Stortinget - Møte onsdag den 14. mai 2003 kl. 10

Dato: 14.05.2003

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 2

Øystein Hedstrøm (FrP): Jeg har følgende spørsmål til kultur- og kirkeministeren:

«Østfoldingene er på 4. plass i spill pr. person. Av til sammen 574 mill. kr fra fylket på Norsk Tippings spill (uten Extra), kommer kun 18,6 mill. kr tilbake i form av midler til idrettsanlegg. Det er jumboplass i prosent av innsatsen. Mens 100 tippekroner gir 3,20 kr til lokale idrettsanlegg, får idretten i Nord-Trøndelag det tredobbelte tilbake.

Vil departementet vurdere om spilleinntektene kan bli ett av kriteriene for tildeling?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Ved lov om pengespill mv. av 28. august 1992 nr. 103 er det i § 10 bestemt at overskotet i Norsk Tipping skal fordelast på formåla idrett, kultur og forsking. Frå og med 2005 vil idrett og kultur få halvparten av overskotet kvar.

I år vart det 1 050 mill. kr kvar til idrett og kultur, og 600 mill. kr til forsking.

Midlane til idrettsformål for 2003 vart i tråd med lova fordelt i statsråd 25. april. Det vart avsett 525 mill. kr til idrettsanlegg i kommunane. Av desse vart 495 mill. kr fordelte i rammer til fylkeskommunane.

Fordelinga fylkeskommunane imellom blir rekna ut frå bestemte kriterium som Stortinget tidlegare har slutta seg til, sist ved handsaminga av St.meld. nr. 14 for 1999-2000, Idrettslivet i endring.

Ordninga med spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet er søknadsbasert. Det vil seia at dei kriteria som veg tyngst, har samanheng med dei søknadene som har kome inn, og som har blitt godkjende. Kommunane føretek prioritering av søknadene, mens fylkeskommunen tek avgjerd om fordelinga.

Det var i år godkjende søknader for 1 275 mill. kr. Søknadene fordeler seg på ordinære nyanlegg, rehabilitering av eksisterande anlegg og nærmiljøanlegg.

Alle fylkeskommunane får lik prosentsats til søknader til rehabilitering og større nærmiljøanlegg. Til mindre nærmiljøanlegg blir tilskotet rekna ut etter talet på personar i fylket mellom 6 og 19 år.

Til ordinære nyanlegg nyttar ein tre kriterium: godkjend søknadssum, 50 pst., talet på innbyggjarar, 25 pst. og anleggsdekning, 25 pst. Kriteria er meinte å bidra til ei fordeling av spelemidlane til anleggsformål i forhold til lokale behov.

Tilskotsordninga er søknadsbasert, og det er ingen samanheng mellom kor mykje det blir spela for i kvart enkelt fylke eller kvar enkelt kommune. Slik har det vore sidan spelemiddelordninga vart innført i 1948. Slik ordninga er no, er det idrettens behov uttrykt gjennom dei søknadene som kjem, kombinert med kommunane sine prioriteringar, som styrer fordelinga av midlane, og slik meiner departementet det framleis skal vera.

Øystein Hedstrøm (FrP): Jeg takker statsråden for svaret.

Jeg har nå fått en beskrivelse av det regelverk som gjelder, og et støtteinnlegg for det, og allikevel er det liten eller ingen sammenheng mellom det beløpet det spilles for i det enkelte fylke, og det som tilbakeføres til det enkelte fylke. Statistisk er det det sentrale Østlandet, Oppland og Sør-Trøndelag som får lite tilbake. Dette er områder med stor befolkningstetthet og stor anleggstetthet. Det er da logisk at der man har en større befolkningstetthet, er det også behov for flere anlegg. Hvis f.eks. Østfold hadde fått igjen det samme som Nord-Trøndelag, ville man der ha fått 40 mill. kr mer.

Mener ikke statsråden at det ut fra et rettferdighetsprinsipp burde være større samsvar mellom det det enkelte fylke betaler inn, og det som går tilbake til det enkelte fylke, og at man vurderer nye kriterier for dette? Man har gode prosjekter i alle fylker, og selv om man har et komplisert og detaljert regelverk, gir dette utslag innenfor idretten som ikke alle synes er like hyggelig.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg har aldri opplevd at det har vore nokon samanheng mellom kor mykje det blir spela for i eit fylke, og kor stor idrettsaktivitet det er i eit fylke. Vi må sjølvsagt dela ut midlane ut frå kvar behovet er størst, og det er det kommunane og fylka som veit best. Dei søkjer, og dei får midlar etter vedtekne kriterium som Stortinget har slutta seg til.

Når det gjeld spørsmålsstillinga i forhold til folketette område, er eg samd i det spørjaren sa. Det er eit av dei områda vi har sagt at vi skal prioritera, uavhengig av kor mykje det blir spela for, men avhengig av kva behovet er. Folketette område treng fleire banar, fordi det er fleire som skal bruka dei. Kor mange innbyggjarar som er mellom 16 og 19 år, er òg eit av kriteria på desse områda. Det er det heilt naturleg at vi tek inn, men det er ingen samanheng mellom kor mykje folk spelar for, og kor ivrige dei er på idrettsbanen – dessverre, kanskje, men slik er det.

Øystein Hedstrøm (FrP): Jeg takker statsråden for svaret.

Jeg registrerer at man i hvert fall i Østfold jobber innenfor idretten for å få tilbakeført en større andel. Man har mange gode prosjekter, og man vil gjerne ha en mer rettferdig fordeling gjennom en omfordeling. Det vil være en sterk stimulans til miljøet hvis man fikk til det. Mener ikke statsråden at det er et synspunkt som også kan stimulere idretten i det enkelte fylke?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg trur på ingen måte at det er nokon samanheng mellom idrettsaktiviteten i det enkelte fylke og kor mykje folk spelar for. Tvert imot meiner eg at fylka ikkje skal konkurrera om å spela mest for å få mest pengar, det ville vera ein negativ effekt, vil eg faktisk seia. Men å arbeida for å få ein større del, må fylka berre gjera, men då må det gå ut frå kva slags prosjekt dei har, og ikkje kor mykje folk spelar for. Eg synest faktisk det er eit negativt kriterium representanten ber om blir lagt inn. Positive kriterium som folketettleik, aktivitetar og prioriteringar i kommunen må dei gjerne arbeida for. Men eg minner heilt til slutt om at dei kriteria som vi deler ut midlane etter, er vedtekne av Stortinget, og eg held meg til dei reglane som vi har.