Stortinget - Møte torsdag den 16. november 2006 kl. 10

Dato: 16.11.2006

Dokumenter: (Innst. S. nr. 21 (2006-2007), jf. St.prp. nr. 79 (2005-2006))

Sak nr. 2

Innstilling fra utenrikskomiteen om samtykke til at Norge deltar i det multilaterale gjeldssletteinitiativet «Multilateral Debt Relief Initiative»

Talere

Votering i sak nr. 2

Olav Akselsen (A) [10:02:26]: (leiar for komiteen): I saksordførars fråvær vil eg berre komma med ein heilt kort merknad.

Det er slik at gjeld er eit av dei største hindera for utvikling i svært mange land. Pengar som eigentleg skulle gå til å utvikla landet, skapa ein betre situasjon for innbyggjarane og skapa ei nødvendig utvikling, blir i staden brukte til å betala lån og renter. Det er eit paradoks at det i dag går større summar i form av lån og avdrag frå fattige land til den rike verda enn det den rike verda totalt gjev tilbake i form av bistand.

Dersom me skal nå FN sine tusenårsmål, er det heilt klart at gjeldsbyrda må bli redusert for dei fattige landa. Med den saka som me handsamar her, bidreg me eit stykke på veg til det. Noreg deltek og tek dermed sin del av dette ansvaret.

Eg vil òg bruka dette høvet til å gje ros til Regjeringa for den gjeldsslettinga som dei har føreteke i samband med avviklinga av eksportkredittfinansieringsordninga. Eg vil òg gje ros for det arbeidet som går føre seg i G8, for å få til ein meir forpliktande reduksjon av gjelda frå dei fattige landa til den rike delen av verda.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 2.

(Votering, se side 517)

Votering i sak nr. 2

Komiteen hadde innstilt:

Stortinget samtykker i at Utenriksdepartementet i 2006 kan:

  • 1. utstede et ukvalifisert «Instrument of Commitment» til Det internasjonale utviklingsfond og Det afrikanske utviklingsfond som bindende forpliktelse for Norges bidrag til det internasjonale gjeldsslettingsinitiativet (MDRI) i perioden 2006 til og med 2015.

  • 2. utstede et kvalifisert «Instrument of Commitment» til Det internasjonale utviklingsfond og Det afrikanske utviklingsfond, med den begrensning at utbetaling av hele eller deler av Norges bidrag for perioden 2016 til og med 2054 avhenger av Stortingets samtykke.

Votering:Komiteens innstilling ble enstemmig bifalt.