Stortinget - Møte tirsdag den 4. mai 2004 kl. 10

Dato: 04.05.2004

Sak nr. 1

Redegjørelse av kultur- og kirkeministeren om allmennkringkastaroppdraget til Norsk rikskringkasting

Talere

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland [10:04:30]: Eg har bede om å få halda denne orienteringa fordi Stortinget i budsjettinnstillinga for 2004 bad om å få seg førelagt arbeidet med presisering av NRK sitt oppdrag som allmennkringkastar.

Eg har tidlegare ved fleire høve vist til at departementet arbeider med å presisera allmennkringkastaroppdraget til NRK. Noko av bakgrunnen er krava i EU-kommisjonen og ESAs retningsliner for offentleg finansiering av allmennkringkastarane. Noreg er bunde til desse gjennom EØS-avtalen. Desse retningslinene gir få føringar når det gjeld kva oppdraget skal omfatta. Dette er det opp til kvart einskilt land å fastsetja. Formålet med EU-kommisjonen sitt krav om presisering er fyrst og fremst å hindra at offentlege midlar blir nytta til å subsidiera konkurranseutsett verksemd. Lisensen kan ikkje nyttast til å finansiera kommersielle tenester som fell utanom oppdraget allmennkringkastarane har.

Det er mange oppfatningar og forventningar om kva NRK skal vera. Ein gjennomgang og ei presisering av NRK sitt oppdrag vil difor òg vera positivt fordi det kan klargjera både for publikum, styresmaktene og verksemda sjølv det samfunnsansvaret NRK har. Ei presisering er òg naudsynt fordi det vil gjera det klart kva for oppgåver NRK kan nytta lisensmidlar til utan at det er i strid med EØS-avtalen.

NRK sitt oppdrag går i dag fram av kringkastingslova og vedtektene. Kringkastingslova slår fast at NRK har til formål å driva allmennkringkasting og verksemd som har samanheng med dette. Vedtektene utdjupar kva dette oppdraget inneber.

TV 2, Kanal 24 og P4 har òg eit allmennkringkastaroppdrag. Krava går fram av konsesjonane deira. Dersom ein les vedtektene og konsesjonane til desse selskapa isolert, kan det sjå ut som dei kommersielle kringkastarane har strengare programkrav enn NRK. Programkrava til dei kommersielle selskapa er meir detaljert utforma enn det som gjeld for NRK. Og kvifor er det slik? Jo, programkrava til dei kommersielle kanalane kan vi i røynda berre fastsetja når konsesjonane blir tildelte. Med NRK er det annleis. Her kan vi kontinuerleg justera kursen m.a. gjennom vedtak i generalforsamlingar.

Eg vil her nytta høvet til å minna om at Allmennkringkastingsrådet har vurdert programma i NRK etter dei same kriteria som for dei andre kringkastarane. Det er gledeleg å konstatera at rådet gjennomgåande har vore svært nøgd med allmennkringkastingstilbodet til NRK. Det er ingen tvil om at NRK leverer eit kvalitetsprodukt som fyller krava til allmennkringkasting, sjølv om krava ikkje går klart fram av vedtektene til selskapet.

Tida er likevel mogen for å gi ei nærare presisering av NRK sitt oppdrag som allmennkringkastar. Grunnane til dette har eg nemnt.

Ikkje noko anna medium kan konkurrera med fjernsynet når det gjeld gjennomslag i folket. Heile 84 pst. såg fjernsyn på ein vanleg dag i 2003. Kvar person såg i gjennomsnitt 141 minutt. Sidan fjernsynet i så stor grad pregar kulturen vår og den kulturelle utviklinga, er det klart at allmennkringkasting er eit sentralt verkemiddel i norsk kultur- og mediepolitikk. Dette gjeld òg for radio. Omgrepet «allmennkringkasting» var lenge jamgodt med NRK. I dag omfattar det også TV 2, Kanal 24 og P4.

Eg vil understreka at det offentlege engasjementet i NRK er basert på at NRK skal ha ei viktig samfunnsrolle. Dette gjeld både den offentlege eigarskapen, lisensfinansieringa og programkrava. NRK er og skal framleis vera Noregs fremste kultur- og medieverksemd.

