Stortinget - Møte onsdag den 22. april 2009 kl. 10

Dato: 22.04.2009

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 3

Leif Helge Kongshaug (V) [11:42:46]: Jeg ønsker å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«Myndighetene har satt sikkerhetskrav til flyplassene. Det arbeides nå flere steder med planer om utvidelser av rullebaner for å tilfredsstille disse kravene. Dette gjelder blant annet Kristiansund lufthavn, Kvernberget. Det er kommet signaler om at utbyggingen vil bli utsatt, i verste fall lagt på is.

Hva vil statsråden gjøre for at den planlagte framdriften blir opprettholdt?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:43:18]: Regjeringa er oppteken av å ha eit godt og tenleg flytilbod i heile landet. Dette er ein viktig del av satsinga frå Regjeringa på å ta heile landet i bruk, og sikre vekst og utvikling i lokalsamfunn i heile landet.

Samfunnsoppdraget til Avinor er å drive eit landsomfattande nett av lufthamner og ei samla flysikringsteneste. Avinor skal sjølv i størst mogleg grad finansiere verksemda gjennom eigne inntekter og intern samfinansiering.

Avinor står overfor store investeringar dei neste åra, og har utfordringar med å finansiere alle investeringane. Utfordringane har vorte skjerpa ved at både passasjertalet og inntektene har falle den siste tida som følgje av den internasjonale finanskrisa. Eg har stor forståing for dei utfordringane som dette fallet i passasjertalet gir, både for flyselskapa og for Avinor.

Avinor vart omgjort til et statsaksjeselskap i 2003, og er såleis ansvarleg for sine eigne investeringar. Selskapet står no overfor krevjande avvegingar mellom å gjere investeringar i prosjekt som sikrar den økonomiske bereevna til selskapet på lang sikt, og prosjekt som er naudsynte for at selskapet skal kunne vareta samfunnsoppdraget på kort og lang sikt.

I byrjinga av april vedtok Avinor å utsetje investeringar i tryggleiksområde og lysanlegg på fleire lufthamner, m.a. Kristiansund lufthamn, Kvernberget. Dette er investeringar som er naudsynte for å oppfylle krava i føresegna om utforming av store flyplassar. Ei utsetjing av investeringane kan føre til at Luftfartstilsynet stiller krav om kompenserande tiltak, noko som kan medverke til redusert transportstandard på desse lufthamnene.

Når det gjeld Kvernberget, har Avinor dessutan inngått ein kontrakt med Rullebaneutvidelse AS om å utvide rullebana til 2 000 meter. Utvidinga av rullebana og tryggleiksområda må gjennomførast samstundes.

Eg har enno ikkje full oversikt over kva konsekvensane av vedtaket i Avinor vil vere, og vil be Luftfartstilsynet om å kome med ei vurdering av saka. Det må likevel vere klart at eg ikkje kan akseptere ein vesentleg reduksjon i transportstandarden på nokon lufthamn. Eg viser til Soria Moria-erlæringa, som slår fast at flyplasstrukturen skal haldast ved lag.

Eg har tidlegare varsla ei stortingsmelding om verksemda i Avinor no i vår. Som følgje av utviklinga den siste tida er det naudsynt for meg å gå grundig gjennom rammevilkåra for Avinor, og vurdere desse opp mot dei oppgåvene selskapet er sett til å løyse. Det er viktig for meg at Avinor får rammevilkår som set dei i stand til både å utføre samfunnsoppdraget og å sikre ei god drift på kort og lang sikt. Dette arbeidet er eg i full gang med. Resultata av desse vurderingane vil eg kome attende til i stortingsmeldinga.

Leif Helge Kongshaug (V) [11:46:01]: Jeg har jo forståelse for at det ikke kan gis et eksakt ja eller nei på mitt spørsmål. Jeg vil bare understreke at Kristiansund lufthavn, Kvernberget, er en viktig flyplass på lik linje med mange andre flyplasser rundt om i distriktet. Det gjelder ikke bare den ordinære rutetrafikken, men også som base for oljevirksomheten som er i dag, og for framtidige etableringer når det gjelder oljevirksomhet.

