Stortinget - Møte onsdag den 26. november 2008 kl. 10

Dato: 26.11.2008

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 5

Line Henriette Holten Hjemdal (KrF) [11:59:51]: «Hvert år distribuerer Telenor ca. 6,8 millioner telefonkataloger til norske husstander og bedrifter. En undersøkelse fra Norsk Respons viser at bare én av fire brukte telefonkatalogen sist de trengte å finne et telefonnummer. Statsråden har på TV 2 lovet å speilvende ordningen, slik at bare de som ønsker telefonkatalogen, skal få den.

Hvilke tiltak har statsråden iverksatt for å sikre at bare de som ønsker telefonkatalogen, får den i 2009?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:00:29]: Det er viktig for folk å ha tilgang til ei oversikt over andre sine telefonnummer, og me er etter ekomlova forplikta til å tilby ei slik teneste. Ei slik oversikt har tradisjonelt vore gitt ut i form av ein trykt katalog, men bruk av Internett har ført til at fleire etter kvart bruker katalogopplysningar på nettet. Då Samferdsledepartementet inngjekk avtalen om leveringspliktige tenester med Telenor i 2004, tok Telenor på seg å gi ut katalogen både i trykt og elektronisk form. Telenor skal etter avtalen distribuere katalogen i trykt form til dei som ikkje har reservert seg mot å få ein slik katalog.

I 2004 var folks tilgang til og bruk av telefonkatalogen på Internett langt mindre enn no. Departementet meinte difor det var for tidleg å gå bort frå plikta til å distribuere trykte katalogar. På dei fire åra som er gått, har det skjedd ein auke i folks bruk av Internett generelt, og det er difor naturleg å sjå på saka på nytt.

Departementet har hatt kontakt med Telenor og Eniro, som trykkjer og distribuerer telefonkatalogen – dei «kvite sidene» – på vegner av Telenor. Eniro trykkjer og distribuerer dei andre katalogane, Gule Sider og Ditt Distrikt, på eige initiativ. Det er viktig å vere klar over at departementet ikkje kan hindre verken Eniro, som gir ut katalogen på vegner av Telenor, eller andre i å gi ut telefonkatalogar på eiga hand dersom dei ynskjer det.

Telenor og Eniro har sidan mars 2007 sett i gang ei rekkje tiltak for å forbetre reservasjonsordninga, slik at berre dei som ynskjer katalog, skal få det. Dei har m.a. informert i brev om lag 150 andre aktørar i marknaden om tiltaka, dei har lagt inn informasjon i nye opplag av katalogen, sendt 200 000 e-postar til alle Telonor sine e-postkundar og kundebrev til alle Telenor sine fakturakundar i tredje kvartal 2007. Vidare er det ein peikar på Telenor si heimeside som gjer det mogleg å reservere seg. Det er òg mogleg å reservere seg via Eniro si heimeside. Eniro har òg ringt opp alle bedrifter eller brukarar som mottek meir enn ti katalogar, og spurt om behovet. Katalogane vert dessutan no inndelte fylkesvis, med unntak av Troms og Finnmark. Det fører til lågare forbruk av papir.

Når det gjeld distribusjonen av katalogane, har Telenor vorte pålagt å syte for at dei idrettslaga som gjer denne jobben, skal få betre opplæring og meir nøyaktige distribusjonslister. Det er òg sett i gang auka etterkontroll for å syte for at det ikkje vert liggjande att uavhenta katalogar.

Det er viktig at det skal vere enkelt å få ein trykt katalog. Samstundes er det viktig at dei som ikkje ynskjer å få ein slik katalog, på ein enkel og tilfredsstillande måte skal sleppe det.

Telenor og Eniro har nyleg gjort greie for nedgangen i talet på katalogar frå 2007 til 2008 for departementet. Totalt er opplaget av «kvite sider» og Gule Sider redusert med 541 000 katalogar, noko som er ein nedgang på 13 pst. Når det gjeld papirforbruket, er det redusert med 1 702 tonn, dvs. 31 pst.