NRK har eit særskilt ansvar for å fremja demokratiske, sosiale og kulturelle verdiar i samfunnet. NRK spelar ei viktig rolle når det gjeld å fremja kulturelt mangfald, tilby program som er allmenndannande, informera folket på ein objektiv måte, garantera mangfald og tilby kvalitetsprogram. Som lisensfinansiert allmennkringkastar har NRK større økonomisk fridom enn andre medium, og må difor vareta fleire og andre område i samfunnet enn kva kommersielle medium er pålagde. Målet er mangfald og ikkje like programtilbod.

Det er klart at NRK må ha stor oppslutning i folket. Men lyttar- og sjåaroppslutninga kan ikkje vera det einaste suksesskriteriet for ein ikkje-kommersiell allmennkringkastar som NRK. Med andre ord må NRK også i beste sendetid senda program som ikkje er for det breie lag av folket.

Når staten eig aksjeselskap, er det vanlegvis fordi staten vil tena pengar. Slik er det ikkje med NRK. NRK skal sjølvsagt ikkje gå med underskot, men selskapet skal heller ikkje generera økonomisk overskot til eigaren. NRK skal gi heile det norske folket avkastning i form av best mogleg allmennkringkasting. Dette skal òg dei kommersielle aktørane gjera, men dei skal i tillegg gi økonomisk avkastning. Vi må difor kunna stilla strengare og fleire krav til NRK enn til dei kommersielle aktørane. Eg meiner det er heilt avgjerande å sjå pliktene til NRK som allmennkringkastar og forventningane til NRK frå brukarar og eigarar i samanheng med lisensfinansiering og offentleg eigarskap.

NRK har betre økonomiske rammevilkår enn nokon gong. NRK vil i 2004 ha 3 milliard kr i inntekter. Dette er mykje pengar – det er faktisk like mykje som heile løyvinga til kulturformål i statsbudsjettet. I tillegg kjem ordninga med redusert sats for meirverdiavgift. Det er rimeleg at vi forventar mykje tilbake. I tillegg til høge krav til programtilbodet må det stillast krav om at pengane blir nytta så effektivt som mogleg. NRK går no i balanse etter fleire år med underskot. Eg vil nytta høvet til å rosa leiinga i NRK for den økonomiske utviklinga i selskapet.

Kringkastingsmediet er i ferd med å bli digitalisert. Stortinget har sagt ja til at det kan byggjast ut eit digitalt bakkenett for fjernsyn. Dette gir nye utfordringar både når det gjeld formidling, teknisk kvalitet og innhald. NRK vil vera ein sentral aktør i dette arbeidet. Eg legg vekt på at NRK skal vera vår viktigaste allmennkringkastar også etter at digitalt bakkenett er ein realitet.

Utgangspunktet for arbeidet med å presisera oppdraget til NRK var, som nemnt, EU-kommisjonens retningsliner. EU aksepterer ein vid definisjon av allmennkringkastaroppdraget. Samstundes må definisjonen vera presis nok til å kunna kontrollera at lisensen ikkje har vore nytta til aktivitetar som fell utanfor oppdraget. EU slår òg fast at aktivitetar som ikkje har samanheng med dei demokratiske, sosiale og kulturelle behova i samfunnet, ikkje kan omfattast av oppdraget.

Utfordringa blir å presisera oppdraget på ein slik måte at det samsvarar med EUs krav, samstundes som definisjonen ikkje blir så detaljert at han blir ei tvangstrøye i høve til nyskaping og utvikling i NRK. Definisjonen må samstundes gjera det klart for publikum kva NRK skal levera. Definisjonen må også vera så klar at staten på ein enkel måte kan føra tilsyn med verksemda og føra ho i rett retning dersom noko går gale.

Det er ikkje mogleg å finna ein heilt eintydig og allmenngyldig definisjon av omgrepet «allmennkringkasting». Innhaldet i omgrepet varierer frå land til land ut frå kulturelle og sosiale skilnader. Men òg i dei einskilde landa er det ofte debatt blant kringkastarane, medieforskarane og politikarane om kva omgrepet eigentleg inneber.

Nokre overordna prinsipp knytte til allmennkringkasting finst det likevel. Allmennkringkastarane skal tena dei demokratiske verdiane i eit samfunn. Dei skal ta vare på og utvikla nasjonal kultur og identitet, og dei skal sikra kulturelt mangfald. Viktige prinsipp er òg breidd i programtilbodet, redaksjonelt sjølvstende, og at det skal vera mogleg for heile folket å ta imot sendingane.