Jeg vil også understreke det lokale engasjementet som er der oppe. Vi har Atlanterhavstunnelen som skal åpnes snart, der det er en lokal finansiering på omtrent 600 mill. kr som et riksvegprosjekt. Når det gjelder Kvernberget lufthavn, er det samlet inn 55 mill. kr fra næringslivet, fra bedrifter for øvrig og fra skoler og kommuner, så det er et fantastisk engasjement rundt det.

Mitt spørsmål blir da: Er det ikke riktig, i en tid med problemer med sysselsettingen, at slike planlagte prosjekt blir en realitet istedenfor at man på andre måter bruker penger over statsbudsjettet for å holde sysselsettingen oppe?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:47:08]: Eg er heilt samd med representanten i beskrivinga av kor viktig Kvernberget er for næringsliv og lokalsamfunn og òg i at det er viktig å kunne ha ein god progresjon i dei utbyggingane som skal skje både på Kvernberget og på dei andre lufthamnene.

Når det gjeld andre tiltak, er det klart at dei òg er tiltak som er sterkt ynskte. Dei tiltaka som ligg i tiltakspakka frå Regjeringa, er òg tiltak som er nødvendige, og som det er viktig å få utført, så det er ingen motstrid mellom det. Men eg ser jo poenget med at i ei tid der det kan finnast kapasitet i arbeidsmarknaden og økonomien, bør ein òg sikre å få gjort nødvendige grep, og det er nettopp det eg arbeider med, å sjå på korleis me saman med Avinor kan finne gode løysingar. Og eg er oppteken av at tryggingsutbygginga ikkje skal vike plass, for tryggleiken må uansett kome fyrst anten det gjeld luftfart, eller det gjeld annan type samferdsle.

Leif Helge Kongshaug (V) [11:48:18]: Jeg takker igjen for svaret, og jeg setter min lit til at statsråden gjør det hun kan for at planene for Kvernberget lufthavn blir realisert. Det vil fortone seg noe underlig hvis de planene som nå er omtrent ferdig – alt ligger klart til utbygging – blir stoppet på grunn av mangel på penger, for samtidig motiveres jo kommuner og andre til å komme med prosjekt – og det er mange gode prosjekt selvfølgelig – for å øke sysselsettingen. Det blir oppfattet som rart i lokalsamfunnet.

Så er det jo slik da at luftfarten er syklisk, og jeg er enig med statsråden i at flyplasser er viktig i et distriktsperspektiv, og også med tanke på å ha kompetansearbeidsplasser ute i distriktene. Derfor er vi veldig spent på den meldingen som kommer, hvilke tiltak som vil komme for at Avinor skal bli et viktig redskap i distriktssammenheng når det gjelder både bosetting og kompetansearbeidsplasser i distriktene.

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:49:25]: Eg er igjen særdeles samd i beskrivinga til representanten av kor viktig Avinor er, og luftfarten er, både for distrikt og for næringsutvikling i heile landet, ikkje minst i kystområde med stor verdiskaping og lange avstandar til ein marknad og lange avstandar for dei som arbeider i ulike bedrifter, når ein skal på møte og til og frå ulike ærend. Det er jo det som er grunnen til at Regjeringa i Soria Moria-erklæringa har sagt at me vil halde oppe talet på flyplassar i den grad ein ikkje lokalt finn andre løysingar. Nokon gjer det, og det er me sjølvsagt i god dialog med dei kommunane om.

Eg var i Nord-Noreg i går, og til liks med Nordmøre er det der store avstandar, og det vart stadig understreka kor viktig det er med luftfarten, der ein ser på han nesten som eit kollektivtilbod. Så her har me felles mål, og Regjeringa skal stå på for å gjere jobben i forhold til luftfarten i Noreg.