det er på langt nær situasjonen. Jeg tror Norge har et godt renommé som fiskerinasjon. Det er det også viktig å ta vare på, og vi må i den situasjonen og den debatten vi nå har, heller ikke glemme at fiskerinæringen skal forholde seg til til dels kompliserte reguleringer og et komplisert regelverk som kan gjøre noen til lovbrytere uten at man hadde tenkt at man skulle bli det. Så etterforskning og mulighetene for innrapportering må brukes med fornuft, og det må legges til rette for at man ikke skal få tilstander i næringen som ingen ønsker, med rapportering også for den minste ting. Det har heller ikke vært situasjonen. Etter min oppfatning representerte faktisk tipstelefonen et godt innspill i debatten mot fiskefusk. Selvsagt kan man diskutere hva som er de beste virkemidlene. Det må også til enhver tid gjøres, både av myndighetene og av næringen selv. Det har jeg også registrert gjøres bl.a. i regi av det etikkprosjektet som næringen selv har tatt initiativ til, også etter møtet med fiskeriministeren, som det henvises til i brevet. Det synes jeg er bra. Dette er et arbeid som man bør ha fokus på framover, i lag med andre tiltak som kan være med og styrke Norges troverdighet som fiskerinasjon, og som kan være med og bidra til at vi får bukt med det som måtte forekomme av fusk i næringen.

Med hensyn til nedleggelsen av tipstelefonen, tror jeg bare rett og slett vi kan erkjenne alle sammen at det var en åpenbar bommert at det ble gjort så raskt etter at den nye regjeringen tiltrådte. Det bekreftes jo for så vidt av at man har sett det nødvendig å opprette en ny tipstelefon hos Økokrim, der Økokrim ikke fungerer som noe annet enn et sentralbord for Fiskeridirektoratet, i og med at alle henvendelser videreformidles ubehandlet direkte til Fiskeridirektoratet der den gamle tipstelefonen lå. Det bekrefter inntrykket av at Økokrim fungerer som et sentralbord. Og ærlig talt: Økokrim har andre og viktigere ting å drive med enn å være sentralbord for den gamle tipstelefonen. Det synes jeg er for dårlig. Men i likhet med det tidligere talere har sagt: La nå fortid være fortid, og la oss i fellesskap prøve å være enige om at det som nå er viktig, er å prøve å få bukt med det som foregår av ulovligheter i denne næringen, og at vi kan samle oss om tiltak som kan bidra til å få en best mulig forvaltning, slik at næringen skal kunne opprettholde og styrke sitt renommé. I den sammenheng mottas alle bidrag med takk. Jeg tror også denne salen står seg på at vi er konstruktive og er medspillere i et arbeid for å få til bedre tilstander i næringen.

Statsråd Svein Ludvigsen: La meg med en gang slutte meg til den sluttkonklusjonen som representanten Enoksen nå nettopp trakk i sitt innlegg. Og det er også bred enighet mellom Stortinget, Regjeringen og næringen om målene for norsk fiskeripolitikk knyttet til en langsiktig, bærekraftig utnyttelse av havets ressurser. De marine arter er en fornybar, men ikke uuttømmelig kapital som gir store muligheter, og som med dagens fangstteknologi krever en like stor grad av ansvarlighet for at vi ikke skal ødelegge mulighetene for fremtidige generasjoner, slik både saksordføreren og komitelederen var inne på i sine innlegg. Fra Regjeringens side arbeider vi kontinuerlig med å legge til rette for en best mulig utnyttelse av den blå åker innenfor disse rammene.

En ansvarlig fiskeriforvaltning krever en fast hånd i forhold til økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet. Ressurskontroll innenfor fiskerinæringen er derfor en høyt prioritert oppgave for Regjeringen, slik det også var for den foregående. Vi ønsker å gripe denne problemstillingen bredt an, og målsettingen er å komme ulovlighetene til livs.

Seriøse tips om ulovligheter, uansett hvordan myndighetene får kunnskap om slikt, legges det i denne sammenhengen stor vekt på fra Regjeringens side. Alle former for økonomisk kriminalitet skal bekjempes med de virkemidler som er tilgjengelige. Det gjelder selvfølgelig også innenfor fiskerinæringen. Ansvarlige borgere skal kunne henvende seg til myndighetene og bidra i arbeidet mot kriminalitet.

Jeg registrerer den uenighet som er rundt den såkalte tipstelefonen. Mitt utgangspunkt er at økonomisk kriminalitet så vel som miljøkriminalitet er politisaker, og i så måte er tipstelefonen bare ett av flere virkemidler.

