Stortinget - Møte onsdag den 26. november 2008 kl. 10

Dato: 26.11.2008

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 7

Vera Lysklætt (V) [12:08:49]: Mitt spørsmål går til kommunal- og regionalministeren:

«I løpet av 2008 er det kommet to rapporter som viser at de offentlige tiltakene for å skaffe seg og beholde bolig ikke virker etter hensikten. Riksrevisjonen og Norsk institutt for by- og regionforskning har påvist at mange av dem som trenger det mest, faller utenom ordningene. Reglene for bostøtte, startlån og boligtilskudd i Husbanken er for kompliserte, for lite målrettede og for dårlig samordnet.

Er statsråden åpen for å prøve ut å la et boligbyggelag i en kommune forvalte startlån og la dem konkurrere med kommunen?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:09:39]: Dei to rapportane det her blir vist til, peiker på fleire svakheiter ved dei bustadsosiale ordningane. Ordningane når ikkje ut til alle dei vanskelegstilte, m.a. fordi mange fell utanfor bustøtteordninga, samstundes med at dei har for låg inntekt til å få startlån. Dette er utfordringar som Regjeringa vil gjera noko med.

I St.prp. nr. 1 for 2008–2009 for budsjettåret 2009 programkategori 13.80 kap 580 bostøtte har Regjeringa lagt fram forslag om ei kraftig styrking av bustøtteordninga. Framlegget er 7. november i år følgt opp med St.prp. nr. 11, Ei styrkt bustøtte, der vi gjer nærare greie for framlegga til endringar i bustøtteordninga. I dag blir vanskelegstilte handsama ulikt i bustøtteordninga, og mange fell utanfor ordninga sjølv om dei har svært låg inntekt og høge buutgifter. Me føreset at 50 000 nye husstandar vil få bustøtte med den nye ordninga. Regjeringa legg til grunn at ei styrkt bustøtte er eit av dei mest treffsikre tiltaka vi kan setja inn for å hindra at vanskelegstilte fell utanfor dei bustadsosiale ordningane. Regjeringa vil òg sjå på andre tiltak for å hindra at vanskelegstilte fell utanfor ordningane, m.a. tiltak for å auka bruken av startlån og leggja til rette for fleire kommunalt disponerte utleigebustader.

Startlån er eit viktig verkemiddel for bustadetablering for unge og vanskelegstilte. Sidan ordninga vart innført i 2003, har 412 av 430 kommunar teke ho i bruk. Mange kommunar bruker ordninga aktivt. Det er eit mål at alle i målgruppa for ordninga skal ha høve til å bli vurderte for startlån. Husbanken arbeider difor kontinuerleg for å stimulera til meir aktiv bruk.

I tillegg vil Kommunal- og regionaldepartementet i nær framtid vurdera ulike tiltak for å auka bruken av startlån. Svaret er såleis ja, eg har ei open haldning til å sjå nærare på om bustadbyggjelag kan forvalta startlån, og kjem til å vurdera det nærare.

Vera Lysklætt (V) [12:12:16]: Jeg takker for svaret og har følgende oppfølging:

Jeg fikk med meg at statsråden hadde møte med en rekke aktører innen boligsektoren i går. Til flere medier uttalte statsråden i etterkant av møtet at startlån er en godt bevart hemmelighet. Hva vil statsråden gjøre for å sikre at langt flere blir kjent med og får dra nytte av startlånet?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:12:42]: På den eine sida har altså 412 av 430 kommunar teke ordninga i bruk. Samtidig treffer eg stadig nokon som ikkje kjenner denne ordninga. Difor er det desto viktigare, ikkje minst i denne tida, å gjera startlånet meir kjent. Det er pengar som kommunane låner inn, og som dei deretter låner ut. Det er eit lån som kan brukast til etablering, men det er òg eit lån som kan brukast til refinansiering, noko mange har bruk for akkurat nå. Eg har bedt Husbanken gjera det dei kan for å gjera lånet kjent. Eg har òg bedt om at dei utnyttar handlingsrommet så langt dei kan, og eg sender no eit eige brev til alle kommunar og gjer dei merksame på korleis dei no kan nytta startlånet òg til refinansiering.

Vera Lysklætt (V) [12:13:48]: Jeg takker også for dette svaret, og har et siste spørsmål.

Det har i noen kommuner, bl.a. Hasvik, Steinkjer og Vestre Toten, vært gjennomført et forsøk med delt risiko mellom stat og kommune fra første krone for startlån. Vil statsråden vurdere å gjøre dette til en permanent ordning?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:14:11]: Dette forsøket omfattar 15 kommunar. Det er enno ikkje evaluert. Det er nok viktig at det fyrst får verka den stunda det skal, og at det så blir evaluert, men det er altså eit forsøk som nettopp er meint å bidra til at endå fleire kommunar tek opp større startlån, og at dei bruker det meir aktivt, altså at fleire får del i det. Det eg kan seia, er at eg skal sjå på kva verknadene er, lytta til dei kommunane som dette gjeld, for eg er altså oppteken av at startlånet skal brukast endå meir aktivt enn i dag. Eg har med glede registrert at kommunar som f.eks. Lørenskog no har teke inn dobbelt så mykje i startlån som i fjor, for å hjelpa fleire av innbyggjarane sine.