Stortinget - Møte torsdag den 6. november 2003 kl. 10

Dato: 06.11.2003

Dokumenter: (Innst. S. nr. 10 (2003-2004), jf. St.meld. nr. 42 (2002-2003))

Sak nr. 3

Innstilling frå kommunalkomiteen om ILOs 90. internasjonale arbeidskonferanse i Genève, 3.-20. juni 2002

Talere

Votering i sak nr. 3

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) (leiar i komiteen og ordførar for saka): Innst. S. nr. 10 for 2003-2004 gjeld ILOs 90. internasjonale arbeidskonferanse i Genève 3.–20. juni 2002. Meldinga gir ei kort oversikt over dei viktigaste sakene som vart behandla på den nemnde konferansen, og dei vedtaka som vart gjorde. Meldinga inneheld vidare ei tilråding til korleis Noreg skal stilla seg til spørsmålet om ratifikasjon av protokollen om tryggleik og helse i arbeidslivet, samt informasjon om rekommandasjon nr. 193 om fremje av samvirkeføretak og rekommandasjon nr. 194 om ulykker og sjukdomar knytte til yrkesutøving.

Det er ein samla komite som står bak innstillinga, og difor vil eg berre koma med nokre korte merknader frå mi side. Det eine spørsmålet gjeld konvensjon nr. 155 om tryggleik, helse og arbeidsmiljø, som vart godkjend av Noreg så tidleg som i 1982. Denne gongen gjeld protokollen arbeid for å harmonisera registrerings- og meldeordningar og statistikk over sjukdomar og ulykker knytte til arbeidslivet. Protokollen er ikkje i samsvar med norsk rett.

Høyringsutsegnene avklarar at det er ulikt syn på om ulykker på reiser til eller frå arbeid skal reknast som arbeidsgivaren sitt ansvar. No leier professor Asbjørn Kjønstad for tida eit utval som ser på framtidig yrkesskadeordning i Noreg, og komiteen deler departementet si oppfatning om at yrkesskadeutvalet tek protokollen med i si vurdering. Komiteen meiner at både spørsmålet om ratifisering av konvensjon nr. 161 om bedriftshelseteneste og av konvensjon nr. 121 om yrkesskadetrygd bør vurderast i den samanhengen, og det same gjeld spørsmålet om oppfylling av rekommandasjonen. Men lat meg understreka at vi frå komiteen si side ikkje har sett det føremålstenleg å gå inn i ei nærmare drøfting. Det betyr altså at vi ikkje har teke stilling til desse spørsmåla. Det vil vi gjera når vurderingane frå Kjønstad-utvalet ligg føre.

Rekommandasjon nr. 193 gjeld samvirkeføretak. Der seier Justisdepartementet i si høyringsutsegn at utkastet ikkje skapar problem i forhold til norsk samvirkerett eller i forhold til Samvirkelovutvalet sitt forslag frå 2002. Men departementet seier òg at det kan sjå ut som om norsk banklovgiving ikkje er i samsvar med utkastet, fordi ho inneheld eit forbod mot kooperative bankar. Komiteen merkar seg at det same departementet meiner at dersom Banklovkommisjonen sitt forslag om forbod mot å etablera kredittforeiningar vert vedteke, kan det reisa spørsmål i forhold til rekommandasjonen. Komiteen er samd med departementet i at det vert teke omsyn til tilrådingane i rekommandasjonen i samband med det vidare arbeidet med lov om samvirkeføretak.

I tillegg vil eg ta med at ein til slutt i utsegna frå Justisdepartementet òg peikar på det kapitlet i rekommandasjonen som gjeld deltaking av kvinner i leiinga. Samvirkelovutvalet har ikkje lagt fram forslag om kjønnsrepresentasjon i samvirkeføretak, men det vert opplyst at det i 2002 er nedsett ei arbeidsgruppe med representantar frå fleire departement og samvirkesektoren som arbeider med tiltak for å styrkja kjønnsrepresentasjonen i dei største samvirkeføretaka. Det er òg eit arbeid som det er viktig å følgja opp.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 3.

(Votering, se side 359)

Votering i sak nr. 3

Komiteen hadde innstillet:

St.meld. nr. 42 (2002-2003) – om ILOs 90. internasjonale arbeidskonferanse i Genève, 3.-20. juni 2002 – vert å leggja ved protokollen.

Votering:Komiteens innstilling bifaltes enstemmig.