Eg meiner det er logisk å dela NRKs oppdrag inn i tre nivå. Det første nivået, kjerneverksemda, er å driva dei tre riksdekkjande radiokanalane og dei to riksdekkjande fjernsynskanalane. Dette nivået blir i hovudsak finansiert av lisensmidlar, men kan òg i nokon grad finansierast av sponsormidlar.

Det andre nivået omfattar anna redaksjonell verksemd, som t.d. tekst-TV og ulike Internett-tilbod. Dette nivået har i dag blandingsfinansiering, med sponsing og reklame i tillegg til lisensen.

Det tredje nivået omfattar ymse typar kommersiell verksemd som ligg utanfor det klassiske oppdraget som allmennkringkastarane har, t.d. lisensiering av produkt og sal av program. Dette nivået kan ikkje finansierast med lisensmidlar. Overskotet frå den forretningsmessige drifta skal nyttast til å finansiera programproduksjon og programkjøp.

Hovudoppgåva for NRK skal framleis vera å senda radio og fjernsyn av høg kvalitet til heile folket. Eg meiner det er viktig at NRK har ein sentral posisjon i den norske mediemarknaden òg i framtida. Det vil ikkje vera mogleg dersom NRK t.d. ikkje kan satsa på Internett. Med andre ord må NRK kunna satsa breiare enn berre på tradisjonell kringkasting, levera andre medieprodukt, driva produksjon og distribusjon i andre medium og nytta lisensmidlar til det. Vedtektene må spegla dette.

NRK kan i dag driva med kommersiell verksemd slik selskapet sjølv vil. Det har Stortinget vedteke. Eg meiner dette er positivt, m.a. fordi det gjer det mogleg for NRK å skaffa auka midlar til allmennkringkasting. Den kommersielle verksemda er skild ut i eit eige dotterselskap, NRK Aktivum.

Grensene mellom kommersiell verksemd og kjerneoppgåvene til NRK er ikkje alltid klare. NRK kan i dag få sponsormidlar til å produsera og senda visse typar program mot å identifisera sponsorane i eigne plakatar. Mange meiner at dette iallfall minner om rein reklame. NRK opplyser at verdien av sponsormidlane er om lag 30–35 mill. kr årleg. NRK er lisensfinansiert og skal vera ei ikkje-kommersiell motvekt til dei kommersielle kanalane. Eg vil difor nytta høvet til å reisa ein debatt om om ikkje kjerneverksemda i NRK burde vera heilt fri for slike kommersielle uttrykk.

Eg tolkar det slik at det særleg er kjerneverksemda i NRK, allmennkringkasting i radio og fjernsyn, Stortinget ynskjer å drøfta før vedtektene blir presiserte.

Som allmennkringkastar skal NRK driva si programverksemd etter prinsippa om ytringsfridom og redaksjonelt sjølvstende. Dette inneber at NRK skal vera uavhengig av politiske, religiøse, økonomiske eller andre interesser. NRK skal gjennom programverksemda medverka til å fremja informasjonsfridom, dei demokratiske grunnverdiane og grunnleggjande menneskerettar. Eg vil peika på at programverksemda skal vera prega av høg etisk standard og vera balansert.

NRK må leggja særleg vekt på høg etisk standard på den journalistiske dekninga si. Dette må òg gjelda val av journalistiske metodar.

Eg vil nytta høvet til å minna om det eg har sagt tidlegare om dei overordna prinsippa for staten si styring av NRK, som fleirtalet i Stortinget har slutta seg til: NRK må ha stor fridom innanfor rammene av allmennkringkastingsoppdraget. Staten som eigar av NRK skal fyrst og fremst styra på overordna politisk nivå. På den andre sida må avgjerder som har direkte og vesentlege konsekvensar for sjølve allmennkringkastingstilbodet, vera ei politisk sak som krev handsaming i generalforsamlinga. I særlege høve kan det òg vera naudsynt å leggja saka fram for Stortinget. All styring må skje med respekt for NRK si rolle som redaksjonell verksemd. Spørsmål om redaksjonell profil og innhaldet i konkrete program ligg under redaktøransvaret og skal ikkje handsamast i politiske organ.