Det er imidlertid viktig at vi ikke stigmatiserer en enkeltnæring, og Regjeringen har på denne bakgrunn opprettet en tipstelefon for økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet. Ordningen administreres av Økokrim og er ment som et reelt alternativ til andre tipstelefonordninger, herunder også den såkalte fiskefusktelefonen under Fiskeridirektoratet. Økokrims tipstelefon har vært i drift siden februar 2002, og konkrete henvendelser vedrørende fiskerikriminalitet oversendes til Fiskeridirektoratet for videre behandling, slik jeg har redegjort for i mitt brev til komiteen.

Jeg viser også til at Fiskeridirektoratet i tiden januar–oktober 2001 mottok over 150 tips, hvorav bare 15 førte til politianmeldelse. Hittil har Økokrim mottatt 10 tips, hvorav 8 er oversendt Fiskeridirektoratet for behandling før eventuell politianmeldelse. Begge telefoner er like tilgjengelige. Det tas sikte på at ordningen med Økokrims tipstelefon skal evalueres etter en viss tid, slik jeg registrerer at komiteen har lagt vekt på i sin anbefaling.

Jeg holdt i februar i år et møte med næringens organisasjoner og alle sentrale aktører innenfor ressurskontrollområdet for å belyse bredden i arbeidet med etikk og ulovligheter i fiskeri- og havbruksnæringen. Møtet gav nyttig informasjon om virkningen av iverksatte tiltak og veien videre i arbeidet mot ulovligheter. Den 19. juni har jeg innkalt til et nytt møte for å sørge for nødvendig fokus og fremdrift i dette arbeidet, og jeg vil selvfølgelig ta med meg de synspunkter som kommer der, og som er kommet i innstillingen.

Arbeidet med holdninger i denne næringen er her sentralt. Uten at man rydder opp i egne rekker og setter en standard som er gagnlig for dagens og fremtidens generasjoner, og som bygger opp under myndighetenes overordnede målsettinger, vil de tiltak vi iverksetter fra sentralt hold, få liten virkning. Dette er jeg svært opptatt av, og vi er i en god dialog med næringen om dette. Både Norges Fiskarlag, havbruksnæringen, oppdrettsnæringen og fiskeindustrien har satt etikk høyt på dagsordenen, og har satt i gang egne tiltak og prosjekt i denne sammenhengen.

Stortinget vedtok i juni 2001 en skjerpelse av strafferammene i sentrale deler av fiskerilovgivningen, slik representanten Kristiansen var inne på i sitt innlegg. Påtalemyndigheten har samtidig lagt større vekt på å vurdere ulovligheter på fiskeriområdet også i lys av straffelovens bestemmelser for å understreke alvoret i disse forgåelsene. Videre har forvaltningen tatt i bruk en lovhjemlet mulighet til å utelukke aktører midlertidig eller permanent fra næringsvirksomhet når det foreligger alvorlige eller gjentatte brudd på fiskerilovgivningen. Samtidig har politi- og påtalemyndigheten intensivert arbeidet med å korte ned saksbehandlingstiden for fiskerirelaterte saker. Jeg har stor tiltro til disse tiltakene, men den kriminalitetsbekjempende virkningen vil nødvendigvis først vise seg på noe sikt.

En forvaltningsmessig utfordring er å utforme et regelverk som ivaretar hensynet til lønnsomhet, rettferdighet innenfor en sammensatt flåtegruppe og bærekraft på lang sikt, samtidig som regelverket er tilstrekkelig brukervennlig og dermed enkelt og oversiktlig for den enkelte næringsdrivende. Det arbeides det kontinuerlig med i fiskeriforvaltningen. Og la meg her få nevne én reform av betydning: innføringen av samlekvoter for fartøy under 15 meter. Regelverket er f.eks. på det området forenklet, og fiskerne har dermed fått en enklere hverdag å forholde seg til. Om dette er veien å gå også for andre grupper, får tiden vise. Fiskerinæringen er en selvfølgelig premissleverandør i utformingen av regelverket, og de erfaringer aktørene i næringen gjør med dette regelverket, legger jeg stor vekt på. Men regelverket kan ikke være en unnskyldning for omgåelse av lovverket, slik også flere av talerne har gitt uttrykk for.

Til slutt: I denne sammenhengen er Økokrims tipstelefon ett element, ett av flere bidrag i kriminalitetsbekjempelsen. De viktigste bidragene er imidlertid etter mitt skjønn, som jeg har vært inne på, holdninger og en koordinert og effektiv bruk av offentlige virkemidler. Det oppfatter jeg etter dagens debatt at næringskomiteen, Stortinget og Regjeringen er enige om. Jeg vil komme tilbake til Stortinget i tråd med de anbefalinger som kommer fra Stortinget i dag.

Presidenten: Det blir replikkordskifte.

Olav Akselsen (A): No er det slik at den saka me behandlar i dag, dreiar seg konkret om tipstelefonen. Eg har likevel forståing for at fiskeriministeren valde å snakka om meir generelle ting. Likevel er det altså tipstelefonen som er temaet i dag.

