Presidenten: Etter ønske fra
næringskomiteen vil presidenten foreslå at taletiden
blir begrenset til 5 minutter til hver gruppe og 5 minutter til
statsråden. Videre vil presidenten foreslå at
det blir gitt anledning til tre replikker med svar etter
innlegg fra medlemmer av Regjeringen innenfor
den fordelte taletid.
Videre vil presidenten foreslå at
de som måtte tegne på talerlisten utover den fordelte
taletid, får en taletid på inntil tre minutter.
– Det anses vedtatt.
Lodve Solholm (FrP) [14:51:58]: (ordførar for saka): Først og fremst vil eg takke komiteen
for eit konstruktivt samarbeid, som har gjort at vi har komme
fram til ei omtrent samrøystes innstilling,
med nokre få unntak som eg synest er nyansar. Eg skal komme
tilbake til dette seinare og ta for meg Framstegspartiet
sitt syn når det gjeld kvitungefangst. Eg reknar med at
SV vil greie ut om sitt forslag når det gjeld vågekval.
Når eg ser på meldinga, er
det klart at ho inneheld mange gode og konstruktive innspel.
Eg føler at komiteen har sydd dette
saman, stramma det inn og gjort det litt meir konkret. Vi i Framstegspartiet
kunne tenkt oss å gå endå lenger
i konkretiseringa og endå lenger når det
gjeld å gjere ein del vedtak som ville vere til
næringa sitt beste. Eg skjønar også at
dette er ei såkalla «touchy» sak, og
at det kan vere vanskeleg å ta
for lange steg om gongen. Eg føler likevel at
komiteen har komme godt i gang. Det
er no å vone at Regjeringa tek tak i det som fleirtalet
i komiteen har komme fram til, tek
det på alvor, og at dei vil gjennomføre dei tiltaka som
komiteen stort sett samla går inn for.
Det er viktig at Stortinget no samla går vidare for å få til
ei god gjennomføring. For å seie det slik: Det
er ei tid for debatt, det er ei tid for vedtak, og det er ei tid
for gjennomføring av vedtak. Eg reknar med at statsråden
vil bekrefte dette i innlegget sitt seinare
i dag.
Det er viktig å presisere at ein samla
komite no ønskjer å ha ei økosystembasert
forvalting av sjøpattedyra – ja faktisk ei økosystembasert
forvalting av heile det marine miljøet, der ein
tek omsyn til fiskerinæringa, tek omsyn til dei fangstnæringane
som gjeld sel og kval, og at vi skal auke lønsemda
for kvalfangst og selfangst og samtidig auke uttaket, utan
at ein føler at nokon av bestandane er truga. Det er det
viktig å få med seg. Eg trur det er viktig å få fram
at dersom ein ønskjer å bevare mangfaldet i marin
sektor, i marine miljø, er det viktig at vi haustar
desse næringane berekraftig. Eg trur at dersom vi ikkje
gjer det, kan vi risikere å få eit samanbrot i økosystemet
som vil gjere at ressursane vil bli klart reduserte, og vi vil stille
oss i ein situasjon som vil vere vanskeleg.
President, eg trur at klokka er litt feil.
Eg fekk berre 5 minutt til innleiing, medan eg skulle ha hatt 10
minutt. Det får no så vere.
Tek vi for oss selbestanden, er det klart at
han har auka monaleg i den seinare
tida. Det som er eit problem med selfangsten, er at vi
faktisk ikkje klarer å ta dei små kvotane
vi har sett opp. Det gjer at vi no først og fremst må basere
all vår innsats på å få opp
igjen selfangsten som næring. Heile komiteen
innser at vi er nøydde til å gå inn
i næringa med økonomiske tilskot. Eg ser det slik at
vi her må kjøpe tenester av ein del fiskebåtar
som er i stand til å gå inn i isen og fangste
på sel. Tilskota her skal vere både
til fangst, til investeringar, til produktutvikling og til marknadsføring.
Det er det viktig å få fram.
Det er òg viktig å sjå til
nabolanda våre. Sjølv om det er eit stykke til
Canada, er det klart at Canada no har teke eit grep som
vi bør følgje nøye med på.
Vi må no basere oss på å sjå framover.
