Stortinget - Møte onsdag den 7. mars 2007 kl. 10

Dato: 07.03.2007

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 26

Hans Olav Syversen (KrF) [14:17:37]: «Vi har nå fått et representativt slott. Det samme kan dessverre ikke sies om Slottsplassen. Ved regnvær renner mengder med grus nedover mot Karl Johans gate og etterlater seg en slottsplass som ser svært lite pen ut, bl.a. kommer store asfaltsår til syne flere steder.

Vil statsråden foreta seg noe for å få en mer representativ slottsplass?»

Statsråd Heidi Grande Røys [14:18:05]: Det er rett nok staten som eig både Slottet og Slottsplassen, men eigedomen er underlagd disposisjonsrett for H.M. Kongen. I utgangspunktet er det difor Kongen som avgjer kva tiltak ein skal setje i gang på eigedomen. Gjennom tidene har det vore mange idear og planar om tiltak for endringar på Slottsplassen, men pr. dato ligg det ikkje føre konkrete planar om tiltak på Slottsplassen.

Elles er eg einig med representanten Syversen i at plassen ikkje framstår i like god stand i all slags vêr og til alle årstider. At grusen renn nedover mot Karl Johan, er ikkje pent å sjå på, og det er ikkje spesielt praktisk heller – det gjer rett og slett eit dårleg visuelt inntrykk.

I seinare tid er det teke to initiativ til å gjere noko med Slottsplassen. På slutten av 1980-talet vart det arrangert ein arkitektkonkurranse for total ombygging av plassen. Denne konkurransen vart skrinlagd. På midten av 1990-talet vart det sett i gang ein aksjon for å leggje stein på plassen med stein frå heile landet. Planen var at dette skulle vere ei folkegåve til kongeparets 60-årsdagar. Det oppstod ein ganske stor offentleg debatt om det, og vi hugsar det kanskje både representanten Syversen og eg, og tiltaket vart òg stoppa. Begge tiltaka vart lanserte utan eit tilstrekkeleg antikvarisk og historisk forarbeid. Mykje tyder på at kostnadene ved ei total omlegging og steinlegging av plassen ville ha vorte høge.

Vi er kjende med at det er sett i gang eit utgreiingsarbeid på Slottet for å kartleggje og sjå på dei funksjonelle utfordringane som gjeld for Slottsplassen. Mi haldning er at vi no må vente på den faglege vurderinga som Slottet har teke initiativ til, og vente med å konkludere før vi ser kva ho inneber. Så får vi kome tilbake til saka når vi får dette presentert frå Slottet.

Hans Olav Syversen (KrF) [14:20:02]: Jeg hadde anledning til å være på Slottsplassen i går. Det var en dag hvor man virkelig fikk se hvordan det kan se ut når den absolutt ikke er som den bør være. Og for å si det slik: Når man har med gjester fra både inn- og utland, er det litt leit at det de først observerer, er en plass som overhodet ikke står i stil med selve Slottet, og at de bruker mye tid og krefter på å bemerke det i stedet for å se på det som er bra.

Jeg er klar over at det først og fremst er Slottets ansvar. Samtidig er det klart at pengene må komme et sted fra. Jeg oppfatter statsråden dit hen at hvis det blir tatt et initiativ fra Slottet, vil hun følge opp det i sitt arbeid med de vanlige budsjettproposisjoner.

Statsråd Heidi Grande Røys [14:21:05]: Det er heilt rett at det ikkje er noko kjekt å ha med seg besøkande opp på Slottsplassen på dei dagane det ser absolutt verst ut der. No er det heldigvis færre regnvêrsdagar i Oslo enn det det kan vere andre stader i landet, men det kan vere ille nok, sjølvsagt. Eg opplever at dei tilsette på Slottet gjer kva dei kan for raskt å få sanda på plass, og i det heile har eit stort apparat rundt det.

Elles er det viktig å seie at det foregår ganske mykje oppussing og arbeid ved dei kongelege bygningane som Slottet har pr. no. Vi har nettopp fullført Bygdø Kongsgård, der det skal vere innflytting til sommaren – eit prosjekt som har hatt ei kostnadsramme på over 213 mill. kr. Vi er nettopp i gang på Oscarshall – eit flott prosjekt som det er på tide at vi tek tak i, med dei store verdiane som er der, spesielt når det gjeld inventaret. Der ser vi òg for oss eit meir ope og tilgjengeleg slott for folk når det vert ferdig i 2009. Dette har ei kostnadsramme på 90 mill. kr. – Så vi gjer ganske mykje på ein del andre område når det gjeld Det kongelege slott.

Hans Olav Syversen (KrF) [14:22:14]: Det er jeg klar over, og også veldig glad for. Vi har tross alt ikke så mange bygg i Norge av en slik karakter som det her er snakk om. Derfor bør vi også ta vare på dem så godt vi kan.

Når det gjelder selve Slottsplassen, er det også et faktum at det er en plass der svært mange befinner seg. Derfor har den også interesse for langt flere enn de som bor på Slottet. Den har stor interesse for denne byens befolkning, og jeg vil tro for besøkende både fra inn- og utland.

Dersom det kommer et slikt initiativ fra Slottet, kan jeg bare oppfordre til og håpe på at departementet og statsråden vil benytte anledningen til å se positivt på det – slik at hun bærer sitt navn som fornyingsminister med rette.

Statsråd Heidi Grande Røys [14:23:02]: Eg kan berre gjenta det eg sa i det fyrste svaret mitt. Eg vil vente på ei fagleg utgreiing før eg har noka meining om kostnader, kven som skal dekkje dei, og kva som skal gjerast. Eg meiner at dei debattane som har vore, har vore litt uverdige. Ein har sett i gang store planar og har hatt store tankar utan at dei har vore fagleg forankra i dei historiske verdiane, og ikkje minst i dei riksantikvariske verdiane. Det er noko med å ta ting i riktig rekkjefølgje.

Vi får vente på ei utgreiing – om ho kjem – før vi eventuelt ser kva vi kan gjere frå Fornyingsdepartementets side.