NRK har eit særskilt ansvar for å tilby det norske folket eit breitt tilbod av nyhende, aktuell informasjon og kulturstoff. Dette inneber at programmenyen skal ha tematisk og sjangermessig breidd, både når det gjeld samansetjing av programkategoriar og når det gjeld samansetjinga innanfor den einskilde programkategorien. Programtilbodet skal ha eit innhald som appellerer til breie lag av folket, og som sikrar interessene til minoritetar og særskilde grupper. Slike grupper kan t.d. vera born og unge, eldre, funksjonshemma, den samiske befolkningsgruppa og andre etniske og språklege minoritetar. Som lisensfinansiert kringkastar har NRK òg eit særleg ansvar for å tilby kvalitetsprogram, smale program og program som går analytisk til verks.

NRKs oppdrag inneber òg eit ansvar for å formidla scenekunst og musikk frå dei institusjonane som får ein stor del statlege midlar frå kulturbudsjettet. NRK har eit viktig ansvar i å bringa oppsetjingar og konsertar ut til heile landet. Dette vart teke opp i kulturmeldinga, som vart drøfta her i salen for kort tid sidan. Det var ingen som ytra seg mot dette i debatten.

Men allmennkringkastarar kan ikkje berre driva med formidling av det andre produserer. NRK må òg sjølv ta ansvar for å produsera drama som tek utgangspunkt i norsk språk, kultur og røyndom. Eg legg òg vekt på at NRK skal ha eit ansvar for sjølv å produsera musikk, både som del av eigne program og som sjølvstendige sendingar.

I tillegg til å informera og underhalda skal NRK vera ein aktiv aktør i det norske kulturlivet og medverka til å fremja norsk og samisk språk, identitet og kultur. Som lisensfinansiert kringkastar har NRK eit særskilt ansvar for å tilby program på norsk og med grunnlag i norsk kultur og tradisjon og for å formidla kultur og sikra kulturelt mangfald.

Dei fleste har i dag i praksis grenselaus tilgang til utanlandske medium gjennom Internett og utanlandske fjernsynskanalar. NRK har ei viktig rolle i å tilby norskspråklege sendingar, og dette må i framtida bli ein endå meir sentral del av verksemda. Programtilbodet til NRK må difor i hovudsak bestå av sendingar på norsk. P4 og Kanal 24 er forplikta til å senda 35 og 30 pst. norsk musikk. NRK må liggja høgare enn dette, og det gjeld alle kanalane, både i radio og i fjernsyn.

Vidare ligg det fast at begge dei offisielle målformene skal nyttast. Minst 25 pst. av verbalinnslaga skal vera på nynorsk. Dette bør òg gjelda teksting på TV. NRK sitt ansvar for nynorsk må også komma til uttrykk på deira Internett-sider og i Tekst-TV. Eg vil òg minna om at NRK sine distriktssendingar har ei viktig språkpolitisk rolle i nynorskfylka. Styret i NRK har vedteke at det skal opprettast eit kompetansesenter for nynorsk i Sogn og Fjordane. Senteret skal i fyrste omgang driva opplæring av seks til åtte nynorskpraktikantar i året. Neste steg er å utvikla det til eit nasjonalt nynorsk kompetansesenter som etter planen skal vera i drift frå 1. januar 2005. Formålet er å fremja bruken av nynorsk i etermedia, men også nynorsk på Internett. Dette er eit spanande prosjekt, som eg vil følgja nøye.

Born og unge nyttar mykje tid til ymse medium. TV-tilbodet til born og unge aukar ved at kommersielle kanalar utvidar tilbodet eller etablerer nytt innhald for denne målgruppa. Etableringa av norskspråklege internasjonale barnekanalar kan vera ein trussel mot oppslutninga om NRK sine barneprogram. Dei sender program frå borna vaknar om morgonen til dei legg seg om kvelden. Dei etablerer seg over heile verda med enorme arkiv som dei kan senda frå utan at det kostar dei mykje. Desse kanalane vil vera ein trussel for produksjon av nasjonale barneprogram – og for born sin kulturelle identitet. Dei internasjonale barnekanalane er sterkt kommersielle og sender frå avsendarland med andre reglar for reklame retta mot born enn dei norske.

