Jan Sahl (KrF) [12:08:17]: Jeg har følgende spørsmål
til samferdselsministeren:
«Situasjonen som har oppstått
på E18 i nordre Vestfold, krever strakstiltak
for å forhindre kaos og køer
ved avvikling av helge- og ferietrafikk i vår
og sommer. Ved å overføre trafikk fra privatbiler
til kollektive transportmidler kan trafikken på veistrekningen
avlastes. Dersom tog- og busstilbudet gjennom Vestfold trappes opp
og kapasiteten økes, vil antallet biler på veien
kunne reduseres.
Hva vil statsråden gjøre
for å hindre køer og kaos,
av hensyn til sikkerhet, effektivitet og miljø?»
Statsråd Liv Signe
Navarsete [12:08:56]: Eg vil fyrst seie meg lei for dei problema
stenging av E18 fører til for trafikantane og for busetnaden
langs omkøyringsvegane.
Statens vegvesen har saman med politi og lokale
styresmakter fokusert sterkt på dette og følgjer nøye
utviklinga i trafikken på omkøyringsvegane. Mange
tiltak er alt gjennomførte: informasjon om alternative
køyreruter, betre skilting og oppmerking, fysiske utbetringar,
medrekna asfaltering, nedsett fart for å få betre
flyt i trafikken og auka overvaking frå politi.
I tillegg er ferjekapasiteten i sambandet Moss–Horten auka.
Til no har trafikkavviklinga på omkøyringsvegane
gått utan store problem. I dei største
utfartshelgane, som pinsa, kan me venteleg ikkje unngå kø.
Me veit òg at døgntrafikken er aukande, og at
han normalt er 25 pst. større i juli enn gjennomsnitt
for året. Difor har det vore særs viktig å kunne
få opne E18 att før fellesferien. Det
er no lagt opp til opning den 6. juli.
Me veit at trafikantane er flinke til å tilpasse
seg ved store og mellombelse endringar i tilbodet, både
ved å reise mindre, ved å endre tidspunkt
for reisa, ved å endre reiserute og ved å endre
reisemiddel. Det såg me seinast ved avviklinga av påskeferien.
Døgntrafikken på rv. 313, gamle E18, er no noko
mindre enn han var på E18 før raset
i Hanekleivtunnelen.
Me veit òg frå den nasjonale
reisevaneundersøkinga i 2005 og anna materiale
at reiser gjennom Vestfold i svært stor grad er besøksreiser
og ferie- eller fritidsreiser, at nær halvdelen
av all trafikk gjennom veka er på fredag og søndag,
og at om lag 70 pst. av alle reiser er med eigen bil. Det
vil sjølvsagt vere positivt om fleire nyttar
offentleg transport, slik representanten Jan Sahl peikar på.
Det er likevel slik at med den samansetjinga som er av
trafikken, er det spesielt utfordrande å overføre
nettopp slike reiser til offentleg transport.
Måndag den 30. april hadde eg eit møte
med m.a. dei transportselskapa som står for store delar
av kollektivtrafikken gjennom Vestfold. I dette møtet vart
det presentert ulike forslag som kan bidra til å leggje
betre til rette for forsterka kollektivtrafikk. Enkelte forslag
vert no gjennomførde, medan nokre vert vurderte fortløpande
opp mot dei faktiske problema som vil kunne oppstå når
trafikken aukar framover mot sommaren. Det vil så snart som
råd verte etablert kollektivfelt ved Bergsenga,
der trafikken frå nord vert ført over på gamle
E18. Det vil lett danne seg kø ved innsnevringa, og med
kollektivfelt vil kollektivtrafikken sleppe forbi denne køen.
Jan Sahl (KrF) [12:11:33]: Jeg merket meg at statsråden i veldig
stor grad gjentar svarene som er gitt til de to foregående
spørrerne, og de går i all hovedsak på de
tiltakene som er gjort på veisystemene. Det er veldig bra. Statsråden
skal ha ros for å ha vært særdeles aktiv
med å legge til rette for at man skal kunne avvikle
veitrafikken på en god og effektiv måte.
Dessverre er det nå av
ulike årsaker gått ganske lang tid siden
spørsmålet ble stilt. Derfor må jeg si
at jeg synes det er skuffende at statsråden melder tilbake
at en i prinsippet ikke har gjort noen ting
for å øke kollektivtrafikken. Miljø er
jo veldig høyt oppe på banen
for tiden, og vi vet at de områdene som nå får
ekstra trafikk, får en ekstra miljøbelastning.
Mitt spørsmål er: Hva er årsaken
til at en ikke har fokusert mer på å få økt
kollektivtrafikken?
Statsråd Liv Signe
Navarsete [12:12:38]: Når spørsmåla som
vert stilte til statsråden, er tilnærma like,
er det naturleg at òg svara må verte tilnærma
like.
Det har vore gjort ei god marknadsføring
frå kollektivselskapa si side, men som eg sa, er samansetjinga
av trafikken slik at det er vanskeleg å fange
opp all den auka trafikken i kollektivsystemet. Det handlar
for tog sin del rett og slett om å ha kapasitet på dei
aktuelle tidspunkta, når ein får ein så stor,
komprimert trafikk på fredag ettermiddag og søndag
kveld. Busselskapa, som er meir fleksible, har marknadsført sine
tilbod ekstra godt. Vi jobbar òg saman med dei
for ytterlegare å forsterke marknadsføringa av
eksisterande kollektivtilbod.
Jan Sahl (KrF) [12:13:31]: Så vidt jeg kjenner til, er det en
betydelig pendlertrafikk på Vestfoldbanen, og som statsråden
selv var inne på, viser det seg jo at nettopp
i slike situasjoner som vi nå er inne i, er folk
villige til å endre reisemønster. Når
det blir hindringer i veitrafikken, er det flere som velger kollektive
transportmidler. Derfor er det fra Kristelig Folkepartis side
forventet at man har en økt fokusering nettopp
på det.
Med den situasjonen som nå har
oppstått, vil jeg spørre statsråden om
hun til slutt vil gjøre noen vurderinger og se
på hvor stor økning i kollektivtrafikken en har
fått, og trekke noen konklusjoner med hensyn
til i hvor stor grad trafikantene er villige til å endre
sitt handlingsmønster. Dette kunne også være
en ypperlig anledning til å se om noen kanskje
ville endre sitt reisemønster totalt sett.
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:14:36]: Slike trafikkteljingar har jo kollektivselskapa.
På det nemnde møtet 30. april fekk eg opplyst
at det er vekst både for NSB på persontransport
og for busselskapa. Ein registrerer vekst. Det vert registrert,
så eg skal få tala på det. Dei kan sjølvsagt
representanten Sahl òg få tilgang til.
Eg er heilt samd med representanten Sahl i
at dette er ein interessant «case», også fordi
eg har teke til orde for m.a. vegprising. Alle
erfaringar frå andre land viser at dersom ein
skal få folk til å gå over frå bilkøyring
til kollektivtransport, er det ikkje nok med ei gulrot,
sjølv om me må ha kapasitet på kollektivfeltet.
Ein må òg ha restriksjonar på bilbruken.
Slik sett er dette eit spennande døme å granske òg
i ettertid for å sjå kva effekt dette har på folk sin
kollektivbruk. Eg håpar at svært mange no tek
kollektive reisemiddel, både gjer det for ettertida
og prøver ut den moglegheita, noko som eg trur
vil tene alle.