Stortinget - Møte tirsdag den 8. mai 2007 kl. 10

Dato: 08.05.2007

Dokumenter: (Innst. S. nr. 181 (2006-2007), jf. St.prp. nr. 50 (2006-2007))

Sak nr. 7

Innstilling fra næringskomiteen om samtykke til deltakelse i en beslutning i EØS-komiteen om innlemmelse i EØS-avtalen av EUs rammeprogram for konkurranseevne og innovasjon (2007-2013)

Talere

Votering i sak nr. 7

Sigvald Oppebøen Hansen (A) [15:05:56]: (ordførar for saka): Som saksordførar er det ei glede for meg å kunne leggje fram ei innstilling som heile komiteen står samla om.

Næringskomiteen stiller seg bak Regjeringa sitt framlegg om at Noreg skal delta i EU sitt rammeprogram for konkurranseevne og innovasjon, det såkalla CIP-programmet. Deltaking i CIP inneber store økonomiske forpliktingar for Noreg over fleire år. Den samla kontingenten er på om lag 625 mill. kr, eller eit snitt på 89 mill. kr pr. år i programperioden som går fram til år 2013, dvs. i sju år.

Men sjølv om det forpliktar oss økonomisk i mange år, er komiteen samd med Regjeringa i at dette er ei satsing me vil prioritere. Ei innlemming i CIP-programmet vil vere eit viktig ledd i Regjeringa si satsing på ein offensiv innovasjonspolitikk, noko som står heilt sentralt for at me framleis skal ha vekst og verdiskaping i næringslivet og i landet, og ikkje minst for at me skal kunne leggje til rette for morgondagens næringsliv og arbeidsplassar.

CIP-programmet har særleg fokus på små og mellomstore bedrifter, også i europeisk målestokk. Det betyr at det er relevant for store delar av norsk næringsliv, også dei som er relativt store etter norske forhold. Programmet vil òg vere eit ledd i Regjeringa si satsing på fornying av offentleg sektor.

CIP har som målsetjing å styrkje innovasjon og konkurransekraft i europeisk næringsliv, skape eit innovativt og inkluderande informasjonssamfunn og fremme effektiv energibruk og auka bruk av fornybar energi i heile Europa. Programmet er blant EU sitt viktigaste verktøy for å oppnå auka sysselsetjing og økonomisk vekst.

Målsetjingane skal nåast gjennom innsats i tre delprogram – eit program for IKT-politikk, eit energiprogram og eit innovasjons- og entreprenørskapsprogram. Miljøvenleg innovasjon og miljøteknologi er eit gjennomgåande tema i programmet, noko som gjer det ekstra interessant og viktig.

Regjeringa har sett seg høge ambisjonar når det gjeld miljø. Noreg skal vere eit føregangsland på miljø. Og me har gode føresetnader for at Noreg òg skal kunne bli eit føregangsland innanfor miljøvenleg teknologi. Enkelte meiner at Regjeringa sitt høge ambisjonsnivå, Noreg som miljønasjon, er eit problem og ein negativ faktor for næringslivet. Det er altfor defensivt. Me må heller sjå på det som ei utfordring som me kan gripe fatt i, og som i neste omgang kan gje verksemdene våre eit konkurransefortrinn. Me har eit høgt kunnskapsnivå her i landet, og me har eit omstillingsdyktig og konkurransedyktig næringsliv. Det – kombinert med ei regjering som vil satse på næringsutvikling – er gode føresetnader for å lykkast. Gjennom ei aktiv næringsutvikling skal me satse på å utvikle norsk miljøteknologi. I framtida kan det bli ei viktig eksportvare.

Gjennom CIP-programmet vil norske bedrifter få betre tilgang til marknader og samarbeidsprosjekt i Europa. Gjennom å knyte Noreg til dette programmet legg Regjeringa òg til rette for at norske aktørar får tilgang til både finansielle verkemiddel i EU og viktige møteplassar. Norske og europeiske bedrifter kan slik sett samarbeide på tvers av landegrensene.

Eg ser store moglegheiter knytte til norsk deltaking i CIP, og Regjeringa har i Soria Moria-erklæringa streka under viktigheita av internasjonalt samarbeid. Det er også viktig at me er med på programmet allereie no i oppstartsfasen, for å påverke sjølve innretninga på programmet.

Eg er glad for å kunne leggje fram ei samla innstilling og rår Stortinget til å vedta at Noreg skal delta i dette viktige programmet.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 7.

(Votering, se side 2857)

Votering i sak nr. 7

Komiteen hadde innstilt:

Stortinget samtykker i at Norge deltar i en beslutning i EØS-komiteen om innlemmelse i EØS-avtalen av EUs rammeprogram for konkurranseevne og innovasjon (2007-2013).

Votering:Komiteens innstilling ble enstemmig bifalt.