Stortinget - Møte tirsdag den 18. mai 2004 kl. 12

Dato: 18.05.2004

Dokumenter: (Innst. S. nr. 180 (2003-2004), jf. St.meld. nr. 27 (2003-2004))

Sak nr. 7

Innstilling frå næringskomiteen om norsk sjøpattedyrpolitikk

Talere

Presidenten: Etter ønske fra næringskomiteen vil presidenten foreslå at taletiden blir begrenset til 5 minutter til hver gruppe og 5 minutter til statsråden. Videre vil presidenten foreslå at det blir gitt anledning til tre replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av Regjeringen innenfor den fordelte taletid.

Videre vil presidenten foreslå at de som måtte tegne på talerlisten utover den fordelte taletid, får en taletid på inntil tre minutter.

– Det anses vedtatt.

Lodve Solholm (FrP) [14:51:58]: (ordførar for saka): Først og fremst vil eg takke komiteen for eit konstruktivt samarbeid, som har gjort at vi har komme fram til ei omtrent samrøystes innstilling, med nokre få unntak som eg synest er nyansar. Eg skal komme tilbake til dette seinare og ta for meg Framstegspartiet sitt syn når det gjeld kvitungefangst. Eg reknar med at SV vil greie ut om sitt forslag når det gjeld vågekval.

Når eg ser på meldinga, er det klart at ho inneheld mange gode og konstruktive innspel. Eg føler at komiteen har sydd dette saman, stramma det inn og gjort det litt meir konkret. Vi i Framstegspartiet kunne tenkt oss å gå endå lenger i konkretiseringa og endå lenger når det gjeld å gjere ein del vedtak som ville vere til næringa sitt beste. Eg skjønar også at dette er ei såkalla «touchy» sak, og at det kan vere vanskeleg å ta for lange steg om gongen. Eg føler likevel at komiteen har komme godt i gang. Det er no å vone at Regjeringa tek tak i det som fleirtalet i komiteen har komme fram til, tek det på alvor, og at dei vil gjennomføre dei tiltaka som komiteen stort sett samla går inn for. Det er viktig at Stortinget no samla går vidare for å få til ei god gjennomføring. For å seie det slik: Det er ei tid for debatt, det er ei tid for vedtak, og det er ei tid for gjennomføring av vedtak. Eg reknar med at statsråden vil bekrefte dette i innlegget sitt seinare i dag.

Det er viktig å presisere at ein samla komite no ønskjer å ha ei økosystembasert forvalting av sjøpattedyra – ja faktisk ei økosystembasert forvalting av heile det marine miljøet, der ein tek omsyn til fiskerinæringa, tek omsyn til dei fangstnæringane som gjeld sel og kval, og at vi skal auke lønsemda for kvalfangst og selfangst og samtidig auke uttaket, utan at ein føler at nokon av bestandane er truga. Det er det viktig å få med seg. Eg trur det er viktig å få fram at dersom ein ønskjer å bevare mangfaldet i marin sektor, i marine miljø, er det viktig at vi haustar desse næringane berekraftig. Eg trur at dersom vi ikkje gjer det, kan vi risikere å få eit samanbrot i økosystemet som vil gjere at ressursane vil bli klart reduserte, og vi vil stille oss i ein situasjon som vil vere vanskeleg.

President, eg trur at klokka er litt feil. Eg fekk berre 5 minutt til innleiing, medan eg skulle ha hatt 10 minutt. Det får no så vere.

Tek vi for oss selbestanden, er det klart at han har auka monaleg i den seinare tida. Det som er eit problem med selfangsten, er at vi faktisk ikkje klarer å ta dei små kvotane vi har sett opp. Det gjer at vi no først og fremst må basere all vår innsats på å få opp igjen selfangsten som næring. Heile komiteen innser at vi er nøydde til å gå inn i næringa med økonomiske tilskot. Eg ser det slik at vi her må kjøpe tenester av ein del fiskebåtar som er i stand til å gå inn i isen og fangste på sel. Tilskota her skal vere både til fangst, til investeringar, til produktutvikling og til marknadsføring. Det er det viktig å få fram.