Eg trur at dersom vi no legg dette riktig opp, og kanskje også med
tid og stunder gjennomfører det forslaget frå Framstegspartiet
som eg reknar med blir nedstemt, nemleg å opne
for auka fangst på kvitungar, vil denne næringa
på lang sikt bli lønsam. Det vil vere
ein styrke for norsk fiskerinæring. Eg har lyst til å presisere
at vi må passe på, slik at vi ikkje
byggjer opp ein ny fiskeflåte og ein ny selfangstflåte
som krev kvotar, kvotar som må takast frå andre
næringar.
Det er viktig at vi får ei økosystembasert
forvalting av sjøpattedyra. Det tyder ei forvalting som
tek avgjerande omsyn til fiskeressursane, ei forvalting som tek
sikte på å optimalisere fiskeressurane. Det er
naudsynt å føre vidare og intensivere forskingsarbeidet
og utvikle nye forvaltingsmodellar. Men vi må ikkje
vente for lenge før vi set i gang. Det er viktig at vi
no tek tak i dette.
Eg vil også presisere at
Stortinget no ber Regjeringa om å auke det årlege
uttaket av vågekval vesentleg i høve til
dagens nivå, i tråd med tilrådinga frå norske
forskarar.
Komiteen har valt ikkje å talfeste
dette. Regjeringa har i meldinga sagt at 1 800 dyr truleg
ikkje vil føre til at bestanden vil
li noka naud. Ein samla komite er einig i det.
Når vi antydar ein vesentleg auke, er det i alle
fall – etter mitt skjøn – venta
at auken etter rimeleg kort tid vil komme opp
mot det talet. Det var det talet ein fangsta tidleg på 1950–1960-talet,
eit tal som viste at bestanden ikkje gjekk vesentleg ned eller
var truga. Det er derfor viktig at statsråden gir signal
om kor hurtig han har tenkt å gjennomføre det
vedtaket om ein vesentleg auke, og om kva han ser som ein vesentleg
auke. Det kunne vere interessant å få svar
på korleis han tolkar det. Elles får vel
kanskje komiteen og Stortinget hjelpe han med
tolkinga, for å seie det slik. Men det får bli
ei anna skål.
Det har vore litt problem
med Noregs forhold til IWC. Eg føler – og det
føler også medlemene i komiteen – at meldinga
beskriv situasjonen innafor IWC korrekt. Det er ein organisasjon
som har utvikla seg i uheldig retning. Frå å vere
ein organisasjon som forvalta sjøpattedyr, har det blitt
ein protestorganisasjon som berre er oppteken av å verne.
Eg synest kanskje det er litt passivt når
vi endå ein gong skal prøve å sjå om
IWC kan komme til fornuft. Eg har ikkje den
store trua på det. Derfor har kanskje heller ikkje
komiteen den heilt store trua på det
når vi ber Regjeringa vurdere om ikkje NAMMCO
kan få ein større del i og få nye oppgåver
når det gjeld dette med å forvalte sjøpattedyr,
slik at ein kan gå frå ei meir global forvalting
til ei meir regional forvalting. Det trur eg er litt viktig. Derfor
trur eg vi er nøydde til å følgje nøye
med på kva som skjer innafor IWC no, slik at
vi kan ta dei åtgjerdene som blir kravde for at vi skal
kunne ha ei berekraftig og økosystembasert forvalting.
Vi må bevare fiskeressursane og den ressursen som sjøpattedyra
er – og den verdiskapinga som ligg i dette – slik
at det blir lønsamt.
Når det gjeld dette med kvitungar,
har eg lyst til å presisere at ingen fangst er så rask
og effektiv som kvitungefangsten. Så misforståinga
om at fangst av kvitungar er ikkje-human, er feil. Og derfor burde
vi kanskje opne for det.
Men som eg ser det, får vi jo høve
til å ta opp igjen selnæringa kvart år
i statsbudsjettsamanheng, i og med at vi skal gi støtteordningar.
Med dette vil eg ta opp forslaget frå Framstegspartiet
i innstillinga.
Presidenten: Representanten har tatt opp det forslaget han
refererte til.
Tiden for formiddagsmøtet er nå omme,
og vi møtes igjen til kveldsmøte kl. 18.