Stortinget - Møte tirsdag den 8. juni 2004 kl. 10

Dato: 08.06.2004

Dokumenter: (Innst. S. nr. 210 (2003-2004), jf. Dokument nr. 8:50 (2003-2004))

Sak nr. 4

Innstilling fra kommunalkomiteen om forslag fra stortingsrepresentantene Heikki Holmås, Audun Bjørlo Lysbakken, Magnhild Meltveit Kleppa og Rune J. Skjælaaen om tiltak for barn som har sittet lenge i mottak

Talere

Presidenten: Etter ønske fra kommunalkomiteen vil presidenten foreslå at taletiden blir begrenset til 5 minutter til hver gruppe og 5 minutter til statsråden.

Videre vil presidenten foreslå at det blir gitt anledning til fem replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av Regjeringen innenfor den fordelte taletid.

Videre vil presidenten foreslå at de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får en taletid på inntil 3 minutter.

– Det anses vedtatt.

Anita Apelthun Sæle (KrF) [14:56:52]: (ordførar for saka): Ein barndom er kort. Ein trygg barndom er føresetnad nr. 1 for eit harmonisk vaksenliv. Å vera på flukt år etter år og leva med ein uavklara situasjon over lang tid skapar sjølvsagt dårlege vilkår for ein sunn barndom.

Derfor har ein samla komite sagt at saksbehandlingstida for barn og barnefamiliar som søkjer asyl i Noreg, må vera kort, og effektueringa av negative vedtak må skje omgåande. Det har ikkje skjedd for ei rekkje barn som i dag oppheld seg i Noreg. Somme har vore her i fem–seks år, og det er unekteleg spesielt å høyra ein 12–13-åring som har vore her sidan ho var seks–sju år og snakkar klingande bergensk, spørja: Kva har eg i Iran å gjera? Vil du reisa dit, kanskje? Eg har ikkje noko med det landet å gjera.

Uavhengig av årsakene til at desse barna har vorte verande i Noreg, har vi ansvar for å sikra barn dei rettar som er nedfelte i norsk lov. Derfor har ein samla komite bedt om at alle barn og barnefamiliar som har budd i Noreg i meir enn tre år, skal få si sak opp til fornya behandling. Vi kjem dermed forslag nr. 2 i Dokument nr. 8:50 i møte. Det førande for vurderinga er altså kor lenge dei faktisk har vore i Noreg.

Så må eg på vegner av fleirtalet seia at det ved eit mistak har snike seg inn eit feil ord i komiteen si tilråding, på side 2, andre spalte, der det står:

«Komiteen finner det rimelig at det som et minimumskrav skal omfatte alle som har fått første avslag på søknad frå 1. juli 2003.»

Ordet «første» skal strykast, då det heile refererer seg til «endelig avslag», som står i setninga før.

Så vil eg presisera på vegner av heile komiteen at ingen vil tolka «første avslag», slik det står i den setninga, som at dei barna som har fått slikt avslag, skal få ein rett som dei naturlegvis allereie har etter fyrste avslag i vårt system for ankerett. Men fleirtalet finn det altså tryggast å stryka ordet «første», slik at inga misforståing skal kunna oppstå. Dette dreier seg om endeleg avslag frå 1. juli 2003.

Men så er det jo slik – som eg ber om at ein legg merke til – at dersom det kjem nye moment til i ei sak, har ein i alle høve rett til ny prøving av saka når ein ber om det. Denne saka som no vert behandla i denne salen, vert vel å sjå på som nye moment for alle som har vore her i meir enn tre år – så er det avklara.

Eit samla storting understrekar at ei ny behandling må byggja på ei sjenerøs vurdering med utgangspunkt i barnets konkrete situasjon, menneskelege omsyn og FN sin barnekonvensjon artikkel 3, der det vert slått fast at barnets beste skal vera eit grunnleggjande omsyn. Det er også viktig at barna vert høyrde i den nye behandlinga, og det er altså barnet som må få hovudfokus.

Av omsyn til legitimitet og tillit til utlendingsforvaltninga er det også viktig at sakene vert vurderte av ein ny saksbehandlar, noko som elles er i tråd med god forvaltningsskikk. Vi ber departementet om å fastsetja ein ny søknadsfrist til 1. juli. Komiteen er også oppteken av at saksbehandlinga skal skje raskt. Desse barna må sleppa å venta, venta og venta endå meir.

Fleirtalet meiner også at barna og familiane skal få vera i Noreg til sakene er ferdigbehandla. Stortinget skal ikkje driva saksbehandling. Vi har ikkje skrive ut eit amnesti. Vi kan derfor naturlegvis ikkje garantera at alle får opphaldsløyve. Men landets nasjonalforsamling gjev med dette eit så klart uttrykk for si holdning som vel mogleg. Denne bør høyrast, og barnets beste skal prioriterast. Nok er nok, det er ikkje akseptabelt å lata barn leva i årevis i usikkerheit om liv og framtid.

Så vil eg presisera at dette er ei eingongssak, og komiteen er oppteken av at ein må arbeida systematisk for å sikra ein saksbehandlingsprosess som hindrar at barn i framtida får altfor lange uavklara opphald i Noreg. Vi vil slett ikkje ha ein ny, liknande runde om lengeverande barn om tre–fire års tid. Likevel ser vi at problemstillinga ikkje er enkel, heller ikkje eineståande for Noreg, og komiteen ber derfor Regjeringa om å greia uit problemstillinga og så komma tilbake til Stortinget med ei utgreiing i eigna sak. Dermed er også det fyrste forslaget i Dokument nr. 8:50 i nokon grad imøtekomme. Eg anbefaler innstillinga.

Presidenten: Den reglementsmessige tid for formiddagens møte er omme. Nytt møte vil bli satt igjen kl. 18.

 

Behandlingen av sak nr. 4 fortsatte på kveldsmøtet.