Sjølv om alle andre ser at det var ein tabbe å leggja ned tipstelefonen, og at det var slett politisk arbeid som førte til denne handlinga, reknar eg ikkje med at fiskeriministeren skal innrømma det her i dag. Difor vil eg stilla spørsmål om noko anna.

Så vidt eg har fått med meg, har det til no vore berre eitt argument for at denne telefonen vart nedlagd, nemleg at det skulle vera «angiveri» å tipsa om at det blei gjort lovbrot. Den endringa som no har skjedd, er at ein har oppretta ein ny telefon hos Økokrim. Der blir sakene ikkje behandla, ein tek berre imot tipset, og så blir det vidaresendt ubehandla til Fiskeridirektoratet.

Det eg lurer på, er om fiskeriministeren kan forklara kvifor eit tips som går direkte til Fiskeridirektoratet, er «angiveri», men dersom det same tipset blir sendt først til Økokrim, og så ubehandla sendt vidare til Fiskeridirektoratet, er det plutseleg ikkje lenger ei form for «angiveri». Det hadde vore greitt å få det nærmare belyst i og med at dette så langt i debatten er det einaste argumentet som har vore framført for nedlegging av den telefonen som alle veit fungerte bra.

Statsråd Svein Ludvigsen: Det er to ting jeg synes det er viktig å registrere i etterkant av debatten, og som også er svar på spørsmålet. Det kan være ulike oppfatninger av hvor denne telefonen skal stå, men samtidig er det bred enighet om at det ikke er nødvendig med flere enn én. Jeg er for så vidt innforstått med at flertallet i komiteen har de synspunkter det har, knyttet til om den skulle ligge i Bergen eller her. Men jeg er tilfreds med at man er enig om at dette er en politisak. Dette skal behandles av politiet i sin tid, men de må trekke inn den kompetansen som finnes. Jeg synes faktisk at det er et avgjørende viktig argument å ta med seg at slik telefonen opprinnelig var innrettet, hadde den en stigmatiserende effekt på næringen fordi man behandlet den på en annen måte enn annen økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet. Og for meg er det viktig at vi ikke gjør dette til et spørsmål om fiskefusk, fordi fiskefusk indikerer en mindre alvorlig grad av lovbrudd enn økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet.

Dette skal vi evaluere og komme tilbake til Stortinget med, og jeg synes vi skal ta med oss at det kom inn over 150 tips til Fiskeridirektoratet, hvorav bare 15 førte til politianmeldelse. Jeg skal ikke gå inn og evaluere de henvendelser som kom, men det er altså et faktum at kun 10 pst. av dem førte til politianmeldelse.

Åsa Elvik (SV): Eg lurer på om svaret som statsråden nettopp gav, betyr at statsråden går tilbake på si eiga utsegn om at ein tipstelefon under Fiskeridirektoratet er «angiveri», mens ein under Økokrim ikkje er det.

Så lurer eg på ein ting til. Statsråden skriv i sitt brev til komiteen:

«Det tas sikte på at ØKOKRIMs tipstelefon skal evalueres etter en viss tid.»

Vil statsråden i denne evalueringa også ta med ei vurdering av korleis erfaringane med fiskefusktelefonen var?

Statsråd Svein Ludvigsen: Når det gjelder denne evalueringen som jeg skal komme tilbake til Stortinget med, skal jeg holde meg både til det jeg har sagt i brev til komiteen, og det komiteen er enig om, og be om en bred evaluering av ordningen med tipstelefon. Det skal jeg komme tilbake til når tiden er moden for det.

Men jeg registrerer at det er ulike synspunkter knyttet til både den foregående telefonordning og den nåværende. Jeg er bekvem med den konklusjonen som Stortinget trekker i dag, og har for så vidt ikke flere kommentarer til det, men understreker at jeg som fiskeriminister fokuserer på å ha et konstruktivt samarbeid med næringen for å bekjempe økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet, som jeg anser ethvert fusk og fanteri knyttet til fiskerinæringen for å være. Og jeg synes det er veldig viktig at vi fokuserer på at dette er like alvorlig miljøkriminalitet og økonomisk kriminalitet som enhver annen sak, og at det er en sak for politi og rettsvesen og ikke bare for forvaltningen.

Odd Roger Enoksen (Sp): Jeg er hjertens enig med fiskeriministeren i at kriminalitet og kriminelle handlinger selvsagt er en sak for politi og rettsvesen. Men den tipstelefonen som er opprettet hos Økokrim, er ingenting annet enn et sentralbord for Fiskeridirektoratet, i og med at alle henvendelser videresendes ubearbeidet og først blir behandlet av Økokrim etter en anmeldelse fra Fiskeridirektoratets side. Så egentlig er det ikke noen stor forskjell.