Det er likevel gledeleg at når NRK sender barneprogram, er sjåarane til stades. NRKs Barne-TV har ein marknadsdel på mellom 95 og 99 pst. i aldersgruppa 3–6 år. Satsinga på born og unge må likevel styrkjast, slik at NRK kan laga eit nasjonalt alternativ til dei kommersielle kanalane med eit betydeleg innslag av eigenproduksjon. Denne satsinga må òg komma dei samiske borna til gode. Fjernsynstilbodet på samisk for born er i dag berre er 15 minutt i veka.

Når NRK2 blir tilgjengeleg for alle gjennom digital distribusjon, bør NRK2 òg utnyttast med auka tilbod til born og unge som ei motvekt til dei kommersielle kanalane.

Auka satsing på program for born og unge skal gjelda både i radio og i fjernsyn. Som lisensfinansiert allmennkringkastar må NRK sørgja for å ha eit best mogleg tilbod til born og unge. Dette tilbodet må vera mest mogleg fritt for kommersiell påverknad.

Det er om lag 600 000 hørselshemma i Noreg. Det er viktig at denne målgruppa får tilgang til fjernsyn. Det ideelle hadde vore om alle sendingane til NRK var teksta for hørselshemma. NRK har saman med TV 2 drive forsøk med automatisk teksting av alle TV-program, men tekniske problem gjer at dette systemet ikkje fungerer. NRK tekstar no om lag 60 pst. av sendingane sine, sjølv om det ikkje er stilt noko formelt krav om dette. Dette er svært bra samanlikna med andre europeiske land. Det er likevel eit mål at NRK tekstar endå fleire av fjernsynsprogramma sine, særleg direktesende aktualitets- og debattprogram. NRK driv, som ein av få kringkastarar i verda, ein eigen satellittsend kanal med teiknspråk særskilt for døve.

NRK skal spegla folket og gi alle eit tilbod. Eg føreset difor at NRK også styrkjer tilbodet til andre minoritetsgrupper. Dette tilbodet er ikkje godt nok i dag, korkje i radio eller i fjernsyn.

NRK sine distriktssendingar med radio og fjernsyn er ein veldig viktig del av informasjonstilbodet. NRK sender no distriktssendingar med fjernsyn i ti regionar i landet. Dette har vore ein suksess, og sjåartala aukar. Eg legg til grunn at NRK må ha eit like godt distriktstilbod i fjernsynet i heile landet. NRK opplyste i 2002 at det frå tredje kvartal i 2002 ville bli etablert eigne sendingar i Nordland, men i eit svært avgrensa omfang. Stortingets føresetnader i denne saka krev at det blir etablert eit fullt utbygt distriktstilbod i Nordland. Eg har difor lagt til grunn at dei sendingane som tok til i Nordland frå hausten 2002, var ein start, og at programtilbodet seinare skulle bli utvida. Eg held fast ved at Nordland skal ha det same distriktstilbodet som andre delar av landet, og eg vil gjennom vedtak i generalforsamlinga påleggja NRK å gjennomføra dette frå og med 1. januar 2005.

Eg har merka meg at NRK i aukande grad sørgjer for at tidlegare sendingar i størst mogleg grad er tilgjengeleg for sjåarane via Internett. Det er gledeleg og viktig i ei tid der folks bruk av medieprodukt i aukande grad er uavhengig av sendeskjema. Dette gjeld ikkje minst historisk viktig materiale.

Lisensfinansieringa inneber kort og godt at NRK ikkje einsidig skal la marknadskreftene påverka programprofilen. Tilbodet frå NRK skal vera breitt og smalt, men det skal òg vera noko anna enn det vi får frå reklamefinansierte kanalar. NRK skal gi eit tilbod til dei norske sjåarane og lyttarane som gir heile folket ein meirverdi.

Dei krava til sendingane i NRK som eg no har gjort greie for, vil danna grunnlaget for ei presisering av NRKs oppdrag som allmennkringkastar. Vedtektene til NRK vil etter dette bli fastsette i generalforsamlinga.

Presidenten: I samsvar med bestemmelsene i forretningsordenens 34 a foreslår presidenten at kulturministerens redegjørelse blir ført opp til behandling i et senere møte. – Det anses vedtatt.