Stortinget - Møte torsdag den 8. juni 2006 kl. 10

Dato: 08.06.2006

Dokumenter: (Innst. S. nr. 166 (2005-2006), jf. Dokument nr. 4 (2005-2006))

Sak nr. 3

Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om årsmelding for 2005 fra Stortingets ombudsmann for forvaltningen

Talere

Votering i sak nr. 3

Lodve Solholm (FrP) [10:25:13]: (leiar i komiteen og ordførar for saka): Stortinget handsamar i dag årsmeldinga for 2005 frå Stortingets ombodsmann for forvaltninga, Dokument nr. 4 for 2005-2006. Det er viktig å peike på ombodsmannens viktige funksjon i eit ope og pluralistisk, demokratisk samfunn. Ein kan vel seie det slik at ordninga med ein ombodsmann for forvaltninga har vore vellukka. Det er vel rett å seie at mange land har kopiert ordninga, samstundes som vi når vi er med på å drive fram demokratiutvikling i andre land, lèt ein institusjon som om-bodsmannen for forvaltninga vere ein del av opplegget for demokratiopplæring.

Det er også interessant å leggje merke til at ordet «ombodsmann» no er eit ord som ein nyttar seg av på mange språk.

Eg synest det er på sin plass å gi ros til ombodsmannen for det arbeidet som blir utført. Ein legg merke til at talet på saker som blir tekne opp etter eige initiativ, er aukande. Dette gir funksjonen eit sterkare element av dynamikk. Komiteen har elles inntrykk av at ombodsmannen også i 2005 har teke i vare sine kontrollfunksjonar på ein god og tilfredstillande måte.

Komiteen ser elles at talet på saker ombodsmannen mottek frå eksterne aktørar, er relativt stabilt, frå 1 956 saker i 2005 mot 1 932 saker i 2004.

Komiteen har merka seg at heller ikkje i 2005 har alle forvaltningsorgana teke omsyn til ombodsmannens tilrådingar. Komiteen er noko i tvil om kor stor vekt ein skal leggje på dette, og om det kan vere grunnlag for å drøfte eventuelle reaksjonar. I høve til dette viser komiteen til ei sak som var omtala i årsmeldingane for 2003 og 2004, og under kapitla II og V i årsmeldinga for 2005. Saka handlar om ein kommunetilsett som fekk påtale for ytringar i radio i ei bestemt sak. Trass i at ombodsmannen ved fleire høve har peika på sin kritikk av dette, har ikkje klagenemnda teke dette til følgje og teke saka opp til ny handsaming.

Komiteen skreiv derfor brev til ombodsmannen og bad om eit oversyn over saker der ombodsmannen hadde retta kritikk mot forvaltninga og der forvaltningsorgana ikkje hadde teke dette til følgje. Det er ikkje ein stor prosent av sakene, men sjølvsagt ille nok for dei det gjeld. Eg viser derfor til svarbrevet, som er lagt ved innstillinga.

Det er grunn til å merke seg at delar av den offentlege forvaltninga – for å vere konkret: helseføretaka – omgår offentleg innsyn ved å hevde at dei ikkje er ein del av den offentlege forvaltninga og derfor kan nekte Stortingets ombodsmann for forvaltninga innsyn i saker. Komiteen er av den oppfatninga at det er i det offentlege si interesse, ikkje minst når det gjeld å vareta både pasientar og tilsette sine rettar, at ombodsmannen får innsyn i verksemda til helseføretaka. Derfor må det gjennomførast naudsynte tiltak for å leggje til rette for innsyn i verksemda til helseføretaka, så ombodsmannen får høve til å verke som ombodsmann også for helseføretaka sine klientar og profesjonsutøvarar.

Det verkar noko underleg at så mange saker vert avviste utan realitetshandsaming – 870 i 2005. I 40 pst. av desse sakene var grunngivinga at saka framleis var til handsaming i forvaltninga, eller at klagaren ikkje hadde nytta alle høve til å klage. Ei slik grunngiving må kunne seiast å vere akseptabel når ein ser det i høve til gjeldande praksis, men likevel står det igjen 60 pst. avviste saker, noko som i tal skulle bli 520. Grunngivingane for avvising er mange. På side 40 i Dokument nr. 4 er det gjort greie for desse.

Med så mange saker som blir avviste, er det særs viktig at grunngivingane er gode og klårt formulerte overfor klagaren. Dette må særleg gjelde i dei tilfella der det er tvil. Det er derfor betre å handsame ei sak for mykje enn ei sak for lite. Det er rett, når dette er sagt, å gjere merksam på at talet på saker som blir realitetshandsama, er aukande sett i høve til talet på avviste saker.

Det er positivt at ombodsmannen satsar sterkare på å ta opp saker på eige initiativ, og at denne ordninga er blitt vidareført og styrkt i 2005, i tråd med tidlegare signal frå komiteen. Det er eit relativt stort sprang frå 18 saker i 2004 til 64 saker i 2005.

Komiteen ser klårt at sakshandsaminga må bli omstendeleg og derfor ta relativt lang tid, med innhenting av dokument og fråsegner frå alle partar for å få sakene mest mogleg klåre.

Komiteen meiner likevel det er særs viktig at den enkelte saka blir handsama så raskt som råd er. Men dette målet må ikkje kome i konflikt med det målet å ta opp fleire saker på eige initiativ. Det kunne ved eit seinare høve vore greitt å få fram den gjennomsnittlege sakshandsamingstida på saker som kjem frå innbyggjarane, og dei sakene som ombodsmannen tek initiativ til sjølv. Kanskje kan vi få ei slik oversikt ved neste høve, i Dokument nr. 4 for 2006-2007.

Komiteen ser positivt på at ombodsmannen vidarefører arbeidet sitt ved å påvise manglar ved lover, forskrifter og praksis. Regelverk og praksis bør vere under kontinuerleg oppdatering for å kome skiftande behov i møte. Særleg vil komiteen peike på behovet for å forenkle regelverket i dei høva det står fram som unødig komplisert og lite tenleg.

Offentleg verksemd er regulert av ei rekkje lover. Det er særs viktig at dei som arbeider med desse lovene, har naudsynt kunnskap og nyttar seg av dei. Komiteen ser at det skjer svikt. Det gir grunn til å kople inn eit eksternt organ, som Stortingets ombodsmann for forvaltinga. Det er derfor rett å seie at ombodsmannens rolle som rettleiar overfor offentleg verksemd er å sjå på som særs viktig.

Elles viser eg til innstillinga.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 3.

(Votering, se side 2593)

Votering i sak nr. 3

Komiteen hadde innstilt:

Dokument nr. 4 (2005-2006) – årsmelding for 2005 fra Stortingets ombudsmann for forvaltningen – vedlegges protokollen.

Votering:Komiteens innstilling ble enstemmig bifalt.

Presidenten: I sakene nr. 4 og 5 foreligger det ikke noe voteringstema.