Jeg skjønner at fiskeriministeren har et behov for å forsvare og forklare sine handlinger, men utgangspunktet til fiskeriministeren var vel at han aldeles ikke hadde tenkt å opprette noen erstatning for den ordinære fiskefusktelefonen. Jeg liker ikke angiveri, var kommentaren som ble brukt fra fiskeriministerens side da tipstelefonen ble nedlagt. Og vi kjenner jo alle historien før det endelig kom en tipstelefon på plass hos Økokrim, men la nå det ligge i denne omgangen – jeg skal ikke rippe mer opp i det.

Poenget mitt er at jeg tror terskelen for å ta kontakt med Økokrim er vesentlig høyere enn terskelen for å ta kontakt med Fiskeridirektoratet. Det er nok den viktigste årsaken til at antall tips har gått ned såpass kraftig som de har. Det kan vi selvsagt se på to måter. Vi kan se på det som positivt at man kun tar kontakt i de aller mest graverende tilfeller, eller at man har en høyere terskel for å ta kontakt. Det kan på den ene siden være positivt. Men når, som fiskeriministeren sier, kun 15 av 140 innrapporterte tilfeller førte til anmeldelse, viser det også noe annet. Det viser at det som i mange tilfeller koker under overflaten i fiskerinæringen, en mistanke om at andre driver med fusk, i de aller fleste tilfeller er blitt avkreftet. Det er for næringen særdeles positivt at det faktisk bare er 15 av 140 tilfeller som har ført til politianmeldelse, og at de aller fleste tilfellene hvor man har mistanke om at det foregår juks, er blitt avkreftet av myndighetene. Det er positivt for næringen. Ser ikke fiskeriministeren også det aspektet, og vil han legge til rette for at myndighetene også har et ansvar for å få avkreftet mistanke om fusk der det reelt sett ikke har foregått ulovligheter?

Statsråd Svein Ludvigsen: Jeg må si at de synspunkter som representanten Enoksen kommer med knyttet til nødvendigheten av å få avkreftet juks, er en viktig del av min argumentasjon også. Det er nettopp det faktum at det her kommer inn over 150 tips som sorteres ned til 140 tips – hvorav bare 10 pst. anses som seriøse og fører til politianmeldelse – som er med på å stigmatisere en næring. Samtidig er jeg enig med representanten Enoksen i at det er viktig å få avkreftet at en god del av det som blir påstått, var ubegrunnet.

Jeg er ikke sikker på om terskelen er høyere i forhold til Økokrim når det gjelder de reelle sakene, men det er mulig at det har en sorterende effekt på de tipsene som viser seg ikke å være seriøse. Det var for så vidt litt av hensikten, fordi det ikke er med på å stigmatisere i samme grad som en telefon som kun går til forvaltningen. Men det er altså ikke så helt sikkert at tipsene når det gjelder de seriøse brudd på regelverket, som skal føre til politianmeldelse, er gått ned, for det er jo slik at det var 15 tips til Fiskeridirektoratet av mer enn 150 som førte til politianmeldelse. Per dato er det altså kommet inn ti tips til Økokrim, hvorav åtte etter den første vurderingen til Økokrim blir sendt over til direktoratet til videre behandling. Vi er da altså nede i halvparten på kort tid.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til replikk.

Flere har heller ikke bedt om ordet til sak nr. 1.

(Votering, se nedenfor)

Votering i sak nr. 1

Presidenten: Åsa Elvik – til stemmeforklaring!

Åsa Elvik (SV): På bakgrunn av debatten og signala frå statsråden ber eg om at II i tilrådinga blir gjort om til eit oversendingsforslag.

Presidenten: Det er registrert.

Komiteen hadde innstillet:

I

Stortinget ber Regjeringa på egna måte legge fram ei sak om arbeidet mot ressurskriminalitet innen fiskerinæringa, og vurdere om det er nødvendig med endringar i forvaltningsregimet og vurdere strengere sanksjoner av grove lovbrot.

Presidenten: Presidenten vil før vi går til votering gjøre oppmerksom på at det er en liten skrivefeil i første linje under I. Der står det: «Stortinget ber Regjeringa på egna måte…», og det betyr på nynorsk «med agn på». Det skal stå «på eigna måte» – for å unngå enhver mulig misforståelse, siden det akkurat er fiskerinæringen det dreier seg om!

Votering:Komiteens innstilling – med den nevnte korreksjon – bifaltes enstemmig.

Presidenten: II i forslaget til vedtak er omgjort til et oversendelsesforslag. II lyder da i endret form:

«II

Regjeringa vert oppmoda om å leggje fram ei sak der ein gjennomgår erfaringane frå både den såkalte fiskefusktelefonen og Økokrims tipstelefon for økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet.»

Presidenten foreslår at forslaget oversendes Regjeringen uten realitetsvotering. – Det anses vedtatt.