Det er òg viktig å sjå til nabolanda våre. Sjølv om det er eit stykke til Canada, er det klart at Canada no har teke eit grep som vi bør følgje nøye med på. Vi må no basere oss på å sjå framover. Eg trur at dersom vi no legg dette riktig opp, og kanskje også med tid og stunder gjennomfører det forslaget frå Framstegspartiet som eg reknar med blir nedstemt, nemleg å opne for auka fangst på kvitungar, vil denne næringa på lang sikt bli lønsam. Det vil vere ein styrke for norsk fiskerinæring. Eg har lyst til å presisere at vi må passe på, slik at vi ikkje byggjer opp ein ny fiskeflåte og ein ny selfangstflåte som krev kvotar, kvotar som må takast frå andre næringar.

Det er viktig at vi får ei økosystembasert forvalting av sjøpattedyra. Det tyder ei forvalting som tek avgjerande omsyn til fiskeressursane, ei forvalting som tek sikte på å optimalisere fiskeressurane. Det er naudsynt å føre vidare og intensivere forskingsarbeidet og utvikle nye forvaltingsmodellar. Men vi må ikkje vente for lenge før vi set i gang. Det er viktig at vi no tek tak i dette.

Eg vil også presisere at Stortinget no ber Regjeringa om å auke det årlege uttaket av vågekval vesentleg i høve til dagens nivå, i tråd med tilrådinga frå norske forskarar.

Komiteen har valt ikkje å talfeste dette. Regjeringa har i meldinga sagt at 1 800 dyr truleg ikkje vil føre til at bestanden vil li noka naud. Ein samla komite er einig i det. Når vi antydar ein vesentleg auke, er det i alle fall – etter mitt skjøn – venta at auken etter rimeleg kort tid vil komme opp mot det talet. Det var det talet ein fangsta tidleg på 1950–1960-talet, eit tal som viste at bestanden ikkje gjekk vesentleg ned eller var truga. Det er derfor viktig at statsråden gir signal om kor hurtig han har tenkt å gjennomføre det vedtaket om ein vesentleg auke, og om kva han ser som ein vesentleg auke. Det kunne vere interessant å få svar på korleis han tolkar det. Elles får vel kanskje komiteen og Stortinget hjelpe han med tolkinga, for å seie det slik. Men det får bli ei anna skål.

Det har vore litt problem med Noregs forhold til IWC. Eg føler – og det føler også medlemene i komiteen – at meldinga beskriv situasjonen innafor IWC korrekt. Det er ein organisasjon som har utvikla seg i uheldig retning. Frå å vere ein organisasjon som forvalta sjøpattedyr, har det blitt ein protestorganisasjon som berre er oppteken av å verne.

Eg synest kanskje det er litt passivt når vi endå ein gong skal prøve å sjå om IWC kan komme til fornuft. Eg har ikkje den store trua på det. Derfor har kanskje heller ikkje komiteen den heilt store trua på det når vi ber Regjeringa vurdere om ikkje NAMMCO kan få ein større del i og få nye oppgåver når det gjeld dette med å forvalte sjøpattedyr, slik at ein kan gå frå ei meir global forvalting til ei meir regional forvalting. Det trur eg er litt viktig. Derfor trur eg vi er nøydde til å følgje nøye med på kva som skjer innafor IWC no, slik at vi kan ta dei åtgjerdene som blir kravde for at vi skal kunne ha ei berekraftig og økosystembasert forvalting. Vi må bevare fiskeressursane og den ressursen som sjøpattedyra er – og den verdiskapinga som ligg i dette – slik at det blir lønsamt.

Når det gjeld dette med kvitungar, har eg lyst til å presisere at ingen fangst er så rask og effektiv som kvitungefangsten. Så misforståinga om at fangst av kvitungar er ikkje-human, er feil. Og derfor burde vi kanskje opne for det.

Men som eg ser det, får vi jo høve til å ta opp igjen selnæringa kvart år i statsbudsjettsamanheng, i og med at vi skal gi støtteordningar. Med dette vil eg ta opp forslaget frå Framstegspartiet i innstillinga.

Presidenten: Representanten har tatt opp det forslaget han refererte til.

Tiden for formiddagsmøtet er nå omme, og vi møtes igjen til kveldsmøte kl. 18.