Det er pr. november 2008 registrert i alt 226 317 personar som har reservert seg, og ca. 3 000 personar har registrert seg kvar månad i 2008.

Departementet vil i tida framover følgje nøye med på effekten av dei tiltaka som er sette i gang, og korleis reservasjonsordninga verkar. Me vil òg sjå nærare på kor mange telefonkatalogar som vert kasta. Me vil i samarbeid med Telenor og Eniro ta sikte på å finne fram til ei løysing som alle sluttbrukarar er best mogleg tente med. Ei slik løysing vil kunne vere å spegelvende den gjeldande ordninga, slik at ho går frå å vere ei reservasjonsordning til ei tingingsordning for «kvite sider», slik at alle som ynskjer trykt katalog, vil måtte be spesielt om å få han. Det vil vere både positive og negative sider ved å gå over til ei slik ordning, og vurderinga vil måtte sjåast i lys av erfaringane med dei tiltaka som er sette i verk for å betre den noverande ordninga.

Line Henriette Holten Hjemdal (KrF) [12:04:40]: Jeg takker for svaret. Som statsråden selv var inne på, har det skjedd en utvikling fra 2004 til 2007 og 2008 når det gjelder nedgang i antall personer som ønsker å motta telefonkatalogen i trykt form. I brevet som ble sendt fra departementet i mars 2007, heter det at det skal lages en evalueringsordning for å føre tilsyn med den forbedrede reservasjonsordningen som det legges opp til. Denne evalueringsordningen skulle starte første halvår i 2008, stod det i brevet. Mitt spørsmål er da: Hva har man kommet fram til med denne evalueringsordningen, og hvilke konsekvenser vil det få for distribusjon av katalogen i 2009?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:05:39]: Det som eg oppsummerte i mitt svar, er resultatet av status i saka pr. i dag. Det er ingen tvil om at det er brukarar som ynskjer å få telefonkatalogen. Det gjeld spesielt eldre. Bruk av Internett har jo først og fremst eksplodert blant yngre menneske, mens mange eldre vil kome til å sakne katalogen. Viss me skal spegelvende prinsippet, som absolutt er eit spørsmål som me vurderer no, må me òg sikre oss at dei som treng å få katalogen, skal få han utan at det skal verte unødvendig heft og plunder for dei. Det håpar eg at me skal finne ei løysing på. Som sagt vil me no følgje med vidare på kva som skjer. Me ser at reservasjonsordninga slik ho er no, verkar.

Line Henriette Holten Hjemdal (KrF) [12:06:47]: Jeg er helt enig med statsråden i at de som ønsker å få katalogen, skal få den, og de som ikke ønsker den, skal ha mulighet for å reservere seg. Det er ulike grunner til at man velger å ha en katalog i trykt form og ikke bruke Internett.

Men mitt spørsmål gjaldt den evalueringsordningen som departementet har bedt Telenor sette i verk for å se på de endringene som ble lagt inn i reservasjonsordningen. Er det slik å forstå at denne ikke er satt i gang, eller at det ikke foreligger noe resultat av denne evalueringsordningen foreløpig?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:07:30]: Den er sett i gang, men eg har pr. i dag ikkje fått dei konkrete tilbakemeldingane, berre jamlege tilbakemeldingar, som er oppsummerte i det hovudsvaret som eg gav. Eg trur at det viktigaste i denne saka, dersom me vel å gå for eit spegelvendingsprinsipp, er at me er trygge på at det vert ei ordning som gjer at dei som trass alt treng å få katalogen, får han. Det er jo det utryggleiken har gått på. Delvis er ikkje Internett og breiband godt nok utbygd i heile landet enno – ein har breiband, men kapasiteten for effektivt og raskt å kunne kome på nett er ikkje like god over alt. I tillegg er det framleis aldersgrupper – sjølvsagt mange i alle aldersgrupper, men spesielt blant dei eldre – som ikkje bruker Internett pr. i dag. Men me følgjer utviklinga nøye, og me ser at det har vore akselererande bruk av reservasjonsretten. Det er me fornøgde med.

Presidenten: Spørsmål 6 er allerede besvart.